Heim Nyhende Nynorskpris til P3-journalist

Nynorskpris til P3-journalist

Ronny Brede Aase (22) i NRK P3 har fått Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2009.

– Eg kan vel ikkje seie at eg byrja å le? Vinnaren av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, 22 år gamle Ronny Brede Aase, har så vidt vakna av sjokket då den den humørfylte og sprudlande P3-programleiaren må svare på korleis han reagerte då han fekk den store nyheita.

Av 30 nominerte var det han som stakk av med årets nynorskpris for journalistar, som Kulturdepartementet deler ut.

– Eg vart glad, stolt og overraska – eg visste jo ikkje at eg var nominert ein gong!

Ronny Brede Aase er «platepratar» og bloggar i P3. I snart to år har førdianaren teke P3-lyttarane med verbal storm både på dag- og nattetid. Når juryen trekkjer fram at «Ronny Brede Aase tykkjest å vere ein stolt nynorskbrukar», kan prisvinnaren ikkje nekte for det:

Stolt
– Ja, eg er stolt av språket mitt. Og det er jo heilt naturleg å bruke språket sitt!

– Korleis er det å vere dialektbrukar frå Sunnfjord i P3?

– Det er kjempegøy! Eg har frie tøylar og møter ingen motstand i leiinga eller blant kollegaene. Tvert om støttar dei opp og heiar på dialektbruken min. Det som òg er litt tøft er at det jo ikkje er sjukt vanleg med dialektbrukarar som meg, til dømes i Radio Norge og P4.

– Legg du band på deg i dialektbruken?

– Ikkje så mykje. Men det er ikkje noko poeng å bruke uttrykk som er så spesielle at den jamne lyttar ikkje forstår dei. Eg seier til dømes ikkje «hi sida». Det forstår rett og slett ikkje folk.

«Slitsom sunnmøring»
– Møter du språkleg motbør frå lyttarane?

– Mest av alt får eg skryt. Mange lyttarar skriv meldingar og seier at dialekten min er fin og dei lurer på kvar eg kjem frå. Men eg har fått ein hatmail der eg blir omtalt som «han der slitsomme sunnmøringen». Hehe!

– Er nynorsk/nynorsknære dialektar kult?

– Ja, det er jo det. Så lenge nynorsken er tilgjengeleg, levande og at han eksisterer ute blant folk. Eg har ikkje tru på at ungdom til dømes skal lære ein nynorsk som på ein måte ikkje finst i dag.

Ikkje freista
– Mange unge går over til å skrive bokmål når dei tek til på vidaregåande og på høgare utdanning. Du var ikkje blant dei?

– Eg har aldri vore freista til å svikte! Men eg vart tvinga til å skrive bokmål i studentavisa ved Høgskulen i Halden. Men eg likte det ikkje. Bokmål var utruleg stivt og kjenslelaust. Eg uttrykkjer meg mykje betre på nynorsk.

– Du omset SMS-ar til ditt eige språk på direkten i eit forrykande tempo. Er ikkje det vanskeleg?

– Nei, det går bra. 90 prosent av SMS-ane er på bokmål. Eg vil ikkje lese dei på bokmål, men fortelje innhaldet. Då må eg bruke mitt eige språk.

– Du får m.a. 50.000 kroner som prov på at du er prisvinnar. Det er ein bra slump pengar det…

– Hehe, naturlegvis. Dei kjem godt med. Eg har ein BSU-konto (Bustadsparing for ungdom) som skal fyllast opp.

– Og så blir det vel litt att til CD-kjøp?

– Å ja! Det blir nok litt fråtsing på Platekompaniet.

Homer får avløysing
– Har du ein ledig vegg til kunstverket som du òg får?

– Det ordnar vi! Eg tippar at det no vil passe bra å skifte ut ein Homer Simpson-plakat på veggen, seier ein audmjuk prisvinnar.

– Eg er kanskje ein nynorskoutsider. Ikkje står eg på barrikadane og eg er nok sikkert ikkje ein perfekt nynorskbrukar. Men dette var utruleg stas, seier Ronny Brede Aase.

(NPK- Geirmund Henjum, foto: Sandra Lund-Andersen / NRK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...