Heim Nyhende Språksamlingane til Vestlandet

Språksamlingane til Vestlandet

Nynorsk kultursentrum er letta.

 

– Saka om språksamlingane og vitskaplege ordbøker blir løyst. Kunnskapsdepartementet har bestemt at Universitetet i Bergen tek over språksamlingane frå Universitetet i Oslo, seier ein nøgd direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Han takkar politisk leiing i Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet for viljen til å ordne opp, og språkvitskaplege miljø over heile landet for avgjerande samarbeid.

Nynorsk kultursentrum har arbeidd mykje med saka.

– Anar vi ein sjanse til resultat, gir vi oss ikkje, og dette tok trass alt berre eit år. No gler vi oss på vegner av språkforskarane og alle som bruker ordbøker, seier Ottar Grepstad. Det står att å avklare mange praktiske spørsmål. Der har Universitetet i Bergen hovudrolla saman med Høgskulen i Volda.

– Vi gratulerer rektorane i Volda og Bergen og er trygge på at dette finn dei ut av.

Les meir om følgjetongen om språksamlingane!

Samordna aksjon
– Det er styret som har spikra retning og mål, seier Grepstad. Han trur dei nådde fram gjennom ein samordna aksjon der dei kombinerte faglege argument, ein brei allianse av språkvitskaplege miljø, mange brev og avisoppslag, og samtalar med statsrådar, partileiarar og komiteleiarar. Saman med styret har han også drege vekslar på det nettverket som dei 24 stiftarane i Nynorsk kultursentrum utgjer. – Å halde på slik inneber ein fare for at nokon går lei, men i denne saka har både stortingsfleirtal og opposisjon brydd seg, seier Grepstad.

I fjor haust skipa Nynorsk kultursentrum ei ordbokgruppe med representantar for seks universitet og høgskular og Det Norske Samlaget for å drive fram ei løysing. På eige initiativ utgreidde Nynorsk kultursentrum både ei fagleg og ei økonomisk minimumsløysing.

– Gjennom 14 møte i ordbokgruppa på eitt år har vi bygt opp ein sterk fagfellesskap, og før helga slo ordbokgruppa fast at dei ønskjer å utvikle den fellesskapen vidare, opplyser Grepstad.

Fleire spørsmål står att
Nokre av dei praktiske spørsmåla som no skal løysast, er kva samlingar det er som skal overførast, kvar skal dei plasserast i Bergen, kor mykje pengar som skal følgje med og korleis desse blir forvalta.

– Dette har Nynorsk kultursentrum lite med, seier Ottar Grepstad. Han er oppteken av at arbeidet med språksamlingane og vitskaplege ordbøker no får ein overbygning som fremjar samarbeid mellom institusjonar og sikrar publikumsinteressene.

– I utgreiinga i fjor gjekk vi inn for ei referansegruppe eller eit råd som kan fylle ein slik institusjonsuavhengig funksjon. Samarbeidet i ordbokgruppa har vist kor verdfull ein slik overbygning kan vere, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Kva det er som vert flytta frå Oslo, erikkje heilt avklart. Men det er store mengder, fordelt på talemål og dialektologi, namn, mellom anna norsk stadnamnleksikon, og ordsamlingar og leksikografi.

– Det er snakka om opp til 500 hyllemeter med bøker, nokre tonn med ikkje-digitalisert dokumentasjonsmateriale og ein del digitale ressursar, seier instituttleiar Johan Myking ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen til På Høyden.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...