Heim Innspel Lærelyst for nynorsk

Lærelyst for nynorsk

«Nynorsk er det største tullet jeg noensinne har vært borti, hvorfor har ingen kommet med forslag om valgfrihet før nå? Jeg vil gjerne ha muligheten til å fjerne nynorsk karakteren min fra vitnemålet, kunne heller hatt bilde av en ku på vitnemålet, enn nynorsk.»

Slik lyder ein av fleire hundre kommentarar på VG-nettet etter at Atle Hamar hevda i ein kronikk at det berre er nynorskfolk som det er lov å diskriminera i Noreg. Som ein annan uttrykte det: «Ikke alle sitter i skauen med nisselue og heier paa Ivar Aasen!!» Så Hamar makta ikkje å dempa skamkallinga.

Kva skal me gjera for at fleire får forståing for og lyst til å skriva nynorsk? Det er iallfall viktig å formidla at nynorsk er eit vanleg språk, godt brukande på alle livsområde, ikkje eit slag merkeleg fjøslatin. Får vi ikkje fram den bodskapen, blir nynorskinnlæringa fort ei plage. Dersom fleirtalet av norske elevar synest nynorsk er pyton, verkar det i lengda inn på korleis dei 13 prosentane som skriv nynorsk, ser på seg sjølve. Ei undersøking i 2010 synte at mange nynorskelevar skreiv bokmål når dei var på Facebook eller andre sosiale medium. Dei ville ikkje stikka seg ut med å skriva dette lågstatusspråket.

Eitt tips til skulen kan vera at også sidemålselevane får begynna tidleg å lesa og skriva nynorsk. Eit anna tips kan vera å bruka stoff som er skrivne av populære artistar og kjendisar. Eit tredje poeng kan vera at i staden for å skriva tradisjonelle oppgåver eller driva med utfyllingsoppgåver kan elevane i fyrste omgang få leika seg med å skriva nynorsk på Facebook, dei kan parvis få i oppgåve å laga eit ordskifte på e-post, dei kan laga debattinnlegg til Norsk Barneblad eller lokalavisa, dei kan laga teikneseriestriper med tekstbobler eller skriva dikt eller rapp på nynorsk. Det å skriva litt nynorsk ofte er nyttigare enn å skriva ein lengre tekst ein sjeldan gong. Derfor kan de lærarar gjerne oppfordra elevane til å skriva ein blogg på nynorsk, anten privat eller på nettet.

Men same kor ein snur og vender det: Det kjem fyrst og fremst an på læraren og kva holdningar og engasjement han eller ho formidlar. Har elevane dine nynorsk som hovudmål, minn dei på for eit flott språk dei får med seg, og kvifor. Og har elevane dine nynorsk som sidemål: Ta med sidemålssaka når de diskuterer toleranse og diskriminering!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...