Heim Blogg Side 348

Fleire profesjonelle lobbyistar

0

– Finn ut kva du eigentleg ynskjer å oppnå, og ta kontakt tidleg i prosessen, er rådet frå Anne Therese Gullberg som har forska på lobbyisme, både nasjonalt og internasjonalt. Ho ser også at det stadig vert fleire profesjonelle lobbyistar.

I følgje Gullberg driv så godt som alle interesseorganisasjonane lobbyverksemd. Dette er kanalen der ein fritt kan ytre meiningane sine inn mot dei som tek beslutningane. Ofte er det kommune, fylke eller sentrale styresmakter som Stortinget og/eller regjeringa som er mottakaren.

– Organisasjonar som LO, NHO og Bellona har alltid vore aktive som lobbyistar. Dei bruker dei moglegheitene som finst og treng i liten grad profesjonell hjelp. Dei har eit apparat som kan dette, og mange av desse organisasjonane er store og tunge. Men eit mål med lobbyismen er jo at fleire stemmer skal bli høyrde, seier Anne Therese Gullberg.

– Presenter løysingar
Rådet til Gullberg er å ha ein klår og tydeleg bodskap for å få resultat som lobbyist.

– Og presenter løysingar for politikarane, det er viktig. Prøv å opne opp for dialog, poenget er å snakke med dei rette politikarane. Men problemet er ofte at ein har knapp tid.
Noko av det viktigaste er i følgje Anne Therese Gullberg å vite når ein bør ta kontakt.

– Start tidleg. Veldig mykje er gjort når forslaget er skrive og sendt til Stortinget. Det er viktig å vere med frå starten, slår ho fast.

Som lokalpolitikar eller lokal organisasjon er det viktig at bodskapen ikkje framstår som lokale særinteresser, men av allmenn interesse, meiner ho. For å klare å legge den beste planen i lobbyarbeidet tyr mange til profesjonell hjelp.

– Dei fleste bruker profesjonelle lobbyistar til å legge ein god strategi. Det er derimot sjeldan at dei profesjonelle lobbyistane tek kontakt. Politikarane vil gjerne møte dei ekte interessene, og ikkje nokon som har dette som jobb.

– Eit lite politisk system
Gullberg har eit inntrykk av at talet på profesjonelle lobbyistar aukar og legg vekt på at mange mindre organisasjonar som ikkje driv lobbyisme til vanleg kan ha glede av profesjonell hjelp.

– For dei er det ikkje naudsynt å ha denne kompetansen til vanleg, seier ho.

I EU – systemet er profesjonell lobbyisme ei stor næring. Men også her varierer det kva politikarane meiner om å møte desse profesjonelle ansikt til ansikt, fortel Gullberg.

– Sjølv om systemet i EU er større og det er fleire inngangsportar til dei som sit med makta, så dreier lobbyismen seg om mykje av det same som her i Noreg. Men Noreg er eit lite politisk system det er lett å orientere seg i. Det er lett å få ein avtale med beslutningstakarane her.

I 2003 presenterte Gullberg saman med forskar Leif Helland rapporten: ”Profesjonell lobbyisme: Norske eliters bruk av og holdninger”. Rapporten viste blant anna at arbeidsmetodane til interesselobbyistar og profesjonelle lobbyistar var relativt like. Av dei spurte stortingsrepresentantane meinte 37 prosent at profesjonelle lobbyistar har stor makt, 35,9 meinte private bedrifter hadde same makt, medan 58 prosent meinte arbeidstakarorganisasjonane hadde makt som lobbyistar.

Eit anna resultat i rapporten viste at det i stor grad var leiarar i privat næringsliv som nytta seg av profesjonelle lobbyistar.

Gullberg har også sett på korleis klimaorganisasjonar driv lobbyverksemd i EU – systemet.

Natur-lobbyistane

0

7 år med lobbyarbeid. For ei einaste lov. Dersom den ikkje går igjennom, kan alt arbeidet vere bortkasta. Vi blei med Naturvernforbundet på den siste lobby-jobben før vedtaket.

– Eg har sett opp ti punkt som eg har tenkt å gå igjennom, seier Åshild Lappegård Lahn frå Natur og Ungdom.

Ho blir avbroten av Jan Thomas Odegard, generalsekretær i Naturvernforbundet.

– Ti punkt? seier han.

