Heim Blogg Side 350

– Vanskeleg å snu flyttestraumen

0

Flyttestraumen frå bygda og inn til byen kan bli vanskeleg å snu, meiner professor ved University of Oxford, Stein Ringen.

– Dei som flyttter frå bygda til byen er i dag ofte motivert av eit livstilsval, i motsetnad til før då ein gjerne måtte flytte. Eg trur det blir vanskeleg å snu denne flyttestraumen, det vil kreve mykje av kommunane, spesielt dei små distriktskommunane. Eg har trur på ein struktur med små kommunar, men eg trur ikkje alle kan vere sjølvhjelpte med tenester. Kommunane burde bli flinkare på arbeidsfordeling og samarbeid. Men det trur eg er vanskeleg å gjennomføre, slo han fast under landstinget til LNK i Loen.

Han la også vekt på at ein aukande del av befolkninga i Noreg er innvandrarar. I 2008 vaks folketalet på landsbasis med 62.000 personar, 42.000 av desse representerer eit innvandringsoverskot.

– Me er i ferd med å bli ein kulturelt samansett befolkning, meiner Ringen.

I 2008 kom det 14.400 polakkar til landet via arbeidsinnvandring. Samstundes som arbeidsinnvandringa aukar legg Stein Ringen vekt på at ein no ser ein aukande tendens til at fleire polakkar no reiser attende til sitt heimland.

– I Storbritania har me sett dette ei stund allereie, men det byrjar også å bli ein tendens i Noreg, seier han.

Sjølv om arbeidsinnvandringa i Noreg er stor, viser Ringen til at dei som flytter ut av landet for å arbeide er forsvinnande få.

Dahle attvald som leiar

0

Jan Magne Dahle frå Ørsta kommune er attvald som leiar i LNK.

– Nynorsk nyttig i møte med innflyttarar

0

Nynorsk kan vere nyttig for ein kommune i møte med innflyttarar og innvandrarar, meiner kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. 

Målpris til Hordaland Teater

LNK sin Pris for offentleg målbruk 2009 går til ein særs viktig kulturinstitusjon på Vestlandet, nemleg Hordaland Teater.

Vil ha meir nynorsk i riksmedia

0

Styreleiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Jan Magne Dahle, meiner mange redaktørar i riksmedia diskriminerer nynorsken. På den andre sida meiner han unge nynorskbrukande journalistar som Ronny Brede Aase i P3 og Ingvill Tandstad i NRK Østlandssendingen er gull verdt i målkampen.

Det var i landsmøtetalen under opninga av landstinget til LNK på Alexandra Hotel i Loen tidlegare i dag styreleiaren sette fokus på det han meiner er diskriminering av nynorsken.

– Vi treng difor nasjonale politikarar som kan seie til redaktørar i riksmedia at kravet om måljamstelling i redaksjonane ikkje har noko med autoritære styresett å gjere, men derimot er det i Ivar Aasen si ånd eit demokrati- og nasjonsbyggingsprosjekt. Det vil heller ikkje føre til normløyse og kaos i redaksjonane om ein aukar talet på tillatne målformer frå ei til to, seier Dahle.

Blant anna trakk han i talen fram Tor Fuglevik sitt uspel om at ein bør setje nynorskkrav til dei avisene som får pressestøtte. Fuglevik var tilsett i NRK i ei årrekkje, medlem i Norsk Redaktørforening i over 25 år og medlem av Språkrådet i om lag fire år. I eit innlegg i Dagens Næringsliv i midten av januar seier Fuglevik mellom anna følgjande:

”Det er mindre enn fem år siden Stortinget satte som overordnet mål at nynorsk og bokmål skal sikres som fullverdige, likestilte bruksspråk i det norske samfunnet. Så lenge nynorsk stenges ute av de nasjonale mediehusene, kan dette overordnede målet umulig nås. Og før denne situasjonen opphører, er norsk som språk heller ikke fullt ut samfunnsbærende.”

