Heim Nyhende Vil ha meir nynorsk i riksmedia

Vil ha meir nynorsk i riksmedia

Styreleiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Jan Magne Dahle, meiner mange redaktørar i riksmedia diskriminerer nynorsken. På den andre sida meiner han unge nynorskbrukande journalistar som Ronny Brede Aase i P3 og Ingvill Tandstad i NRK Østlandssendingen er gull verdt i målkampen.

Det var i landsmøtetalen under opninga av landstinget til LNK på Alexandra Hotel i Loen tidlegare i dag styreleiaren sette fokus på det han meiner er diskriminering av nynorsken.

– Vi treng difor nasjonale politikarar som kan seie til redaktørar i riksmedia at kravet om måljamstelling i redaksjonane ikkje har noko med autoritære styresett å gjere, men derimot er det i Ivar Aasen si ånd eit demokrati- og nasjonsbyggingsprosjekt. Det vil heller ikkje føre til normløyse og kaos i redaksjonane om ein aukar talet på tillatne målformer frå ei til to, seier Dahle.

Blant anna trakk han i talen fram Tor Fuglevik sitt uspel om at ein bør setje nynorskkrav til dei avisene som får pressestøtte. Fuglevik var tilsett i NRK i ei årrekkje, medlem i Norsk Redaktørforening i over 25 år og medlem av Språkrådet i om lag fire år. I eit innlegg i Dagens Næringsliv i midten av januar seier Fuglevik mellom anna følgjande:

”Det er mindre enn fem år siden Stortinget satte som overordnet mål at nynorsk og bokmål skal sikres som fullverdige, likestilte bruksspråk i det norske samfunnet. Så lenge nynorsk stenges ute av de nasjonale mediehusene, kan dette overordnede målet umulig nås. Og før denne situasjonen opphører, er norsk som språk heller ikke fullt ut samfunnsbærende.”

– Fuglevik sin bodskap er at det må setjast krav til den som får direkte pressestøtte (300 millionar kroner i året) og til dei som får indirekte støtte i form av fritak for meirverdiavgift (1300 millionar kroner i året). Han viser til stortingsmeldinga ”Mål og meining” og hevdar at Stortinget bør ta eit oppgjer med den langvarige og systematiske nynorskdiskrimineringa ved til dømes å gjere momsfritaket om til direkte, målretta pressestøtte og knyte som vilkår til støtta at dei nasjonale mediehusa ikkje berre gir nett- og papirjournalistane sine fridom i målform, men aktivt arbeider mot ein nærare bestemt prosentdel nynorsk, meiner Jan Magne Dahle og seier vidare:

– Tor Fuglevik får positiv respons for meiningane sine i regionaviser medan Bernt Olufsen i VG og Hilde Haugsgjerd i Aftenposten går i vranglås og Dagbladet i stor grad nyttar den kjende utvegen å snakke om noko anna og tilleggje motdebattantane meiningar dei ikkje har. Dei nasjonale mediehusa får viljen sin ved at kulturdepartementet og dermed regjeringa og stortingsfleirtalet ikkje vil røre ved prinsippet om at val av målform er ein del av redaktørplakaten. Og Tor Fuglevik får ikkje vervet som 2. vara i Oslo Redaktørforening. Han er ikkje til stades på årsmøtet, men han skulle gjerne ha vore vitne til dramatikken. Elles tek han ikkje tapet svært tungt.

Dahle meiner trekk fram språkmeldinga Mål og meining som den store og positive hendinga for nynorsk sidan førre landsting.

– Desse argumenta og mange fleire finn vi i ”Mål og meining”. Det er difor på tide at vi forlangar mindre arroganse og meir klokskap i nokre store redaksjonar. Dersom det ikkje skjer, og nasjonal språkpolitikk blir medvete sabotert, så bør sabotasjen vere unntatt frå statsstøtte i milliardklassen, slår han fast.

Dahle trekk også fram dei unge nynorskbrukande journalistane som ei motvekt i debatten.

– Etter mitt syn er unge folk som Ronny Brede Aase og Ingvill Tandstad gull verdt for nynorsken. Dei gjer nynorsken kjent som radiospråk og bruksspråk i ungdomsmiljø. Det kan ha som verknad at andre ungdommar blir meir frimodige til å halde på skriftspråket sitt, det kan motverke fordommar, og det kan gjere det lettare for bokmålsungdom å betre kompetansen sin og resultata sine i norsk som fag, seier Dahle.

– Ingvill Tandstad vil at nynorsk skal vere eit nasjonalt språk, og ho nyttar det som journalist og programleiar i NRK Østlandssendingen. Det blir ikkje upåtalt, men ho let usaklege tilbakemeldingar vere det dei er. For sin konsekvente nynorskbruk har ho svært fortent fått Alf Helleviks mediemålpris. Lat meg også ta med den siste prisvinnaren som enno ikkje har fått prisen sin. Prisen vil bli delt ut under Dei Nynorske Festspela i år. 22 år gamle Ronny Brede Aase får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2009. Han er ein sprek og særeigen språksjonglør som har arbeidd som platepratar i NRK P3 i snart to år og har merkt seg ut som nynorsk- og dialektbrukar i radioen og som bloggskrivar i ungdomskanalen, seier Dahle.

Landstinget til LNK starta opp i dag i Loen.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...