– Det er altfor mykje.

Dei ser på kvarandre. Åshild blar i nokre ark.

– Eg har jo alt laga ein Power Point. Men eg treng vel ikkje å bruke den.

Det er torsdag ettermiddag, klokka er halv fire. Rundt eit lågt bord ved inngangspartiet til Naturvernforbundet sine lokale i Oslo sentrum, rådar det ei hektisk og konsentrert stemning. Om ein knapp time skal Naturvernforbundet, som første organisasjon ut, halde innlegg i den offentlege høyringa om naturmangfaldslova på Stortinget.

Framfor medlemmane i Stortingets energi- og miljøkomité har dei fått fem minutt til å legge fram sitt syn på lovforslaget. Det er fem minutt med kommentarar til ei utgreiing på 900 sider. Det krev strategisk planlegging. Derfor sit dei rundt bordet: Jan Thomas, Åshild og Arnodd Håpnes, fagleiar for naturmangfald i Naturvernforbundet. Saman med WWF-Noreg har dei lagt ein felles strategi for høyringa, for å ikkje overkøyre kvarandre eller bruke verdifull tid til å snakke om dei same tinga. I løpet av dei siste fem minutta har dei raskt fordelt kven som skal fokusere på havet, og kven som skal snakke om skogen.

Arnodd blar i ein bunke ark med tettskrivne linjer, medan han hurtig noterer stikkord i margen. Dokument og utgreiingar fulle av innstukne bokmerke i form av gule post-it-lappar ligg på bordet framfor han.

– Skal vi prioritere å snakke om det som er bra? spør Åshild.

– Om vi begynner innleiinga negativt, vil det ofte høyrast ut som kritikk, samtykkjer Jan Thomas.

– Vi har fem minutt. Det må gå kjapt i svingane, så vi får fokusere så godt vi kan på overskriftene, legg han til, og ser på klokka.

– Då går vi om ti minutt.

Solid og fagleg argumentasjon
Naturvernforbundet er den største miljøvernorganisasjonen i Noreg, med 18700 medlemmar fordelt på rundt 100 lokallag. Lova som skal opp til offentleg høyring denne torsdagen, har vore gjenstand for målretta lobbyarbeid frå organisasjonens side i over sju år. Dei har hatt mange møte i ulike departement, sendt brev til politikarar, departement og komitear, delteke i høyringsrundar, hatt medieutspel og fremja konkrete saker.

– Når det gjeld ei lov som dette, som vi meiner det er svært nødvendig å få på plass, brukar vi alle høve til å minne Storting og regjering om ho, oppsummerar Arnodd.

– Kva er det viktigaste når ein lobbar?

– Å ha ein solid, fagleg argumentasjon i botnen. Den skal vere så godt som vasstett.

– Er det nokon måtar å lobbe på som er meir effektive enn andre?

– Å vise fram konkrete eksempel på kva som er iferd med å skje. Vi veit at mykje natur vert øydelagt, og når vi kan dokumentere det og vise det fram, er det det aller beste. Då har vi gode argument for å få politikarane til å forstå behovet for endring.

Kjempar i motvind
Men sjølv om Naturvernforbundet er ein stor organisasjon, med både fagleg tyngde og mange medlemmar i ryggen, kan dei ikkje ta for gitt å få gjennomslag for sakene dei brenn for.

– Ein av grunnane til at handsaminga av denne lova her teke så lang tid, er at mange tunge næringsaktørar ikkje har ønska den, seier generalsekretær Jan Thomas.

– Det har ført til at prosessen har blitt drege ut, legg han til.

– Mange store organisasjonar jobbar mot oss, både innan landbruk, skogbruk, fiskeri og ikkje minst oljeindustrien. Dei har store ressursar, og kan betale proffe lobbyistar, seier Arnodd.

– Og stilt overfor oss i Natur og Ungdom, som stort sett er studentar som brukar fritida på organisasjonsarbeidet, er motkreftene svært sterke, legg Åshild til.

– Er det ikkje lett å miste motet?

– Jo, det er klart. Våre viktigaste verkemiddel er å samle inn underskrifter og å aksjonere, medan oljeindustrien kan bruke millionar av kroner på kampanjar for å få fram sin bodskap. Ressursmessig kan vi ikkje samanliknast, seier ho.

