Heim Nyhende 15 nynorske bøker på eksklusiv liste

15 nynorske bøker på eksklusiv liste

Mange nynorske bøker blant dei beste barne- og ungdomsbøkene. – Vi er stolte, seier Ragnfrid Trohaug i Samlaget.

 

Guri Fjeldberg har fått Statens kunstnarstipend for kritikarar for å laga ei liste over dei 101 beste barne- og ungdomsbøkene i Noreg dei siste ti åra.

I dag publiserte ho lista på bloggen sin, samstundes med at boka hennar 101 – de beste barne- og ungdomsbøkene 2005-2015 kjem ut.

Forfattaren seier ho har peika ut dei 101 bøkene ho meiner det er «mest verdt å elska».

Til Barnebokkritikk.no seier Fjeldberg at ho har fått forslag frå 200 personar som forfattarar, bibliotekarar og andre profesjonelle. I tillegg har ho hatt sine testlesarar i skular og barnehagar.

Meir humor
Ifølgje Fjeldberg er det meir humor i dei beste bøkene i det siste tiåret.

– Tidligare var ungdomslitteraturen nærmast kjemisk fri for humor. Det er han ikkje lenger. Kvar fjerde ungdomsbok i utvalet mitt har humor som eit viktig verkemiddel. Den humoristiske distansen gjer det lettare å lesa om dei mange alvorlege temaene denne litteraturen tar opp. Eg-stemma har blitt meir sjølvironisk og inviterer til å ta seg sjølv litt mindre alvorleg, seier ho til Barnebokkritikk.no.

LES OGSÅ: Etterlyser meir humor i ungdomsbøker

Fleire på nynorsk
Mellom dei 101 bøkene er 15 bøker skrive på nynorsk.

Ragnfrid Trohaug, seniorredaktør for barne- og ungdomsbøker i Samlaget, seier dette i ein kommentar til lista:

– Vi er stolte! Vi har fleire inne enn styrkeforholdet nynorsk/ bokmål vanlegvis er i utgivingsprosent, det er stas, pluss at Maria Parr er eitt av dei unnataka når det gjeld å ha meir enn ei bok inne. Veldig nøgd med den lista.

– Det er også fleire omsette, nynorske bøker der, og det understreker det viktige: alle mindre brukte språk må ha omsette bøker, og framover er det kjempeviktig at nynorsk held fram med, og får fleire omsette bøker på nynorsk, seier Ragnfrid Trohaug.

Fem av bøkene på nynorsk er omsette bøker. Kring 45 prosent av bokmålsbøkene er omsette bøker.

LES OGSÅ: Nynorske bøker vinn oftare prisar

Her er lista over dei beste på nynorsk:

Drakeguten av Asbjørn Rydland

Dyrebare venner av Erna Osland

Eldprøva/Ildprøven av Lene Kaaberbøl

Førstemamma på Mars av Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby

Handgranateple av Ingelin Røssland

Henrik And av Anna R. Folkestad

Himmelspringaren av Sissel Horndal

Jakob og Neikob: Tjuven slår tilbake av Kari Stai

Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? av Bjørn Sortland

Rekrutten av Robert Muchamore

Tonje Glimmerdal av Maria Parr

Vaffelhjarte: Lena og eg i Knert-Mathilde av Maria Parr

Verdas søtaste turist av Rune Belsvik

Veslebror ser deg av Cory Doctorow

Sjå heile lista her!

SISTE BOKNYTT: MELD DEG PÅ NYHENDEBREVET til Framtida.no!

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...