Heim Nyhende – Alle gode krefter må samla seg om nynorsken

– Alle gode krefter må samla seg om nynorsken

– No er det viktig at alle gode krefter samlar seg om nynorsken, seier kommunal- og regionalminister og leiar i Senterpartiet Liv Signe Navarsete.

Ho er sterkt uroa etter Høgre på landsmøtet sitt nyleg vedtok at det skal vera frivillig for elevar i ungdomsskulen å læra seg skriftleg nynorsk

– Eg ser også at det kan vera andre som kan vera på glid i ei retning som kan verka forlateleg, men som på sikt kan underminera heile nynorsken, seier Navarsete til Nynorsk pressekontor.

Ho meiner det no er viktig at debatten kjem over på eit anna spor.

– Eg ønskjer å løfta debatten frå å vera av meir teknisk karakter til å bli eit verdispørsmål, seier ho.

Innspel frå Nynorsklaget

Tysdag møtte ho leiar i Nynorsklaget, Liv Ingebrigtsen, og rådgjevar Steinar Aas for å få innspel om nynorsken i skulen og kulturlivet.

– Som leiar i partiet og medlem i regjeringa er det viktig for meg å få innspel om dei prosessane som går føre seg, seier Navarsete.

Nynorsklaget er uroa over at kampen om nynorsken har spissa seg til.

– Mange går no hardt ut mot nynorsken. Det er ein av grunnane til at me har teke kontakt og ønskt å sameina alle gode krefter, seier mangeårig styremedlem Steinar Aas, som no er rådgjevar for Nynorsklaget.

Han får full støtte frå Navarsete om å slå ring om nynorsken.

– Det gjeld å samla dei viktigaste elementa til å stå i mot presset og så får det som er mindre viktig fara, meiner statsråden som ikkje trur presset mot nynorsken kjem til å bli svakare i tida framover.

Vil snakka med Halvorsen

Norskfaget var eit sentral tema på møtet mellom Navarsete og Nynorsklaget. Navarsete lovar at ho vil følgja opp saka med kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

– Ei av dei sakene vi snakka om var revisjon av Kunnskapsløftet. Der vil det bli lagt viktige føringar for norskfaget framover. I den samanhengen vil eg ta kontakt med min gode kollega, Kristin Halvorsen, og setja av tid til å snakka gjennom desse sakene med henne. Og så får me sjå korleis me tek det vidare, seier Navarsete, som er svært oppteken av å kjempa for at nynorsk og bokmål framleis skal vera jamstelt.

– Det er i skulen kampen vil stå når det gjeld å få lov til å halda fram å ha to jamstelte målformer. Dersom kravet om at ungdommen lærer seg nynorsk fell vekk, så kan vi heller ikkje oppretthalda kravet om at me skal ha to likestilte målformer, slår ho fast.

Dette er ei sak partileiaren også vil følgja opp i sitt eige parti.

– Ikkje minst trur eg det er viktig at Senterungdommen blir medvitne om kva dette betyr, seier ho.

Skeptisk til Lomheim

Tidlegare direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, har nyleg uttalt at han meiner det er nok å ha éin samlekarakter for hovudmål og sidemål i norskfaget. Navarsete er i utgangspunktet skeptisk til forslaget. Ho meiner det er viktig å ha karakterar i begge målformene for å gje faget tyngde.

– Eg er litt overraska over utspelet til Lomheim, men eg har ikkje gått inn i dette nok til at eg er trygg på kva han eigentleg meiner. Men litt skepsis må eg nok melda til han. Sjølv har eg vore oppteken av vi skal ha to karakterar, men dette er noko eg vil diskutera med min gode venn Lomheim.

Dersom det blir slik at elevane skal ha ein felles eksamen i norsk, meiner ho elevane må trekkja om dei skal ha eksamen i nynorsk eller bokmål.

– Det er heilt noko anna enn å seia at elevane skal ha eksamen i hovudmålet, noko som eg trur vil skvisa nynorsken rimeleg kjapt

– Betyr dette engasjementet ditt at du vil bli ein endå sterkare faneberar for målsak og nynorsk?

– Viss du ser bak deg, så står Storegut-prisen. Han forpliktar, seier Liv Signe Navarsete, som i 2007 blei heidra for god og levande nynorsk. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...