– Fuglevik sin bodskap er at det må setjast krav til den som får direkte pressestøtte (300 millionar kroner i året) og til dei som får indirekte støtte i form av fritak for meirverdiavgift (1300 millionar kroner i året). Han viser til stortingsmeldinga ”Mål og meining” og hevdar at Stortinget bør ta eit oppgjer med den langvarige og systematiske nynorskdiskrimineringa ved til dømes å gjere momsfritaket om til direkte, målretta pressestøtte og knyte som vilkår til støtta at dei nasjonale mediehusa ikkje berre gir nett- og papirjournalistane sine fridom i målform, men aktivt arbeider mot ein nærare bestemt prosentdel nynorsk, meiner Jan Magne Dahle og seier vidare:

– Tor Fuglevik får positiv respons for meiningane sine i regionaviser medan Bernt Olufsen i VG og Hilde Haugsgjerd i Aftenposten går i vranglås og Dagbladet i stor grad nyttar den kjende utvegen å snakke om noko anna og tilleggje motdebattantane meiningar dei ikkje har. Dei nasjonale mediehusa får viljen sin ved at kulturdepartementet og dermed regjeringa og stortingsfleirtalet ikkje vil røre ved prinsippet om at val av målform er ein del av redaktørplakaten. Og Tor Fuglevik får ikkje vervet som 2. vara i Oslo Redaktørforening. Han er ikkje til stades på årsmøtet, men han skulle gjerne ha vore vitne til dramatikken. Elles tek han ikkje tapet svært tungt.

Dahle meiner trekk fram språkmeldinga Mål og meining som den store og positive hendinga for nynorsk sidan førre landsting.

– Desse argumenta og mange fleire finn vi i ”Mål og meining”. Det er difor på tide at vi forlangar mindre arroganse og meir klokskap i nokre store redaksjonar. Dersom det ikkje skjer, og nasjonal språkpolitikk blir medvete sabotert, så bør sabotasjen vere unntatt frå statsstøtte i milliardklassen, slår han fast.

Dahle trekk også fram dei unge nynorskbrukande journalistane som ei motvekt i debatten.

– Etter mitt syn er unge folk som Ronny Brede Aase og Ingvill Tandstad gull verdt for nynorsken. Dei gjer nynorsken kjent som radiospråk og bruksspråk i ungdomsmiljø. Det kan ha som verknad at andre ungdommar blir meir frimodige til å halde på skriftspråket sitt, det kan motverke fordommar, og det kan gjere det lettare for bokmålsungdom å betre kompetansen sin og resultata sine i norsk som fag, seier Dahle.

– Ingvill Tandstad vil at nynorsk skal vere eit nasjonalt språk, og ho nyttar det som journalist og programleiar i NRK Østlandssendingen. Det blir ikkje upåtalt, men ho let usaklege tilbakemeldingar vere det dei er. For sin konsekvente nynorskbruk har ho svært fortent fått Alf Helleviks mediemålpris. Lat meg også ta med den siste prisvinnaren som enno ikkje har fått prisen sin. Prisen vil bli delt ut under Dei Nynorske Festspela i år. 22 år gamle Ronny Brede Aase får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2009. Han er ein sprek og særeigen språksjonglør som har arbeidd som platepratar i NRK P3 i snart to år og har merkt seg ut som nynorsk- og dialektbrukar i radioen og som bloggskrivar i ungdomskanalen, seier Dahle.

Landstinget til LNK starta opp i dag i Loen.

Satsar på nynorsk nettavis

0

Prosjektet ”Ung til sinns- på Nett” er ei nettsatsing på nyheiter med fokus på kultur, ungdom og regionalt stoff. Målgruppa er ungdom og folk som er ”unge til sinns”.

Målpris til Hordaland Teater

0

LNK sin Pris for offentleg målbruk 2009 går til ein særs viktig kulturinstitusjon på Vestlandet, nemleg Hordaland Teater.