– Men at Naturvernforbundet seier noko, kan vere eit argument i seg sjølv. Ting har ein heilt annan…

Jan Thomas leitar etter ordet.

– Tyngde?

– Lyd. Ting har ein heilt annan lyd når det kjem frå oss enn frå mange andre. Vi har ei fagleg tyngd, og vi er partipolitisk uavhengige. Men det betyr ikkje at vi ikkje er politiske. Vi foreslår ikkje kompromiss, men jobbar mot målet vi har sett oss.

Held seg til strategien
Kontrasten mellom den hektiske stemninga hos Naturvernforbundet og den avslappa, joviale stemninga som rår i gangen utanfor høyringsrommet på Stortinget er påtakeleg. Her har alle tilsynelatande full kontroll på både nervane og strategien. Mange av dei som skal halde innlegg sit tilbakelente i store stolar og snakkar lågmælt saman. Nye folk som kjem inn blir møtt med handhelsing og joviale «Takk for sist».

Åshild skil seg ut i mengda av menn og kvinner i førti- og femtiåra. Hedmarksjenta på 20 kjem til å vere den desidert yngste talaren denne dagen. Men også ho ser avslappa ut, der ho drikk av eit plastkrus med vatn og kikkar diskret i notatane sine.

Når dørene inn til høyringsrommet opnar, dress- og draktkledde politikarar finn fram til plassane sine, og tida for det første innlegget nærmar seg, spreier likevel ei nervøs kremting seg langs stolane der representantane ventar på taletid. Organisasjonane er her fordi det er mykje som står på spel med denne lova. Og alle vil gjerne at det er deira innspel som blir hugsa av komitémedlemmane. Då er det greitt å ha samordna strategien på førehand. Og både Naturvernforbundet og Natur og Ungdom held seg til strategien. Dei trekkjer fram det positive.

– Her er det mykje bra å forsvare. Det fleire ting vi synst er særleg bra, og som vi vil de skal vere merksame på, startar Jan Thomas frå Naturvernforbundet, medan han blir zooma inn på av to tv-kamera frå Stortingets nett-tv oppe på veggen.

Når det er Åshild sin tur, lener ho seg fram over bordet og smiler:
– Det er veldig bra at denne lova kjem no, for vi har ei lov som ikkje i stor nok grad klarer å ta vare på den verdifulle naturen vi har, startar ho.

– Vi synst det er veldig mykje bra i forslaget til naturmangfaldslova, held ho fram.

– Og vi er veldig glade for at vi no skal få ei mykje meir kunnskapsbasert forvaltning.

Ho smiler på nytt. Inga Marte Thorkildsen frå SV lener seg fram over bordet og kikkar interessert mot Åshild, før ho noterer noko på eit ark framfor seg. Det ser ut til at den positive strategien fungerar.

– Kvifor er det så viktig å legge vekt på det positive?

– Det er viktig for oss å framheve dei bra tinga i lovforslaget. Vi må gjere det tydeleg kva vi er nøgde med, seier Arnodd etter høyringa.

– Vi har hatt eit tett samarbeid med regjeringa, og vi føler at vi har blitt hørt. Då må vi stille opp og gje kred for den solide jobben som er gjort, og for det som er gjort godt, nikkar Jan Thomas.

Med ein gong dei kjem utanfor høyringsrommet, går han og Arnodd rett til neste strategi. Dei finn ein stille krok der dei skisserar ein e-post til komitésekretær Erling Sande, medan møtet inne i høyringsrommet rullar vidare på ein storskjerm på veggen framfor dei.

– Det verste for oss hadde vore dersom lova hadde blitt sendt tilbake til regjeringa for ny handsaming, og utgreiinga hadde teke tre nye år, seier generalsekretæren.

Tidkrevjande prosessar
For politiske prosessar er krevjande. Ting som organisasjonar får igjennom tidleg i prosessen, kan forsvinne ut av lovforslaga like fort som dei kom inn. Derfor er ei av lobbyistane sine viktigaste oppgåver å halde seg oppdaterte og å passe på kva som skjer, ifølgje dei to frå Naturvernforbundet.

– Dersom vi først har sett fokus på ei sak, har vi forplikta oss til å stå løpet ut. Viss vi ikkje passar på, kan fleire års arbeid vere bortkasta. Denne lova har teke sju år for vårt vedkommande, og først no ser det ut til at den går igjennom.

