Heim Nyhende Aasmund, Odd og nynorsken

Aasmund, Odd og nynorsken

For Nordstoga-brørne er nynorsken ikkje ei kampsak, men heilt naturleg.

 

– Du må velje å ta den rolla som nynorskbrukar, seier Odd. Aasmund er samd. – Ja, anten må du velje ho vekk, eller så må du ta rolla.

– Du blir liksom tvinga inn i ho om det er slik at du brukar nynorsk i utgangspunktet, fortel dei.

Aasmund og Odd Nordstoga er gode ambassadørar for nynorsken.

– Eller – det er vel rettare å seie at vi er sjølvoppnemnde ambassadørar for nynorsken, presiserer eldstebror Aasmund på spørsmål om kva dei trur er grunnen til at dei deler heideren som årets nynorskbrukar under Dei nynorske festspela i år.

Heidra for arbeidsspråket

Dei er begge på plass under festspela for å ta imot prisen. Dessutan skal dei vere med på fleire programpostar i tillegg til å spele i lag. Begge er etablerte artistar og komponistar og brukar nynorsk som både arbeids- og profileringsspråk. Dei passar på at alt materiell, og alt rundt dei er på nynorsk – cover, plakatar og meir. Noko anna hadde ikkje vore naturleg, fortel dei.

Heilt naturleg, ikkje politikk

– Om du er ein minoritet, er du nøydd til å ha eit medvite forhold til det du er. Me er nøydde til å ha eit medvite forhold til nynorsken i det me gjer, seier Aasmund Nordstoga.

– Det er ikkje den lettaste vegen å gå, kan Odd fortelje.

– Men me har tatt eit val om å vere medvitne valet vårt, medvitne vår kultur og identitet og brukarar av nynorsk. Noko anna hadde vore unaturleg for oss. Og om me i det heile hadde forsøkt å gjere noko anna, så hadde foreldra våre passa på. Ja, om eg og Aasmund hadde vore sløve og gått over til bokmål, hadde me blitt arvelause begge to. Det er me heilt trygge på, ler han.

Men at dei brukar nynorsk, er ikkje spesielt for dei sjølve.

– Me får aldri kommentarar på at me syng på nynorsk. At intro-låten til Linus i Svingen er på nynorsk – det er berre slik det er, det. Det er ikkje noko spesielt for barn eller vaksne at det er slik, eg trur ikkje dei legg merke til det, fortel Odd.

– Og det synest eg er flott, legg han til.

Vener

– Det er fint at det er så naturleg å ha nynorsk som bruksspråk at det ikkje blir kommentert spesielt. Det er sjølvsagt kjekt å bli heidra i slike samanhengar, og det er kjekt å vere på Dei nynorske festspela – her nynorsken står så støtt.

Sjølv om dei begge er kjende musikarar og komponerer musikk – og i tillegg er brør, er det sjeldan dei opptrer i lag.

– Ja det er faktisk første gongen me er i lag på ei scene, kjem Odd på då vi snakkar med dei.

– Men det er heller ikkje mykje krangling, roar Aasmund oss og ler lunt i skjegget. (©NPK)

Desse har fått prisen

2014: Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga

2013: Gunnar Skirbekk

2012: Ingvil Bryn og Arill Riise

2011: Linda Sæbø

2010: Maria Parr

2009: Ottar Rekkedal

2008: ÅmliAvisa

2007: Guri Vesaas

2006: Kari Traa

2005: Kjartan Fløgstad

2004: Side Brok

2003: Martin Toft

2002: Ringstadvekk skole, Bærum

2001: Gerd Kjellaug Berge

2000: Karl Arne Utgård

(©NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...