Heim Nyhende Natur-lobbyistane

Natur-lobbyistane

7 år med lobbyarbeid. For ei einaste lov. Dersom den ikkje går igjennom, kan alt arbeidet vere bortkasta. Vi blei med Naturvernforbundet på den siste lobby-jobben før vedtaket.

– Eg har sett opp ti punkt som eg har tenkt å gå igjennom, seier Åshild Lappegård Lahn frå Natur og Ungdom.

Ho blir avbroten av Jan Thomas Odegard, generalsekretær i Naturvernforbundet.

– Ti punkt? seier han.

– Det er altfor mykje.

Dei ser på kvarandre. Åshild blar i nokre ark.

– Eg har jo alt laga ein Power Point. Men eg treng vel ikkje å bruke den.

Det er torsdag ettermiddag, klokka er halv fire. Rundt eit lågt bord ved inngangspartiet til Naturvernforbundet sine lokale i Oslo sentrum, rådar det ei hektisk og konsentrert stemning. Om ein knapp time skal Naturvernforbundet, som første organisasjon ut, halde innlegg i den offentlege høyringa om naturmangfaldslova på Stortinget.

Framfor medlemmane i Stortingets energi- og miljøkomité har dei fått fem minutt til å legge fram sitt syn på lovforslaget. Det er fem minutt med kommentarar til ei utgreiing på 900 sider. Det krev strategisk planlegging. Derfor sit dei rundt bordet: Jan Thomas, Åshild og Arnodd Håpnes, fagleiar for naturmangfald i Naturvernforbundet. Saman med WWF-Noreg har dei lagt ein felles strategi for høyringa, for å ikkje overkøyre kvarandre eller bruke verdifull tid til å snakke om dei same tinga. I løpet av dei siste fem minutta har dei raskt fordelt kven som skal fokusere på havet, og kven som skal snakke om skogen.

Arnodd blar i ein bunke ark med tettskrivne linjer, medan han hurtig noterer stikkord i margen. Dokument og utgreiingar fulle av innstukne bokmerke i form av gule post-it-lappar ligg på bordet framfor han.

– Skal vi prioritere å snakke om det som er bra? spør Åshild.

– Om vi begynner innleiinga negativt, vil det ofte høyrast ut som kritikk, samtykkjer Jan Thomas.

– Vi har fem minutt. Det må gå kjapt i svingane, så vi får fokusere så godt vi kan på overskriftene, legg han til, og ser på klokka.

– Då går vi om ti minutt.

Solid og fagleg argumentasjon
Naturvernforbundet er den største miljøvernorganisasjonen i Noreg, med 18700 medlemmar fordelt på rundt 100 lokallag. Lova som skal opp til offentleg høyring denne torsdagen, har vore gjenstand for målretta lobbyarbeid frå organisasjonens side i over sju år. Dei har hatt mange møte i ulike departement, sendt brev til politikarar, departement og komitear, delteke i høyringsrundar, hatt medieutspel og fremja konkrete saker.

– Når det gjeld ei lov som dette, som vi meiner det er svært nødvendig å få på plass, brukar vi alle høve til å minne Storting og regjering om ho, oppsummerar Arnodd.

– Kva er det viktigaste når ein lobbar?

– Å ha ein solid, fagleg argumentasjon i botnen. Den skal vere så godt som vasstett.

– Er det nokon måtar å lobbe på som er meir effektive enn andre?

– Å vise fram konkrete eksempel på kva som er iferd med å skje. Vi veit at mykje natur vert øydelagt, og når vi kan dokumentere det og vise det fram, er det det aller beste. Då har vi gode argument for å få politikarane til å forstå behovet for endring.

Kjempar i motvind
Men sjølv om Naturvernforbundet er ein stor organisasjon, med både fagleg tyngde og mange medlemmar i ryggen, kan dei ikkje ta for gitt å få gjennomslag for sakene dei brenn for.

– Ein av grunnane til at handsaminga av denne lova her teke så lang tid, er at mange tunge næringsaktørar ikkje har ønska den, seier generalsekretær Jan Thomas.

– Det har ført til at prosessen har blitt drege ut, legg han til.

– Mange store organisasjonar jobbar mot oss, både innan landbruk, skogbruk, fiskeri og ikkje minst oljeindustrien. Dei har store ressursar, og kan betale proffe lobbyistar, seier Arnodd.

– Og stilt overfor oss i Natur og Ungdom, som stort sett er studentar som brukar fritida på organisasjonsarbeidet, er motkreftene svært sterke, legg Åshild til.

– Er det ikkje lett å miste motet?

– Jo, det er klart. Våre viktigaste verkemiddel er å samle inn underskrifter og å aksjonere, medan oljeindustrien kan bruke millionar av kroner på kampanjar for å få fram sin bodskap. Ressursmessig kan vi ikkje samanliknast, seier ho.