Det endelege vedtaket blir fatta før Stortinget tek sommarferie, står det på Stortingets heimesider. Ein skulle kanskje tru at Arnodd, Jan Thomas og Åshild klappar kvarandre på skuldrene og unnar seg ein kvil i bakken etter sju års lobbyverksemd. Slik er det ikkje. Tvert imot er det no det er på tide å ruste opp, meiner dei:

– Det er først når lova blir vedteken, at den får konsekvensar, seier Jan Thomas.

– Og det er då vår jobb eigentleg startar.

– Viktigast med ein klar bodskap

0

Det er grunn til å legge ned ressursar i lobbyverksemd. For lobbyistane kan ha stor makt, ifølgje Gunnar Kvassheim i Venstre.
– Når lobbyistane klarer å få fram sider som eg ikkje var klar over, hender det at eg endrar synspunkt i ei sak, seier han.

Venstre-politikaren har vore Rogalands representant på Stortinget i snart 8 år, og er leiar for energi- og miljøkomitéen. Han merkar stor pågang frå lobbyistar.

– Pågangen er svært stor. Eg får har mange henvendelsar dagleg frå folk som vil ha kontakt med meg, fortel han.

– Kven er lobbyistane?

– Dei representerer alt frå oljeselskap til naturvernorganisasjonar, bransjeorganisasjonar og varmepumpeleverandørar.

Og nettopp at det er så stor variasjon i kvar representantane kjem frå, og kva mål dei har for sine møte med politikarane, gjer at Kvassheim var ein av bakmennene bak eit forslag om lobbyregister. Målet var å registrere alle møte mellom politikarar og lobbyistar.

–  Det er stor forskjell i kva ressursar dei ulike organisasjonane har. Dersom vi har eit register som viser kven som møter kven, kven som har betalt for kva, og kva ein har snakka om, blir det meir openheit rundt lobbyisme. Det er viktig å kunne sjå kven som har ressursar, og kvar spora går mellom dei og vedtaka. For det er ein samanheng mellom påverknadsarbeid og vedtaka som blir gjort.

– Kva er dei beste triksa?

– Det viktigaste er å ha ein klar bodskap. Ein bør ha eit klart fokus, og ikkje ei lang liste med ting ein ønskjer å gjere noko med. Det såg vi også på høringa til naturmangfaldslova, seier han, og viser til høringa der blant anna Naturvernforbundet og Natur og Ungdom deltok med innlegg.

– Organisasjonar som har mellom 15 og 20 ting som dei vil snakke om, mister politikarane si interesse. Ein må ha eit klart ærend. Det fungerar best.

– Er det noko som ikkje fungerar i det heile?

– Det er mange som ser ut til å ha ei liste over komitear og parti dei vil snakke med, utan at dei har heilt klart føre seg kva dei vil ha ut av møtet. Det vert nesten som eit rituelt løp, og det har liten verdi. Dersom ein har eit klart ærend, og ei sak som ein brenn for, er det mykje lettare å få gjennomslagskraft.

Byggjeskikkpris til Preikestolen

0

Preikestolen Fjellstue i Strand kommune i Rogaland er tildelt Statens byggjeskikkpris 2009.

– Preikestolen Fjellstue får Statens byggjeskikkpris fordi ho representerer framståande formgjeving der nyskapande trearkitektur, miljø og stadsforståing står i fokus, sa Regional- og kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa under prisutdelinga i Oslo onsdag.

Fjellstova, som vart opna i 2008, er teikna av arkitektfirmaet Helen & Hard. Arkitektane delte prisen med Stavanger Turistforening, som har vore byggherre.

Prisen er på 200.000 kroner og blir rekna som éin av dei mest prestisjetunge prisane innan norsk arkitektur- og byggjebransje. (NPK)

Skeptisk til valfri norskopplæring

0

Skeptisk til valfri norskopplæring

Av Toyni Tobekk 10.jun.2009

Norsk blir valfritt for lærarstudentar som skal undervise i 5. til 10. årstrinn. Det er ikkje LNK glad for.

