Heim Blogg Side 349

Presiserer retten til nynorske lærebøker

0

Ifølgje opplæringslova har skuleelvar rett på læremiddel på eiga målform, og det er skuleeigar sitt ansvar å syte for at dei får det. No kjem snart nye forskrifter som har til føremål å presisere dette ytterlegare.

Forslag til nytt kapittel 17 i forskrift til opplæringslova har vore på høyring i vinter. Føremålet med å endre forskriftene er å klargjere elevanes rettar i høve læremiddel, heiter det i høyringsbrevet frå Utdanningsdirektoratet. Vidare heiter det at sjølv om verken Staten eller skuleeigaren kan bestemme kva målform skulebøker blir produserte på, så har skuleeigaren ansvaret for å tilby elevane bøker på båe målformer til same tid og lik pris.

Den nye forskrifta har og samla definisjonane på kva som er læremiddel og kva som ikkje er det i eitt punkt. Medan den gjeldande forskrifta også omtalar korleis programvare kjem inn under denne lova, er programvare heilt utelate i dei nye forskriftene. Dette har fleire av høyringsinstansane reagert på. LNK har i si fråsegn peikt på at forskriftene til opplæringslova står særskild nemnd i stortingsmeldinga om norsk språk, Mål og meining. Her heiter det at programvare som elevar bruker i undervisninga skal liggje føre på båe målformer.

Forslag til nye forskrifter til opplæringslova er oversendt Kunnskapsdepartementet.

Meir nynorsk barne – tv

0

NRK Sogn og Fjordane har fått ei bestilling på 12 nye episodar med nynorsk barne-tv frå Sogn og Fjordane, og desse er no under produksjon, skriv Porten.no

– I Barne-tv kvar torsdag fram til sommaren møter du born frå fylket. NRK Sogn og Fjordane har laga 5 nye program til serien ”Her er eg” i Barne-tv på NRK 1, opplyser Tone Lin Støfring i NRK Sogn og Fjordane.

Torsdag 18. juni kan du møte Synne Veum frå Sogndal. Ho hadde ein hund som heitte Bamse. Den beit ho i ansiktet, og derfor måtte den dø. No ventar Synne på at ho og familien skal få ein ny hund. Ho saknar Bamse, men gler seg likevel til å møte den nye hunden, skriv Porten.no.

Og i tillegg har NRK Sogn og Fjordane fått ei bestilling på 12 nye episodar som no er under produksjon.

Krev at norskopplæringa for innvandrarar blir styrka

0

Statsborgarprøve eller ikkje, Noregs Mållag krev at det skal finnast fullgode læremiddel på nynorsk for innvandrarar som skal lære norsk.

Det er ei kjend sak for n ynorskkommunane at det finst lite materiell for norskopplæring for vaksne på nynorsk.

– Det betyr at dei innvandrarane som buset seg i ein av dei over hundre nynorskkommunane her i landet ofte blir tvungne til å lære seg bokmål. Dette hindrar ei fullgod integrering. Det skapar problem når ein skal skaffe seg arbeid. Det skapar problem når ungane lærer seg nynorsk på skulen, noko foreldra ikkje har fått opplæring i, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård i ei pressemelding.

– Uansett om det blir ein obligatorisk prøve eller ikkje, må det kom eit løft i arbeidet med norskopplæringa for innvandrarar. Nynorsk læremateriell må på plass, seier Øvregård.

Vil skjerpe krav til nye statsborgarar

0

Regjeringa meiner innvandrarar må bestå ei prøve i norsk språk og norsk samfunnskunnskap for å få innvilga statsborgarskap.

I dag er det ingen krav til språkkunnskap eller kjennskap til Noreg og norske forhold. Regjeringa vil endre på dette, og foreslår å innføre ei statsborgarskapsprøve.

– Det vil vere ein test som seier noko om du har grunnleggjande kunnskapar i norsk og om Noreg. Vi vil innføre ein statsborgarprøve, seier statssekretær Libe Rieber-Mohn i Arbeids- og inkluderingsdepartementet til NRK.

Timetalet for norsk- og samfunnsfag som innvandrarar er pliktige å ta del på, blir dobla frå 300 til 600 timer.

Dei som gjennomfører denne undervisninga, og som står på den avsluttande prøven, slepp å ta statsborgarprøva i tillegg.

– Det viktigaste er å stille krav og å vere tydelege på forventningane om at flest mogleg skal integrerers i det norske samfunnet, seier Rieber-Mohn.
Regjeringa får utan atterhald støtte til forslaget frå Framstegspartiet.