Landstinget opnar i dag

Landstinget set fokus på tre tema: Omdømmebygging, arbeidsinnvandring og vekst og vern.

I år er landstinget lagt til Stryn, og det varar i tre dagar. Her på LNK.no vil du finne nyhende frå landstinget. Sjå samlesida: Landstinget 2009

Vil ha meir nynorsk i riksmedia

0

Styreleiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Jan Magne Dahle, meiner mange redaktørar i riksmedia diskriminerer nynorsken. På den andre sida meiner han unge nynorskbrukande journalistar som Ronny Brede Aase i P3 og Ingvill Tandstad i NRK Østlandssendingen er gull verdt i målkampen.

Det var i landsmøtetalen under opninga av landstinget til LNK på Alexandra Hotel i Loen tidlegare i dag styreleiaren sette fokus på det han meiner er diskriminering av nynorsken.

– Vi treng difor nasjonale politikarar som kan seie til redaktørar i riksmedia at kravet om måljamstelling i redaksjonane ikkje har noko med autoritære styresett å gjere, men derimot er det i Ivar Aasen si ånd eit demokrati- og nasjonsbyggingsprosjekt. Det vil heller ikkje føre til normløyse og kaos i redaksjonane om ein aukar talet på tillatne målformer frå ei til to, seier Dahle.

Blant anna trakk han i talen fram Tor Fuglevik sitt uspel om at ein bør setje nynorskkrav til dei avisene som får pressestøtte. Fuglevik var tilsett i NRK i ei årrekkje, medlem i Norsk Redaktørforening i over 25 år og medlem av Språkrådet i om lag fire år. I eit innlegg i Dagens Næringsliv i midten av januar seier Fuglevik mellom anna følgjande:

”Det er mindre enn fem år siden Stortinget satte som overordnet mål at nynorsk og bokmål skal sikres som fullverdige, likestilte bruksspråk i det norske samfunnet. Så lenge nynorsk stenges ute av de nasjonale mediehusene, kan dette overordnede målet umulig nås. Og før denne situasjonen opphører, er norsk som språk heller ikke fullt ut samfunnsbærende.”

– Fuglevik sin bodskap er at det må setjast krav til den som får direkte pressestøtte (300 millionar kroner i året) og til dei som får indirekte støtte i form av fritak for meirverdiavgift (1300 millionar kroner i året). Han viser til stortingsmeldinga ”Mål og meining” og hevdar at Stortinget bør ta eit oppgjer med den langvarige og systematiske nynorskdiskrimineringa ved til dømes å gjere momsfritaket om til direkte, målretta pressestøtte og knyte som vilkår til støtta at dei nasjonale mediehusa ikkje berre gir nett- og papirjournalistane sine fridom i målform, men aktivt arbeider mot ein nærare bestemt prosentdel nynorsk, meiner Jan Magne Dahle og seier vidare:

– Tor Fuglevik får positiv respons for meiningane sine i regionaviser medan Bernt Olufsen i VG og Hilde Haugsgjerd i Aftenposten går i vranglås og Dagbladet i stor grad nyttar den kjende utvegen å snakke om noko anna og tilleggje motdebattantane meiningar dei ikkje har. Dei nasjonale mediehusa får viljen sin ved at kulturdepartementet og dermed regjeringa og stortingsfleirtalet ikkje vil røre ved prinsippet om at val av målform er ein del av redaktørplakaten. Og Tor Fuglevik får ikkje vervet som 2. vara i Oslo Redaktørforening. Han er ikkje til stades på årsmøtet, men han skulle gjerne ha vore vitne til dramatikken. Elles tek han ikkje tapet svært tungt.

Dahle meiner trekk fram språkmeldinga Mål og meining som den store og positive hendinga for nynorsk sidan førre landsting.

– Desse argumenta og mange fleire finn vi i ”Mål og meining”. Det er difor på tide at vi forlangar mindre arroganse og meir klokskap i nokre store redaksjonar. Dersom det ikkje skjer, og nasjonal språkpolitikk blir medvete sabotert, så bør sabotasjen vere unntatt frå statsstøtte i milliardklassen, slår han fast.