– Norsk er reiskapsfaget, det som meir enn noko anna blir brukt i all undervisning, seier språkkonsulenten i LNK, Jan Magne Dahle. Dahle er styreleiar i LNK, utdanna lærar og jobbar med språklege oppgåver retta mot oppvekstsektoren og kulturen for LNK. Han er skeptisk til den nye lærarutdanninga som inneber at lærarstudentar no går ut i yrkeslivet utan å ha ei grunnleggjande norskopplæring med seg.

Ikkje obligatorisk
Bakgrunnen for den nye lærarutdanninga  er Stortingsmelding  11, Læreren – Rollen og utdanningen, som blei vedteken i april i år. Den legg opp til to hovudretningar i lærarutdanninga; ei som rettar seg mot 1. til 7. årssteg og ei for 5. til 10. årssteg. For lærarar som skal undervise i 5. til 10. årssteg blir det krav om ei sterkare profesjonsutdanning, ved at kvar lærar må fordjupe seg i tre fag. Kvart fag skal telje minst 60 studiepoeng, noko som svarar til eitt års høgskulestudium. Det blir ikkje stilt krav til kva fag lærarstudentane skal fordjupe seg i.

– Kva med dei lærarstudentane som ikkje vel norsk som eitt av dei tre faga, spør Dahle. 

– Vi treng lærarar med ein grunnleggjande kunnskap om norsk. Vi lever i eit IKT-samfunn der svært mykje informasjon skjer skriftlig, også i skulen. I tillegg har ein prøvar, meldingar, presentasjonar og skriftlege oppgåver som krev at læraren har eit godt språk.

Forskriftene til den nye lærarutdanninga krev rett nok at ein lærar må ha minst 60 studiepoeng i norsk for å få undervise i faget. Men Dahle peikar på at norsk femnar om mange fleire fag og arbeidsområde i skulen.

– Denne regjeringa har gjennom språkmeldingane Språk bygger broer og Mål og meining forplikta seg sterkt i språklege spørsmål. Det vil vere meiningslaust å ha ei lærarutdanning som ikkje syner dette i praksis, meiner Dahle.

Verst for nynorsken
I utgangspunktet skjeler ikkje LNK til målformer når dei meiner denne løysinga ikkje er optimal. Dahle ser likevel ikkje bort frå at denne dreiinga vekk frå norsk som eit obligatorisk fag vil gå meir ut over nynorsken enn andre fag. Nynorsken er allereie under press, og Dahle er redd for at ein ikkje vil få lærarar i nynorskområde med god nok kompetanse på nynorsk.

LNK er positive til mykje i stortingsmeldinga om den nye lærarutdanninga, seier Dahle. At ein legg opp til to retningar innan grunnskulen er LNK svært einige i. No håper Dahle og LNK at ein i relativt nær framtid vil få ei ytterlegare styrking av lærarutdanninga.

– Vi ønskjer oss ei femårig lærarutdanning og at norsk bli innført som obligatorisk fordjupningsfag.

Du kan lese LNK si fråsegn til Stortingsmelding 11, Læreren – Rollen og utdanningen her.

Fryktar auke i skjult gjeld

0

Kommunane si skjulte kortsiktige pensjonsgjeld er på 15 milliardar kroner, og gjelda er stadig stigande. Kommunenes sentralforbund er bekymra over auken i den skjulte gjelda.

Premieavviket ved pensjonskostnadene auka samla sett med 4,9 milliardar for norske kommunar i fjor, og er no altså kome opp i 15 milliardar. Ifølgje Kommunal Rapport er dette gjeldspostar som er vanskelege å forstå og som ikkje kjem så godt fram i rekneskapen.

Trass i at avviket ser ut til å bli noko mindre i år, meiner KS problemet med at kommunane skuver denne gjelda framføre seg og ikkje er merksame på ho, er noko som vil halde fram i åra framover.

Les heile saka på kommunal-rapport.no.

– Vil ha meir nynorsk barne-tv

0

Etableringa av NorDubb i Volda vil auka tilgangen på nynorsk barne-tv for NRK, seier den nyvalde leiaren i Kringkastingsringen, Martin Toft.

– Det vil ikkje lengre vera noko problem for verken NRK eller TV2 å få tak i barneprogram med nynorske røyster, seier ein nøgd Toft.

Det er ifølgje kringkastingsleiaren viktig at born møter ulike dialektar i fjernsynet. Ved at borna høyrer og gjenkjenner nynorsk vil dei få ein stolthet til sitt eige språk og sin eigen identitet. Eit auka mangfald i stemmer og dialektar vil også vera med å stimulera fantasien til borna, seier Toft. 

