Heim Innspel Meir nynorsk i barnehagen

Meir nynorsk i barnehagen

KOMMENTAR: Vi har eit veldig godt samarbeid med bibliotekaren, som hjelper oss med boklån og i tillegg gir gode råd til både personalet og foreldra om gode bøker på nynorsk.

Mållaget i Seljord har i mange år gjeve bokgåver til skulane og barnehagane, og no har vi i tillegg etablert eit fast samarbeid mellom Seljord Sparebank, Seljord mållag, helsesyster og kommunen om å gje ei bokgåve til alle 4-åringar i kommunen, sjølvsagt på nynorsk.

Vi har fått eit godt verktøy for alle tilsette. Materiell og litteratur er lett tilgjengeleg, og personalet er blitt veldig gode på å bruke det. Planen gir like føringar for alle barnehagane om å jobbe med lokalt kulturstoff og nynorsk og dialekt.

Vi har hatt mange kurs for alle og delar av personalet, og kompetansen på språk og språkstimulering er merkbart høgare. Vi har endra praksis på mange område, og personalet er gode til å lese mange gode bøker, fortelje, rime og leike med språket.

 

Likevel ser vi at dette varierer i praksis, og det er mange årsaker til det. I prosjektperioden brukte vi mykje planleggingstid og kompetansemidlar på temaet. Då prosjektet var over, kom kvardagen, og andre tema stod i kø.

 

I tillegg har barnehagen hatt ein enorm vekst. Talet på barn og pedagogar og assistentar har auka kraftig dei siste åra. Vi har hatt ein dobling av tilsette dei siste 5 åra. Vi har med andre ord fått mange nye tilsette etter at prosjektet var ferdig. Dei nye har ikkje same eigedomskjensle til temaet og det lokale kulturstoffet. Vi hentar mange fleire tilsette utanfrå no enn tidlegare, mange tilsette bur også utanfor kommunegrensa. Dette har lært oss at vi må halde trykket oppe.

Vi kan ikkje gjere noko med at alle tilsette ikkje har seljordsdialekta, og det er heller ikkje poenget. Men vi prøvar å syne at språkmangfald er flott. Når barna lærer nye ord, ynskjer vi å syne at nokon seier det slik og andre seier det slik, og så spør vi kva barnet sjølv seier. Viss vi kan rette merksemda mot at vi snakkar ulikt fordi vi kjem frå ulike plassar, og at det er spennande, har vi nådd eit mål. Når sogene og songane som barna møter, i tillegg er knytt til ulike plassar i nærmiljøet der barna har vore, håpar vi at vi kan knytte den lokale identiteten til bruk av dialekt og nynorsk.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...