Dahle trekk også fram dei unge nynorskbrukande journalistane som ei motvekt i debatten.

– Etter mitt syn er unge folk som Ronny Brede Aase og Ingvill Tandstad gull verdt for nynorsken. Dei gjer nynorsken kjent som radiospråk og bruksspråk i ungdomsmiljø. Det kan ha som verknad at andre ungdommar blir meir frimodige til å halde på skriftspråket sitt, det kan motverke fordommar, og det kan gjere det lettare for bokmålsungdom å betre kompetansen sin og resultata sine i norsk som fag, seier Dahle.

– Ingvill Tandstad vil at nynorsk skal vere eit nasjonalt språk, og ho nyttar det som journalist og programleiar i NRK Østlandssendingen. Det blir ikkje upåtalt, men ho let usaklege tilbakemeldingar vere det dei er. For sin konsekvente nynorskbruk har ho svært fortent fått Alf Helleviks mediemålpris. Lat meg også ta med den siste prisvinnaren som enno ikkje har fått prisen sin. Prisen vil bli delt ut under Dei Nynorske Festspela i år. 22 år gamle Ronny Brede Aase får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2009. Han er ein sprek og særeigen språksjonglør som har arbeidd som platepratar i NRK P3 i snart to år og har merkt seg ut som nynorsk- og dialektbrukar i radioen og som bloggskrivar i ungdomskanalen, seier Dahle.

Landstinget til LNK starta opp i dag i Loen.

100-årsmarkering av stemmeretten

0

To kvinnesaksgrupper gjorde Stortinget merksame på at det i 2013 er 100 år sidan vi fekk allmenn stemmerett i landet. No blir det feiring.

Det var i april i år at to organisasjonar sendte brev til Stortinget og gjorde merksame på det føreståande jubileet. Då hadde Stortinget allereie planane klare for ei markering og jubilering i høve Grunnlova sin 200-årsdag i 2014. 

No kan Barne- og likestillingsdepartementet fortelje at saka er sendt til embedsmanssgruppa for likestilling, ei gruppe kor alle departementa er representerte. Dei skal ha ein idedugnad den 3. juni saman med alle aktuelle organisasjonar. På møtet reknar dei med å få nedsett ein komitè som skal arbeide vidare med å planlegge korleis hundreårsmarkeringa av stemmeretten skal føregå over heile landet. Departementet opplyser vidare at det vil bli sett av midlar til feiringa.

Må forsvare nynorskbruk i Posten

0

Kulturdepartementet ber Samferdsledepartementet forklare korleis dei følgjer opp Postens eigne vedtekter for målbruk.

Saka har kome opp etter at Kulturdepartementet vart gjort merksame på det nesten ikkje var råd å finne noko informasjon nynorsk på nettsidene til Posten Norge ASA.

Førsteamanuensis Aud-Kirsti Pedersen ved Institutt for språkvitenskap ved Universitetet i Tromsø prøvde å finne eit flytteskjema på nynorsk, men til fann det ikkje. Ho fann i det heile tatt ikkje mykje nynorsk på www.posten.no, noko ho gjorde Posten merksame på. Posten svara at dei held seg innanfor dei 25 prosenta med nynorsk dei må ha, og at ein ikkje kunne forvente at heile nettstaden skal vere på nynorsk.

Pedersen dermed sendte saka vidare til Kulturdepartementet og Språkrådet. Departementet har sjølve leita og ikkje funne mykje nynorsk på nettstaden. Kulturdepartementet meiner båe målformer bør synast att i Postens nettstsider, og dei har no sendt saka vidare til Samferdsledepartementet.

Kjelde: Nationen.no

Nynorskpris til P3-journalist

0

Ronny Brede Aase (22) i NRK P3 har fått Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2009.