Aktuell problemstilling
Ifølgje NRK sin eigen årsrapport har nynorskdelen gått ned frå 2008, med unntak av NRK2. I denne rapporten er ikkje nynorskandelen i dei nye kanalane NRK3 og NRK Super med grunna manglande statistisk materiale.

– Sjølv om NRK dei siste åra har vist auka vilje til å gjera noko med nynorskprosenten har målet om 25 prosent aldri blitt nådd, fortel Toft. Medan nyhendeprogramma i TV2 og NRK er bra, har barne-tv hatt lite å syne til. I snitt var nynorskandelen i NRK 20 prosent i 2008, det var ein nedgang på 2 prosent frå året før.

Kringkastingsringen har dei siste åra nytta ein stor del av ressursane sine på å overtala NRK til å bruka endå meir dialekt og nynorsk i barneprogramma sine i fjernsynet.
– Med NRK si satsing på barnekanalen NRK Super har denne problemstillinga blitt endå meir aktuell, understrekar Toft.

Samstundes er han glad for at NRK har vist stor vilje til å la fleire barneprogram bli produserte utanfor Oslo, i Sogn og Fjordane og i Tromsø.

Rettleiande vaktbikkje
Hovudoppgåva for Kringkastingsringen er framleis å vera ei vaktbikkje for media. I dag jobbar dei tett opp mot både NRK og TV2 for å få dei til å oppretthalda minstekravet om 25 prosent nynorsk i kanalane.

– Det er viktig at nokon følgjer opp intensjonane til Stortinget så lenge kanalane har konsesjon. Kanalane sjølve har ingen sanksjonshøve, så det er opp til Kringkastingsringen å passa på, fortel Toft. Han meiner det er viktig å rettleia NRK i staden for å bruka pisk.

For dårleg innsats
Orsakingane til kanalane for mangel på nynorsktilbod er vage, og ein nyttar ofte bortforklaringar, som at ein manglar nynorske journalistar. Toft meiner mediekanalane må vera meir offensive og gjera ein ekstra innsats for å hanka inn journalistar med nynorskkompetanse ved hjelp av oppsøkjande arbeid.

Veldig mange av journalistane i VG og Dagbladet sit med nynorsk som hovudmål, men dei får ikkje høve til å nytta dette i redaksjonane sine, fortel Toft. Her bør tv-kanalane vera ute å henta inn ressursar.

Etter at Nynorsk mediesenter i Førde vart etablert for nærare 10 år sidan har Toft merka ei positiv utvikling.

– Det nynorske mediesenteret i Førde har bidratt sterkt til å auka prosenten på nynorsk i NRK, seier han.

Treng unge medlemer
I tillegg til å auka nynorskdelen i NRK og TV2 har Toft eit mål om å få rekruttera nye unge medlemer.

– Berre slik kan Kringkastingsringen halda fram med å påverka mediekanalane til å få opp prosenten med nynorsk og dialekt i TV2 og NRK, seier han. Det er viktig at born veks opp i den trua at deira språk ikkje er unormalt.

Høviske ord juni 2009

0

 

LNK-landstinget 2009 er over. Deltakarane har vonleg fått godt med faglege og sosiale stimuli og mykje påfyll.

Konferansedelen av landstinget hadde i år tre tema: Omdømebygging, arbeidsinnvandring og vern og vekst. Det er ikkje opplagt at desse områda har noko med kvarandre å gjera, men litt av målet med konferansen var å syna at det har dei:

Den største utfordringa for små og mellomstore kommunar frametter vert å rekruttera arbeidskraft – få folk til å ønskja å flytta til og bu i kommunane.  Dette postulatet kan høyrast merkeleg ut i ei tid der arbeidsløysa stig og mange vel å omskolera seg til yrke i sektorar som manglar arbeidskraft.

Sjølvsagt kan ein del av utfordringane løysast gjennom omorganisering: Alle kommunar treng ikkje ha alle sørvistilbod i gåavstand frå kommunesenteret. Det er mogleg å skapa gode tilbod i eit samarbeid med nabokommunar og. Dette kan føra til at det vert lettare å rekruttera kvalifisert personell. Og gjennom slike naboavtalar kan det vera lettare å oppretthalda folkevald styring over dei kommunale tilboda, enn når det vert oppretta til dømes  interkommunale aksjeselskap.

