Heim Nyhende - Språk er suksessfaktor

– Språk er suksessfaktor

God språkopplæring er suksessfaktor nummer ein for kommunar som ønskjer å bli gode på arbeidsinnvandring. Det seier Kristine Kopperud Timberlid, rådgjevar i NAV Eures.

– Det å kunne språket er avgjerande for at ein utanlandsk arbeidstakar skal fungere godt på jobb og privat, seier Timberlid.

I tillegg til å ha skikkeleg språkopplæring rår NAV arbdeidsgjevarar til å tenkje heilskapleg når dei skal rekruttere frå utlandet. Jobb til partnaren, barnehageplass til ungane, presentasjon av lag og organisasjonar, innføring i korleis lokalsamfunnet fungerar, slike ting tel mykje for kor godt eit slikt tilsetjingsforhold skal gå.

– Vår erfaring er at dei som får ein god velkomstsørvis i stor grad er dei som blir verande i kommunen, seier Kristine Kopperud Timberlid.

Samarbeider med Europa

Timberlid er ein av 40 tilsette i NAV som jobbar direkte med arbeidsinnvandring gjennom programmet Eures. Eures står for European employment services og er eit samarbeid mellom arbeidsmarknads-etatane i EU, EØS-landa og Sveits. Hovudoppgåva deira er å leggje til rette for at arbeidsgjevarar kan rekruttere arbeidskraft frå utlandet, men og å hjelpe nordmenn som vil ut av landet for å arbeide.

Tilbodet har eksistert i 15 år, men har til ein viss grad vore ein godt bevart hemmelegheit, seier Timberlid. No er imidlertid behovet for utanlandsk arbeidskraft blitt så stort at NAV Eures har måtte utvide. I dag sit det ein rådgjevar i kvart fylke, i tillegg til leiinga i Oslo.

Fleire kommunar får råd

– Vi ser at behovet for utanlandsk arbeidskraft kjem til å auke i offentleg sektor også i framtida, spesielt innan helsesektoren, seier Timberlid. – Vår intensjon er å få fleire arbeidsgjevarar til å tenkje rekruttering heller enn mellombels tilsejting.

Timberlid fortel at det og blir stadig fleire og fleire offentlege organ som brukar NAV Eures sine tenester, i tillegg til det private næringslivet.

– Dette er ein trend vi ønskjer skal halde fram, seier NAV-rådgjevaren

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...