– Eg kan vel ikkje seie at eg byrja å le? Vinnaren av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, 22 år gamle Ronny Brede Aase, har så vidt vakna av sjokket då den den humørfylte og sprudlande P3-programleiaren må svare på korleis han reagerte då han fekk den store nyheita.

Av 30 nominerte var det han som stakk av med årets nynorskpris for journalistar, som Kulturdepartementet deler ut.

– Eg vart glad, stolt og overraska – eg visste jo ikkje at eg var nominert ein gong!

Ronny Brede Aase er «platepratar» og bloggar i P3. I snart to år har førdianaren teke P3-lyttarane med verbal storm både på dag- og nattetid. Når juryen trekkjer fram at «Ronny Brede Aase tykkjest å vere ein stolt nynorskbrukar», kan prisvinnaren ikkje nekte for det:

Stolt
– Ja, eg er stolt av språket mitt. Og det er jo heilt naturleg å bruke språket sitt!

– Korleis er det å vere dialektbrukar frå Sunnfjord i P3?

– Det er kjempegøy! Eg har frie tøylar og møter ingen motstand i leiinga eller blant kollegaene. Tvert om støttar dei opp og heiar på dialektbruken min. Det som òg er litt tøft er at det jo ikkje er sjukt vanleg med dialektbrukarar som meg, til dømes i Radio Norge og P4.

– Legg du band på deg i dialektbruken?

– Ikkje så mykje. Men det er ikkje noko poeng å bruke uttrykk som er så spesielle at den jamne lyttar ikkje forstår dei. Eg seier til dømes ikkje «hi sida». Det forstår rett og slett ikkje folk.

«Slitsom sunnmøring»
– Møter du språkleg motbør frå lyttarane?

– Mest av alt får eg skryt. Mange lyttarar skriv meldingar og seier at dialekten min er fin og dei lurer på kvar eg kjem frå. Men eg har fått ein hatmail der eg blir omtalt som «han der slitsomme sunnmøringen». Hehe!

– Er nynorsk/nynorsknære dialektar kult?

– Ja, det er jo det. Så lenge nynorsken er tilgjengeleg, levande og at han eksisterer ute blant folk. Eg har ikkje tru på at ungdom til dømes skal lære ein nynorsk som på ein måte ikkje finst i dag.

Ikkje freista
– Mange unge går over til å skrive bokmål når dei tek til på vidaregåande og på høgare utdanning. Du var ikkje blant dei?

– Eg har aldri vore freista til å svikte! Men eg vart tvinga til å skrive bokmål i studentavisa ved Høgskulen i Halden. Men eg likte det ikkje. Bokmål var utruleg stivt og kjenslelaust. Eg uttrykkjer meg mykje betre på nynorsk.

– Du omset SMS-ar til ditt eige språk på direkten i eit forrykande tempo. Er ikkje det vanskeleg?

– Nei, det går bra. 90 prosent av SMS-ane er på bokmål. Eg vil ikkje lese dei på bokmål, men fortelje innhaldet. Då må eg bruke mitt eige språk.

– Du får m.a. 50.000 kroner som prov på at du er prisvinnar. Det er ein bra slump pengar det…

– Hehe, naturlegvis. Dei kjem godt med. Eg har ein BSU-konto (Bustadsparing for ungdom) som skal fyllast opp.

– Og så blir det vel litt att til CD-kjøp?

– Å ja! Det blir nok litt fråtsing på Platekompaniet.

Homer får avløysing
– Har du ein ledig vegg til kunstverket som du òg får?

– Det ordnar vi! Eg tippar at det no vil passe bra å skifte ut ein Homer Simpson-plakat på veggen, seier ein audmjuk prisvinnar.

– Eg er kanskje ein nynorskoutsider. Ikkje står eg på barrikadane og eg er nok sikkert ikkje ein perfekt nynorskbrukar. Men dette var utruleg stas, seier Ronny Brede Aase.

(NPK- Geirmund Henjum, foto: Sandra Lund-Andersen / NRK)