Men omsorgsyrka kjem til å ha bruk for å rekruttera stadig fleire medarbeidarar. I snitt kjem dei som er unge i dag til å leva til dei er hundre år, sa Stein Ringen i si innleiing. Dette er positivt, men det fører også med seg store utfordringar – ikkje minst for kommunane.

Utgangspunktet er ikkje så ille. Noreg er eit av dei få landa i Europa som har positiv folkevekst. Folketalet i kongeriket auka med 62 000 personar i fjor. Av desse var 42 000 inn-vandrarar.

Men me kan ikkje lena oss tilbake og slappa av med dette. Det er ikkje gitt at Noreg har nok tilgjengeleg arbeidskraft om ti år, sjølv om arbeidsløysa aukar nett no. Me har gjort oss heilt avhengige av arbeidsinnvandrarar innafor fleire sektorar. Det er ikkje berre berre å tinga mat på ein restaurant i Oslo, dersom du ikkje skjønar svensk. Og tek me ein tur innom ein norsk byggeplass, er det mange konsonantrike talemål å høyra. Ikkje lette å skjøna for dei fleste av oss, men vonleg forstår dei arbeidsleiarane sine.

Me ser tendensar til at tilbake-flyttinga har starta, først og fremst for arbeidsinnvandrarar, til dømes frå Polen. Graset i Noreg er ikkje så mykje grønare lenger, og det spirer og veks i heimlanda deira og.

Me har vore vande med at folk flyttar til Noreg av di dei må, ikkje av di dei nødvendigvis vil. Men dette flyttemønsteret er i ferd med å snu. Mange av dei som flyttar i dag gjer det av di dei ønskjer ein annan livsstil, dei tek eit verdival. Kommunane bør ha ein stretegi for å møta desse. Ein viktig del av denne strategien bør vera norskopplæring. Det å kunna nynorsk og bokmål er nøkkelen til all vellukka integrering. Knapt nokon flyktningar eller arbeidsinnvandrarar får fullgod norskopplæring i Noreg i dag.

Både Sylfest Lomheim og Jan Olav Fretland var uvanleg krasse i tonen då dei karakteriserte dagens språkopplæring i sine innlegg:

-Det går nedover med språkkunnskapen vår, og dette råkar og innvandrarane. Me treng ei ny og tøffare haldning til språkopplæring. Og me må hugsa at språkleg kvalitet heng saman med sosial kvalitet, sa Lomheim mellom anna.

Fretland kalla den norske språkstoda ”likesælesjuka”.

Kommunal og Regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa sa det slik:

– Kommunar som brukar nynorsk som hovudmål har funne seg ein eigen verdifull ståstad i møte med innflyttarar og innvandrarar. Dei kommunane som har valt nynorsk som målform er seg medvitne tradisjon og kultur. Dei er levande prov på kor viktig det har vore å kjempa for inkludering.

Kampen for nynorsken har skapt større mangfald og meir demokrati i landet vårt. Nynorsken har vore med på å inkludera folk i den demokratiske fellesskapen. Det er ei utfordring som har fellestrekk med arbeidet med inkludering og integrering, sa Kleppa og la til at det å vera tolerant og å ha ein sterk kulturell identitet ikkje er motsetnader.
Dette er kloke ord. Lat oss kjempa for at dei ikkje blir for store.

Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK.

Nye retningslinjer

0

I NTNU sin nye språkpolitikk vert det lagt vekt på å styrke både bokmål og nynorsk.

– Universitetet har eit særleg ansvar for å bidra til å utvikle norsk språk og norsk fagterminologi. Norsk omfatter både bokmål og nynorsk. Det blir forventa at tilsette i det offentlege beherskar begge målformer. I deler av landet der nynorskbruken er meir omfattande, viser det seg at det går ganske greit for bokmålsutøvarar å ordlegge seg kurant på nynorsk. Det betyr til dømes at ein som underviser ved NTNU skal kunne formulere gode oppgåvetekstar på nynorsk, heiter det i dei nye retningslinjene.

I tillegg vert det til dømes lagt vekt på at ein ynskjer å styrke den nordiske språkfelleskapen.

Det er styret ved universitetet som nyleg vedtok den nye språkpolitikken.

