Heim Nyhende Å skrive nynorsk hevar språkkompetansen

Å skrive nynorsk hevar språkkompetansen

Dersom du skriv nynorsk, blir du flinkare til å lese og forstå begge dei norske målformene, viser ei ny undersøking frå NTNU.

Undersøkinga er gjort på oppdrag av Språkrådet og vart presentert på Språkdagen 2012 i Oslo tysdag. Professor Mila Vulchanova ved NTNU tok utgangspunktet i kva forsking fortel om tospråklege individ.

– Dei er smartare, meir kreative, meir språkleg medvitne, er betre til å oppfatte det som blir sagt og presterer betre på skulen, sa Vulchanova.
Ho slo fast at dei fleste nordmenn er tospråklege per definisjon, dei taklar til ein viss grad nynorsk og bokmål skriftleg, og dei skjønar både dialekt og normert målform muntleg.

Skriving viktig

Forskargruppa ved NTNU har gjennomført eit såkalla ordprosesseringsprosjekt med ei gruppe på 50 personar. Dei var i snitt 29 år, hadde ulik språkleg bakgrunn og kom frå ulike landsdelar.

Deltakarane fekk i oppdrag i identifisere 540 ord, både på nynorsk og bokmål, både ekte og oppdikta ord. Ikkje uventa kjende deltakarane lettast att bokmålsorda, det er naturleg sidan dei fleste blir meir eksponert for bokmål enn for nynorsk. Men det mest oppsiktsvekkjande var forskjellen mellom dei som skriv mykje nynorsk og dei som ikkje gjer det.

– Jo oftare deltakarane brukte nynorsk skriftleg, desto raskara kjenner dei att ord frå begge målformene. I tillegg er svara deira meir korrekt, sa professor Vulchanova.
Undersøkinga viser at lesing av nynorsk ikkje hadde same effekt, og resultata vart ikkje påverka av kva dialektbakgrunn deltakarane hadde.

Kan brukast i skulen

Vulchanova presenterte også førebelse resultat av ei såkalla høyre/lese eksperiment. Det viser seg at ord frå begge målformer er sterkt assosiert i hjernen, spesielt gjeld dette ord som har same betydning – som begynne og byrje.

– Dette viser at det ikkje er nødvendig å pugge nynorsk. Nynorske ord høyrer til det same mentale leksikonet som bokmål, sa Vulchanova og meinte undervisninga heller burde ta utgangspunkt i dei systematiske grammatikalske forskjellane mellom dei to målformene.

Ho meiner også at det at dei fleste nordmenn er fleirspråklege bør utnyttast på eit betre måte i utdanninga. Men først og fremst må ein auke motivasjonen og bevisstgjeringa.

Sidemålskampen

Undersøkinga frå NTNU går rett inn i diskusjonen om framlegget til ny læreplan i norskfaget, der Utdanningsdirektoratet har gått inn for å fjerne skriftleg karakter og eksamen i sidemål.

– Dette understrekar kor viktig det er at skulen inspirerer elevane til å skrive på begge målformene våre. Lesing er ikkje nok, seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...