Heim Blogg Side 58

Hareides nei til kommunetvang får Vedum til å juble

0

KrF påfører regjeringa eit nederlag i kommunereforma når partiet seier ja til at Leka og Bindal likevel ikkje må tvingast saman med Vikna og Nærøy.

Utfordrande målformval i nye Telemark-Vestfold

0

Verken i nynorskfylket Telemark eller bokmålsfylket Vestfold har målforma vore diskutert i samanslåingsprosessen. Språkrådet tilrår språknøytralitet, men i Telemark fryktar dei at det kan føre til at nynorsken blir gløymd.

Bragepris til profilerte nynorskforfattarar

0

Nynorskfolket kunne jubla då Brageprisane blei delte ut tysdag kveld. Maria Parr henta heim den andre Brageprisen sin. Det blei også pris til Olaug Nilssen.

No får innvandrarane læra nynorsk i Tysnes

0
Tysnes kommune blir den 49. kommunen i landet som går over til nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar.

VEDTEKTER FOR LNK

§ 1 FØREMÅL

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ein interesseorganisasjon for kommunar, fylkeskommunar og interkommunale føretak. Organisasjonen har som føremål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd.

§ 2 MEDLEMER

Alle kommunar og fylkeskommunar som gjer bruk av nynorsk i skulen og/eller administrasjonen, kan vera medlemer av landssamanslutninga. På same vilkår kan
interkommunale tiltak som brukar nynorsk vera medlemer.

§ 3 LANDSTINGET

3.1 Landstinget sin status:

Landstinget er organisasjonen sitt høgaste styringsorgan. Tinget held møte annakvart år. Kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som har vore medlemer i minst to månader før landstinget vert opna, kan møta på tinget med fulle rettar.

3.2 Innkalling til landsting:

Landstinget skal ha møte innan utgangen av juni månad. Innkalling med sakliste skal sendast til medlemene seinast to månader før tinget skal haldast. Endelege sakspapir skal sendast tre veker før tinget finn stad. Framlegg til saker som medlemene ynskjer skal handsamast på tinget, må sendast skriftleg til styret innan 1. mars.

Styret skal kalla inn til omframt landsting når minst halvparten av medlemene krev det.

3.3 Representasjon på landstinget:

Kommunane har rett til slik representasjon
på landstinget:
Inntil 3.000 innbyggjarar: 1 utsending
Inntil 6.000 innbyggjarar: 2 utsendingar
Inntil 9.000 innbyggjarar: 3 utsendingar
Meir enn 9.000 innbyggjarar: 4 utsendingar

Folketalet i kommunen pr. 1. januar i det året landstinget vert halde er grunnlag for talet på utsendingar.

Fylkeskommunane har rett til å møta med fem utsendingar, interkommunale tiltak med ein utsending.

Kvar utsending har ei røyst på landstinget.

Medlemer med rett til meir enn ein utsending kan gje ein utsending skriftleg fullmakt til å røysta for å så mange utsendingar ein har rett til å senda.

Styremedlemene møter på landstinget med tale- og framleggsrett, men har ikkje røysterett med mindre dei er valde som utsendingar.

3.4 Vedtak på landstinget:

Vedtak vert gjorde med vanleg fleirtal. Endringar i vedtektene og vedtak om oppløysing av organisasjonen krev to tredels fleirtal av dei registrerte røystene (inkl. fullmaktsrøyster) på landstinget.

3.5 Landstinget sine oppgåver:

Landstinget vedtar sjølv endeleg dagsorden, og vel møteleiar, referent og to utsendingar til å skriva under protokollen saman med møteleiaren.

Fram til tinget er konstituert har styreleiaren ansvaret for møtestyringa.
Ordinære landsting skal alltid
a) Godkjenna årsmeldinga.
b) Godkjenna revidert årsrekneskap og balanse
c) Vedta kontingent, rammebudsjett og handlingsprogram for komande to år.
d) Velja styre, valnemnd og revisor.

§ 4 STYRET

4.1 Val av styre:

Styret skal ha fem medlemer og tre varamedlemer. “Begge kjønn skal til ei kvar tid vera representerte både blant dei faste medlemene og varamedlemene i styret.
Styremedlemene vert valde for fire år, likevel slik at vekselvis to og tre står på val på kvart landsting. Varamedlemene vert valde for to år.