– Dette er første gong på fire år det er grunn til å skryte av regjeringa, og då skal eg verkeleg gjere det. Dette er eit gammalt Frp-forslag vi har fremja fleire gonger, og alle dei andre partia har gått imot det, seier innvandringspolitisk talsmann Per-Willy Amundsen. (©NPK)

Levande historier på nettet

0

ABM – utvikling søkjer no dine historier til nettportalen Digitalt Fortalt. Digitalt Fortalt vart lansert 3. februar 2009 og er ABM-utvikling si satsing i Kulturminneåret 2009.

Levande historier på nettet

0

ABM – utvikling søkjer no dine historier til nettportalen Digitalt Fortalt.

Digitalt Fortalt vart lansert 3. februar 2009 og er ABM-utvikling si satsing i Kulturminneåret 2009.

Under LNK sitt landsting i Loen etterlyste direktør i ABM – utvikling, Gunnar Urtegård, fleire levande og personlege historier til nettportalen.

– Me treng fleire historier frå folk flest. Noko av det viktigaste for å få det til er å skape god dialog med publikum, slår han fast.

I tillegg skal ABM – utvikling blant anna arrangere forteljarkurs i alle fylke for å ivareta den gamle tradisjonen. På Digitalt Fortalt kan ein blant anna lese om samlekassettane kultur – og kyrkjeminister Trond Giske laga på 80 – talet.

Les meir på Digitalt Fortalt

Etterlyser nyskaping

0

Tron Bach er tilsett som samfunnsutviklar i Tysnes kommune. Prosjektet 3012 skal gi fleire innbyggarar og vekst i lokalsamfunnet.

Dahle attvald som leiar

0

Jan Magne Dahle frå Ørsta kommune er attvald som leiar i LNK. Med seg i styret får han kultursjef i Lærdal kommune, Astrid Myran Aarvik, ordførar i Vågå kommune, Rune Øygard,ordførar i Sauda kommune, Laura Seltveit og ordførar i Ullensvang Solfrid Borge.

– Vanskeleg å snu flyttestraumen

0

Flyttestraumen frå bygda og inn til byen kan bli vanskeleg å snu, meiner professor ved University of Oxford, Stein Ringen.

– Nynorsk nyttig i møte med innflyttarar

0

Nynorsk kan vere nyttig for ein kommune i møte med innflyttarar og innvandrarar, meiner kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. Det sa ministeren då ho snakka om kommunal omdømmebygging på landsmøtet til LNK i Loen.

– Språk er suksessfaktor

0

God språkopplæring er suksessfaktor nummer ein for kommunar som ønskjer å bli gode på arbeidsinnvandring. Det seier Kristine Kopperud Timberlid, rådgjevar i NAV Eures.

Etterlyser nyskaping

0

Tron Bach er tilsett som samfunnsutviklar i Tysnes kommune. Prosjektet 3012 skal gi fleire innbyggarar og vekst i lokalsamfunnet.

Bach har brei erfaring frå ulike hotellverksemder og viste sjølv interesse for jobben då Tysnes kommune søkte ein samfunnsutviklar.

– Eg kjente kommunen i veldig liten grad då eg byrja. Men eg hadde inntrykk av at det var ein laidback kommune, ein snill, hyggeleg og litt gammelmodig kommune. Kanskje litt forsiktig. Men det var ei spanande oppgåve, meiner han.

Det var under LNK sitt landsting i Loen Bach presenterte utfordringane i øykommunen Tysnes. Kommunen hadde eit overordna mål om å nå 3012 innbyggarar i løp av det to-årige prosjektet som snart går inn i det siste halvåret. i 2008 auka folketalet med 20 personar medan ein har mista 8 personar første kvartal i 2009. Back legg vekt på at dette er ein tidkrevjande prosess.

– Dette er ein prosess som tek tid. Skulle ein fått til alt dette på to år må ein springe 60 – meteren konstant. Å bygge opp eit omdømme i kommunen vil ta tid. Men det er viktig å starte prosjektet. Målet å vere å finne det unike som me kan marknadsføre oss med.

I løpet av prosjektet har mellom anna Tysnes fått sitt eige slagord: Gudeøya Tysnes. Framtid på historisk grunn. Eit slagord som vart til i i samarbeid med lokalbefolkninga i kommunen. Bakgurnnen for slagordet er i følge Bach alle namna i området som har norrøne tradisjonar.

Tron Bach etterlyser no meir innovativ tankegang i øykommunen. Han ser gjerne at fleire unge og nyskapande mennesker slår seg ned i kommunen.

– Kommunen er knakande god på lovpålagde oppgåver, men me strever med lite innovative tiltak. Og me har ein utfordrande demografi med mange eldre innbyggarar, seier samfunnsutviklaren.

Prosjektet 3012 er finansiert via eit spleiselag mellom kommune og fylkeskommune.