Les meir her.

Satsar på nynorsk nettavis

0

Prosjektet ”Ung til sinns- på Nett” er ei nettsatsing på nyheiter med fokus på kultur, ungdom og regionalt stoff. Målgruppa er ungdom og folk som er ”unge til sinns”.

Satsinga skal prioritere stoff relatert til kultur og ungdom. Initiativtakarane til satsinga har alle eit ynskje om å styrke nynorsktilbodet på Internett, og særleg tykkjer dei det er viktig å gje unge eit betre tilbod enn i dag.

Prosjektet er eit samarbeid og spleiselag mellom ABC-Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Nasjonalt Garborgsenter, Magasinett og Pirion. LNK og ABC-Startsiden hadde eit møte med Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD) 14.mai og fekk positive signal på prosjektet.

Det er tenkt at stoffet skal treffe ungdommen på deira premissar. Nettavisa skal famne breidda av nyheiter innanfor temaet kultur og det som kan vere relevant for det å vere ung i Noreg. Eksemplar som er nemnt er kunst, underhaldning i ulike media, konsertar og festivalar. Nyheitene skal kome frå dei ulike regionane i Noreg.

Det regionale stoffet vil bli levert av ti aviser frå heile landet. Satsinga skal vere eit senter der ulike regionale nyheitskanalar kan publisere kulturrelatert innhald på nett, retta mot ungdom. På denne måten kan desse avisene nå ei viktig og engasjert målgruppe, og samstundes skape interesse for eigne nettsatsingar.

Prosjektet har eit budsjett 1,2 millionar kroner første år, 1,3 millionar kroner andre år og 1,4 millionar kroner i tredje og fjerde år. I oppstartfasen dei tre første åra er det naudsynt at KKD er inne med tilskot. Det er eit mål at avisprosjektet bør kunne gå i balanse det fjerde året, og at tilskota frå organisasjonane som er med etter kvart kan trappast ned gradvis.

Det er behov for redaksjonelle ressursar tilsvarande 1,5 stillingar i tillegg til kjøp av frilansstoff frå ulike samarbeidspartnarar. Dei redaksjonelle ressursane blir tilsette i LNK; som får abeidsgivaransvaret. I tillegg skal ti aviser bidra med 10-20 saker kvar veke.

Tekst: Solrun S. Snilsberg

Vil samarbeide med kommunane

0

Vaksenopplæringsetaten Vox utfordrar no nynorskkommunane til å bli samde om eit læreverk i norsk for vaksne innvandrarar som dei ynskjer omsett til nynorsk.

– Ikkje godt nok

0

– Eg er djupt skuffa over at å sjå at NRK ikkje på noko vis har nærma seg kravet om 25 prosent nynorsk i sendingane sine, seier Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen.

For tredje år på rad kjem Allmennkringkastingsrapporten med kritikk av NRK for å ikkje greia krava om å nytta minst 25 prosent nynorsk og dialekt, heiter det i ei pressemelding frå Kringkastingsringen.

– Når vi ikkje ser noka skjerping, men faktisk ein nedgang i bruken av nynorsk og dialekt, syner det at det ikkje held med gode ønskje, meiner Toft. Han krev at NRK lagar ein tiltaksplan for korleis dei skal greia å koma opp på 25 prosent nynorsk innan 2012.

Kravet om kor mykje nynorsk NRK skal nytta, er mellom anna slått fast i Allmennkringkastingsrapporten. Medietilsynet er ikkje dei einaste har kritisert målbruken i NRK. I stortingsmeldinga «Mål og meining», som vart vedteken av Stortinget i april, får NRK òg kritikk.

– Eg forventar at kulturminister Trond Giske vil nytta eigarmakta si og krevja at NRK legg fram ein konkret tiltaksplan. Det har han høve til allereie 10. juni, når NRK skal halda generalforsamling og allmennkringkastingsplakaten står på saklista.

Likevel er det lyspunkt.

– Når det gjeld barnekanalen NRK Super, har vi hatt ein svært god dialog med leiinga for kanalen om å ta i bruk meir nynorsk og dialekt, og vi veit at dei har sett i verk fleire gode tiltak. Dersom resten av NRK hadde teke nynorsk like alvorleg, hadde dei ikkje hamna i den stoda dei er i idag, meiner Toft.