Ved suppleringsval vert nye medlemer valde for resten av funksjonstida til den som går ut.
Landstinget vel mellom styremedlemene leiar og nestleiar for to år om gongen.

4.2 Styremøte:

Leiaren kallar inn til styremøte når han/ho synest det trengst, når dagleg leiar ber om det, eller når minst to av dei faste styremedlemene krev det.
Styret er vedtaksført når minst tre av medlemene er til stades. Ved likt røystetal gjer møtestyraren si røyst utslaget.

4.3 Styret sine oppgåver:

Styret leier landssamanslutninga i samsvar med vedtektene og vedtak som er gjorde av landstinget.

Styret har i tillegg desse oppgåvene:
a) Arbeida ut framlegg til rammebudsjett for komande år, og for toårsperioden fram til komande landsting.
b) Vedta årsbudsjett innafor dei rammer landstinget har vedteke. Styret kan her også gjera nødvendige endringar i desse rammene.
c) Sjå til at rekneskapen vert ført i samsvar med lov, forskrifter og god rekneskapsskikk, og syta for at han vert
revidert.
d) Kalla inn til landsting, og førebu dei sakene som skal førehavast på tinget.
e) Alle andre oppgåver som naturleg høyrer inn under styret.

§ 5 VALNEMND

Etter framlegg frå styret vel landstinget ei valnemnd på tre medlemer.

§ 6 ADMINISTRASJON

Styret tilset dagleg leiar, fastset kontorstad og vedtar løn og andre arbeidsvilkår.
Innafor vedteke budsjett og dei rammer landstinget har sett for drifta, kan styret også oppretta andre stillingar i administrasjonen.

§ 7 MEDLEMENE SINE PLIKTER

7.1 Kontingent:

Medlenskommunane skal betala kontingent i høve til innbyggjartalet, med ein grunnkontingent. Fylkeskommunar og interkommunale føretak skal betala ein fast årskontingent, utan omsyn til folketalet.

Den del av kontingenten som byggjer på innbyggjartalet, skal ta utgangspunkt i folketalet per 1. januar.
Landstinget fastset kontingenten etter framlegg frå styret. Styret kan justera kontingentsatsane for det andre året.

7.2 Kontaktperson:

Kvart medlem pliktar å peika ut ein av sine tilsette til å vera kontaktperson for LNK.

§ 8 INNMELDING OG UTMELDING

Innmelding i LNK skal skje skriftleg til styret.
Utmelding av LNK må skje skriftleg og får først verknad to fulle kalenderår etter at slik
melding er komen til styret.

§ 9 ENDRING AV VEDTEKTENE

Endringar i desse vedtektene krev to tredelsfleirtal. Framlegg til endring av vedtektene frå andre enn styret må vera innkomne til styret innan 31. desember i året før landstinget skal haldast.

Vedtekne 18. juni 1993, med endring vedteken 9. juni 1995 og endringar vedtekne 7. juni 2001.

Ny rekord for Falturiltu

0

80 arrangement og rekordstort publikum på den nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen.

Ny rapport kritiserer kommune-avrøystingar

0

Ein ny rapport frå Institutt for samfunnsforskning (ISF) har undersøkt gjennomføringa av folkeavrøystingane i samband med kommunereforma. Konklusjonen er at nesten ein tredel av avrøystingane var udemokratiske.

– Kommunesamanslåing kan svekkje lokaldemokratiet

0
I 2020 blir 426 kommunar redusert til 354. Det inneber, i fleire tilfelle, større avstandar mellom folk og den politiske leiinga. Dette kan føre til at periferien blir meir perifer, ifølgje ein professor på fagfeltet.

Programleiarane i P3morgen får dialektpris

0
Norsk Målungdom gir Dialektprisen 2017 Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby.

Ravatn kan vinna internasjonal litteraturpris

0
Ho er éin av to nynorskforfattarar på langlista til Dublin Literary Award.

Ordførarar reagerer på at færre kommunar får flyktningar i 2018

0

Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet har bestemt at 210 kommunar skal busette flyktningar i 2018. Det er ein reduksjon på 200 kommunar frå i år. Dette får ordførarar i fleire mindre kommunar til å reagere.