Heim Innspel Varsam i horisontalkurvane!

Varsam i horisontalkurvane!

Eg arbeidde med eit oppdrag for Statens vegvesen her om dagen. Dei lanserer eit større program for å gjera språket sitt enklare og klårare, og eg skulle hjelpa til med nokre velvalde ord.

Det gjaldt vegvesenet på Vestlandet, så eg sette meg og las overskriftene i alle utgåande brev frå Region Vest ein bestemt dag. Resultatet var ikkje uventa: Her er mykje ingeniørar og andre praktikarar, så det var lite skoddepreik. Derimot finn me mange som er opptekne av yrket sitt og fagorda sine, så eg samla meg ein bra dunge med vegord, til dømes: kilometringsstolpar, sandfang og køyresterk rist, stoppsikt, frisikt, kryssikt, sikttrekant, siktsone, fullkanalisert kryss, avrundingsradius, kurvatur, gradient, ein lokalitet, prosesskode, rekverent, tiltredelse, forhåndstiltredelse. Eg måtte minna om at ikkje alle desse er like enkle for oss lekfolka. Men dei er klar over problemet og prøver å bøta på det med forklaringar. Ofte går det bra, men ikkje med denne forklaringa på horisontalkurvatur: Veglinjas geometriske element i horisontaltraséen. Språkskodda lettar ikkje etter den forklaringa.

På eitt område er Vegvesenet med og forkvaklar verda, forkortingar er nemleg deira spesialitet. På eit kurs eg heldt, høyrde eg det var mykje snakk om ein KVU i ein pause, og så begynte me å samla opp: PP er planprogram, KU er konsekvensutgreiing, KVU er konseptvalutgreiing, som fører fram mot KS1, for den del, og ALM. Og sjølvsagt må me hugsa på ta med hp, hb og faktisk også bh når me skal herja på SVEIS. Kanskje bør me drøfta meir kva som skal brukast av HMS, HMT eller SHA? Og utgangspunktet er jo som alle oppegåande menneske veit, NTP, men så gjeld lovverket, det er PBL. Kva slags KU-ar trengst i høve til PBL, bør me kanskje inngå i eit OPS, som tyder Offentleg privat samarbeid? Kva PPP er, fann eg ikkje ut: perverse planprosjekt eller puslete prosjekteringsplanar?

Men eg oppdaga òg noko gledeleg då eg saumfor tekstane frå Region vest. Dei har eit uvanleg godt verktøy som dei andre i Vegvesenet ikkje har, nemleg nynorsken! Her er eit døme på plettfri folkeleg, konkret og tydeleg formidling:
Vi viser til søknaden dykkar, datert 27.04.2010. Søknaden gjeld legging av høgspentkabel langs rv. 13 hp. 1 frå km 0,000 til ca. km 0,980. De ønskjer å leggje kabelen 1,5 m til 2 m frå asfaltkant, med overdekning 0,5 m Vi viser og til felles synfaringar …

Ved synfaringa vart det vist i terrenget kor de ønskjer å legge kabelen. Frå vår side gjorde vi det klart at vi kan godta at kabelen kan leggast i veggrensa, som her er 3 m, og at kabelen då skal ha 0,8 m overdekning.

Slik skriv ein offentleg tilsett som tenkjer på mottakaren. Eg blir freista til å minna om det den berømte forfattaren James Joyce skreiv ein gong: «Det er med ord som med solstrålar: Di meir me konsentrerer dei, di djupare brenn dei.» Nynorsken er nyttig når du vil brenna djupt.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...