Heim Innspel Engelsk, fransk og nynorsk

Engelsk, fransk og nynorsk

Noregs mållag arrangerte vårseminar i Fredrikstad 14.-15. mars, og der kunne ein blant anna høyre Synnøve Midtbø Myking snakke om engelsk, fransk og nynorsk.

Kva for ein samanheng er det mellom engelsk, fransk og nynorsk, lurer du kanskje på. Det skjønner ein eventuelt når ein nemner Noreg og Canada.

Når ein nemner Amerika, vil mange truleg automatisk tenkje på USA og engelsk. Nokon vil kanskje komme på at ein skil mellom Nord-Amerika og Sør-Amerika, og at ein i Sør-Amerika blant anna har språk som spansk og portugisisk. Nemner ein fransk som språk, vil truleg færre tenkje på Amerika. Ein vil først og fremst tenkje på Frankrike, og nokon vil kanskje tenkje på nokon afrikanske land som bruker fransk som eitt av språka.

Men sjølvsagt vil det også vere nokon som tenkjer på Canada når det er snakk om fransk. Ein har jo t.d. Quebec, der fransk er det offisielle skriftspråket. Quebec er ein provins i Canada. Dette kan til ein viss grad samanliknast med at t.d. Sogn og Fjordane er eit fylke i Noreg. Canada består av ti provinsar og tre territorium, og fordelinga av engelsk og fransk som offisielle språk er ifølgje Wikipedia 60 % versus 23 %.

Så kan ein spørje seg: Er dette unormalt? Er dette eit problem? Er dette dyrt? Er fransk bra å bruke i lyrikk, men ikkje til kvardags? Blir nokon skoletaparar av at det finst fleire språk i landet? Burde fleirtalet få mindretalet til å gå over til å bruke engelsk som einaste offisielle språk? Sjølvsagt ikkje! Men i Noreg er det mange som meiner at bokmål bør vere det einaste offisielle skriftspråket. Noko å tenkje over?

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Krev Google-handling frå regjeringa

Mållaget, Nynorsksenteret og LNK stilte tydelege krav då dei møtte statssekretær i Kulturdepartementet denne veka.  – Me veit at fleire skular har google-maskiner og bruker...

Ber om 36 millionar til nynorsk kulturløft

Nynorsk har ikkje kome godt nok ut av Støre si regjeringstid. No ber dei 21 medlemsinstitusjonane i Nynorsk forum om 36 millionar til eit...

LNK gler seg over pengar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar – men det er behov for meir

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK Dir) lyser ut 1,5 millionar kroner til læremiddel som skal brukast i opplæringa i norsk for vaksne...
Blant klassane på nynorske barneskular som bruker nettbrett eller pc minst éin gong i veka, er det 77 prosent som bruker digitale læringsressursar og læremiddel som berre finst på bokmål. Foto: Pixabay

Språkrådet testa KI-språket – fann grovare og fleire feil på nynorsk

Språkrådet har testa kor god ChatGPT i bokmål og nynorsk. Kunstig intelligens (KI) pregar stadig meir av kvardagen vår – på jobben, på skulen og...