Heim Nyhende – Openbart for å provosera

– Openbart for å provosera

Mållaget meiner utsegna til Aarebrot om nynorsken vitnar om mangel på kunnskap. – Skyt ein frå hofta blir ein og mindre treffsikker.

– Unnskyld uttrykket, men de urinerer på Aasen sitt verk kvar einaste dag i mållaga, sa Frank Aarebrot søndag kveld då han holdt foredrag om grunnlova, språk og demokrati i Alversund.

Han langa ut mot mållaga, og meinte dyrkinga av dialektane var eit sjølvmord for nynorsken.

– Om vi skal dyrka dialektar, kva pokker skal vi då med skriftspråk? Dialektar er alltid eit skriftspråk sin fiende, om det er nynorsk eller bokmål, sa Aarebrot.

Kunnskapslaust
Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, har fått med seg utsegna til Aarebrot. Ho meiner utsegna til Aarebrot bygger på manglande kunnskap.

– Han seier det openbart for å provosera. Det er gøy det, men av og til kan ein halda seg til sanninga. Skyt ein frå hofta blir ein og litt mindre treffsikker når ein ikkje har så store kunnskapar. Det er ikkje noko nytt at folk uttalar seg om nynorsken si stilling, utan å vita kva den stillinga faktisk er. Det er me vande med, seier Aakre Tennø.

Ho meiner det ikkje er slik at 70-åringane i områda rundt Bergen stavrar seg fram på skulekrinsvala for å halda unda nynorsken.

– Til tross for massiv folkevekst i Nordhordland så held nynorsken seg. I Knarvik var det endåtil fyrste gong på 20 år at begge fyrsteklassane tok til med nynorsk, legg Aakre Tennø til.

LES OGSÅ: Nektar å betala bota på bokmål

Viktig med nynorsk tale
Ho meiner likevel det kan vera noko i det Aarebrot seier.

– Det er klart at det finst sanning i det Aarebrot seier. Han hissar seg litt opp over debatten om dialekt eller normert nynorsk i NRK. På den eine sida er folk opptekne av at dialektbruk er viktig, medan andre vil ha rein nynorsk. For nynorsken sin del meiner Mållaget heilt klart at det er viktig med nynorsk tale i media, seier Tennø.

Ho legg til at det var litt vanskeleg å forstå kva Aarebrot eigentleg meinte.

– Om det er dette han siktar til, så har han eit poeng. Men å gå frå det til å seia at dialektane dreper nynorsken er vel ei verkelegheitsoppfatning han vil slita med å finna støtte for andre stader.

LES OGSÅ: Vedtok feil versjon av grunnlova

Gamaldags
– Eg skjønnar kva han prøver å seia, men det er i mine auge ein forelda måte å tenka på, seier Øystein A. Vangsnes, språkprofessor ved Universitetet i Tromsø.

– Dette med Aasen sitt verk som han meiner Mållaget urinerer på, har to sider. Den gong handla det for det første om å etablera eit eige norsk språk som for det andre skulle vera allemannseige og nær dei norske talemåla. Det siste gjorde nynorsken til eit demokratiseringsprosjekt, forklarar Vangsnes.

– Respekten og dyrkinga av dialektane handlar i dag om demokratiseringa. Ein dyrkar mangfaldet for å heva status til talemåla rundtom. Og det han prøver å seia er vel at det går ut over skriftspråket, at det blir gløymd.

Dette, forklarar Vangsnes, er ein teori han har høyrt tidlegare. Han peikar mellom anna på ein artikkel i Morgenbladet for omlag halvanna år sidan, der det vart sagt at det gjekk utover skriftspråket når me skriv så mykje dialekt til dømes i sosiale medium. Det er ein påstand Vangsnes ikkje er heilt samd i, men han ser poenget. Uansett kokar det ned til spørsmål me endå ikkje har gode svar på, meiner Vangsnes.

LES OGSÅ: – Eg skriv som eg snakkar

– Dersom han har rett i at dyrkinga av talemålet gjer folk dårlegare i nynorsk, har han eit godt poeng. Dei siste ti åra har det vore ein eksplosjon i tekstproduksjon grunna elektroniske kanalar. Folk skriv meir seg imellom som ei følgje av nye media. Kanskje har mengden nynorsk blitt mindre i forhold til bokmål. Om dialektane tek ein del av kaka i tillegg, råkar det nynorsken, seier Vangsnes.

– Det er truleg eit reelt problem om barn og unge i nynorskområde ikkje møter nok nynorsk til å bli trygge og gode nynorskbrukarar.

Men slik Vangsnes oppfattar det, er det talemålet Aarebrot snakkar om, i og med at han siktar til nyheiter som blir lesne på vossedialekt og liknande.

– Eg er usikker på kor stor rolle det spelar, seier Vangsnes.

– Alle nyheitsopplesarar som nyttar normalisert nynorsk er farga av talemålet sitt, og eg er usikker på om folk flest oppfattar at Ingvild Bryn konsekvent les normalisert nynorsk medan til dømes Eli Kari Gjengedal i mindre grad gjer det.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...