Heim Nyhende 2,2 millionar til Nynorsk avissenter

2,2 millionar til Nynorsk avissenter

– Me er strålande nøgde, seier dagleg leiar i Nynorsk Avissenter, Ivar Myklebust Longvastøl.

I budsjettforliket har dei borgarlege partia blitt samde om å gå inn for å løyva 2,2 millionar til det eitt år gamle opplæring- og kompetansesenteret i Førde. Det er i tråd med Venstre sitt budsjettforslag.

–  Dette er svært gledeleg og heilt avgjerande for vidare drift, seier Ivar Myklebust Longvastø.

Sogn og Fjordane journalistlag er òg nøgde.

– Dette utdanningstilbodet er svært viktig med tanke for ei vidare utvikling av journalistikk med nynorsk språkbakgrunn, og det er svært gledeleg at regjeringa no går inn for å gje 2,2 millionar, skriv Geir Bjarte Hjetland, leiar Sogn og Fjordane journalistlag i ei pressemelding.

– I den situasjonen mediebransjen står i, er satsing på profesjonelle utdanningar med basis i språk og kultur enda viktigare enn tidlegare. Det vil også vere med å gje eit godt rekrutteringsgrunnlag for aviser og andre medier i framtida, held Hjetland fram.

Nynorsk avissenter har så langt vore drive som eit prosjekt med fleire private og offentlege finansieringskjelder. No vert Stiftinga Nynorsk avissenter skipa, med Firda Media, Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) som stiftarar.

Letta mållagsleiar
Leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø er likevel letta for at Venstre og Krf fekk inn pengar til Nynorsk Avissenter.

– Det er viktig å lesa nynorsk kvar dag, og lokalavisene er store tekstprodusentar. Nynorsk Avissenter vil syta for at desse avisene lett kan finna kvalifiserte journalistar, på same måte som Nynorsk Mediesenter har levert nynorskjournalistar til etermedia i ei årrekkje, seier Tennø til NRK Sogn og Fjordane.

Mållagsleiaren er òg glad for at støttepartia fekk reversert dei budsjetterte kutta i pressestøtta.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...