– Men at Naturvernforbundet seier noko, kan vere eit argument i seg sjølv. Ting har ein heilt annan…

Jan Thomas leitar etter ordet.

– Tyngde?

– Lyd. Ting har ein heilt annan lyd når det kjem frå oss enn frå mange andre. Vi har ei fagleg tyngd, og vi er partipolitisk uavhengige. Men det betyr ikkje at vi ikkje er politiske. Vi foreslår ikkje kompromiss, men jobbar mot målet vi har sett oss.

Held seg til strategien
Kontrasten mellom den hektiske stemninga hos Naturvernforbundet og den avslappa, joviale stemninga som rår i gangen utanfor høyringsrommet på Stortinget er påtakeleg. Her har alle tilsynelatande full kontroll på både nervane og strategien. Mange av dei som skal halde innlegg sit tilbakelente i store stolar og snakkar lågmælt saman. Nye folk som kjem inn blir møtt med handhelsing og joviale «Takk for sist».

Åshild skil seg ut i mengda av menn og kvinner i førti- og femtiåra. Hedmarksjenta på 20 kjem til å vere den desidert yngste talaren denne dagen. Men også ho ser avslappa ut, der ho drikk av eit plastkrus med vatn og kikkar diskret i notatane sine.

Når dørene inn til høyringsrommet opnar, dress- og draktkledde politikarar finn fram til plassane sine, og tida for det første innlegget nærmar seg, spreier likevel ei nervøs kremting seg langs stolane der representantane ventar på taletid. Organisasjonane er her fordi det er mykje som står på spel med denne lova. Og alle vil gjerne at det er deira innspel som blir hugsa av komitémedlemmane. Då er det greitt å ha samordna strategien på førehand. Og både Naturvernforbundet og Natur og Ungdom held seg til strategien. Dei trekkjer fram det positive.

– Her er det mykje bra å forsvare. Det fleire ting vi synst er særleg bra, og som vi vil de skal vere merksame på, startar Jan Thomas frå Naturvernforbundet, medan han blir zooma inn på av to tv-kamera frå Stortingets nett-tv oppe på veggen.

Når det er Åshild sin tur, lener ho seg fram over bordet og smiler:
– Det er veldig bra at denne lova kjem no, for vi har ei lov som ikkje i stor nok grad klarer å ta vare på den verdifulle naturen vi har, startar ho.

– Vi synst det er veldig mykje bra i forslaget til naturmangfaldslova, held ho fram.

– Og vi er veldig glade for at vi no skal få ei mykje meir kunnskapsbasert forvaltning.

Ho smiler på nytt. Inga Marte Thorkildsen frå SV lener seg fram over bordet og kikkar interessert mot Åshild, før ho noterer noko på eit ark framfor seg. Det ser ut til at den positive strategien fungerar.

– Kvifor er det så viktig å legge vekt på det positive?

– Det er viktig for oss å framheve dei bra tinga i lovforslaget. Vi må gjere det tydeleg kva vi er nøgde med, seier Arnodd etter høyringa.

– Vi har hatt eit tett samarbeid med regjeringa, og vi føler at vi har blitt hørt. Då må vi stille opp og gje kred for den solide jobben som er gjort, og for det som er gjort godt, nikkar Jan Thomas.

Med ein gong dei kjem utanfor høyringsrommet, går han og Arnodd rett til neste strategi. Dei finn ein stille krok der dei skisserar ein e-post til komitésekretær Erling Sande, medan møtet inne i høyringsrommet rullar vidare på ein storskjerm på veggen framfor dei.

– Det verste for oss hadde vore dersom lova hadde blitt sendt tilbake til regjeringa for ny handsaming, og utgreiinga hadde teke tre nye år, seier generalsekretæren.

Tidkrevjande prosessar
For politiske prosessar er krevjande. Ting som organisasjonar får igjennom tidleg i prosessen, kan forsvinne ut av lovforslaga like fort som dei kom inn. Derfor er ei av lobbyistane sine viktigaste oppgåver å halde seg oppdaterte og å passe på kva som skjer, ifølgje dei to frå Naturvernforbundet.

– Dersom vi først har sett fokus på ei sak, har vi forplikta oss til å stå løpet ut. Viss vi ikkje passar på, kan fleire års arbeid vere bortkasta. Denne lova har teke sju år for vårt vedkommande, og først no ser det ut til at den går igjennom.

Det endelege vedtaket blir fatta før Stortinget tek sommarferie, står det på Stortingets heimesider. Ein skulle kanskje tru at Arnodd, Jan Thomas og Åshild klappar kvarandre på skuldrene og unnar seg ein kvil i bakken etter sju års lobbyverksemd. Slik er det ikkje. Tvert imot er det no det er på tide å ruste opp, meiner dei:

– Det er først når lova blir vedteken, at den får konsekvensar, seier Jan Thomas.

– Og det er då vår jobb eigentleg startar.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...