Heim Nyhende Alternativ til tradisjonell arbeidsturnus

Alternativ til tradisjonell arbeidsturnus

Ein har sidan 2005 testa ut alternative turnusar i helsesektoren, og i den nyaste Fafo-rapporten kjem det fram positive tendensar.

Sjukepleiarane har stilt seg tvilande til at den såkalla «Nordsjøturnusen» vil høva for dei, men dei som arbeider med utviklingshemma og psykisk sjuke i bufellesskap, ynskjer ordninga velkomen.

Dokumentasjon av ein ny trend

Fafo-rapporten «Forsøk med langturnusordninger i Bergen kommune» datert mars 2011 refererer resultat frå ei undersøking av korleis alternative arbeidstidsordningar påverkar arbeidsmiljø og rekruttering til tenester for utviklingshemma og psykisk sjuke. Det vert innleiingsvis vist til det aukande behovet for kompetent arbeidskraft framover og korleis dette kan dekkjast med tanke på rekruttering og betre utnytting av den eksisterande arbeidskrafta. Rapporten understrekar at det allereie er godt dokumentert at små stillingar ikkje er bra for tenestekvalitet, arbeidsmiljø eller rekruttering. Fagforeiningane er ikkje samde i at ordninga høver for alle. Ein har i fyrste omgang prøvd det ut i sektoren for utviklingshemma, og her stiller ein seg temmeleg samla bak forslaga om lengre arbeidsdagar.

Kompetanseheving

Ein av dei som støttar prøveordninga fullt ut, er einingsleiar ved Kompetanseenhet sør i Bergen kommune, Ørjan Hinna. Allereie på slutten av nittitalet kom han med framlegg om å prøva ut alternativ turnus, men fyrst i 2005 sette ein i gang ved Mildevegen bufellesskap. Mildevegen inngår framleis som ein av dei fem testplassane i Bergen.

– Me er fyrst og fremst opptekne av brukarane; å ha stabilitet i kvardagen betyr mykje for dei som er avhengige av hjelp i kvardagen. I staden for å få dagen broten opp av to eller tre vaktskifte, så får dei på denne måten meir ro i rutinane. Same person som vekkjer dei og lagar til frukost, er med dei i dei daglege gjeremåla og heilt til kvelden.

I tillegg til at brukarane er nøgde, så får han gode tilbakemeldingar frå tilsette, både vernepleiarar, pedagogar, hjelpepleiarar og assistentar så vel som dei som jobbar administrativt.

– Ordninga med å jobba intensivt fleire døger i strekk for så å ha fri gjer at dei tilsette kan fordjupa seg på ein annan måte. Mildevegen har for eksempel skift på 7 dagar i strekk. Me har sett tydeleg at den faglege kompetansen har vorten heva.

Rekruttering

Ei tilbakevendande problemstilling har vore korleis ein får nok folk i tenesta. Ustadige skiftordningar i ein relativt tung bransje gjer at rekrutteringa ikkje alltid har vore like lett. Ein av dei som har erfart dette, er Torbjørn Farestveit, assisterande leiar ved Fanafjellet bufellesskap.

– Fanafjellet ligg eit godt stykke utanfor sentrum og kan seiast å vera noko kronglete å koma seg til. Likevel så har me hatt så godt som null problem med rekrutteringa etter at me tok i bruk alternativ turnus. Eit direkte resultat av timefordelinga er at folk kan ta på seg større stillingar, noko som fører til kompetanseheving, som igjen gjev eit betre fagleg tilbod til brukarane. Eg skal ikkje påstå at det er løysinga på alle problema, men det ser i alle fall ikkje ut til å ha nokon negativ innverknad, snarare tvert i mot.

Ørjan Hinna seier seg einig i dette. Særleg det at meir adekvat utdanna folk ser på stillingane som attraktive, gjer at han håpar ordninga skal oppretthaldast.

Arbeidsmiljølova

Ein lyt ha eigen avtale som er heimla i unntaksløyve i arbeidsmiljølova for å kunna setja opp alternative turnusar. Om dette går gjennom, er opp til fagforeiningane. Forhandlingane vert tekne opp att kvart år, då turnusane bryt med arbeidsmiljølova som stadfestar inntil 9 timars arbeidsdag. Det kan verka som mykje byråkrati at ein ikkje kan halde ved lag avtalane for lengre periodar, men både Hinna og Farestveit ser nytten med ei årleg evaluering.

Forskingsleiar i Fafo, Leif E. Moland, seier at det kan ta mange år å verkeleg få stadfesta at ei ordning faktisk fungerer nok til at ho kan setjast ut i regulær praksis. Men om ein hadde kunna gått gjennom meir lokale instansar for endeleg godkjenning i staden for å ta det sentralt gjennom LO, så ville det kanskje korta ned handsamingstida. Carjet Demir, klubbleiar i Fellesorganisasjonen i Bergen Kommune, er ein av dei som jobbar med alternative arbeidstidsavtalar.

– Ein har uansett årlege samtalar og evalueringar på arbeidsplassane. Me stiller oss positive til å bruka arbeidstida alternativt for å oppnå høgare fagleg kvalitativ teneste. Om det gjev effekt med andre turnusar enn dei tradisjonelle, så held me ordninga ved lag slik. Eg trur likevel at det ikkje er negativt å ha FO som kontrollinstans her. Eit slikt samarbeid tyder på at organisasjonen tek avtalen på alvor. Sentrale ledd i organisasjonen set som vilkår at det skal vera lokal semje mellom arbeidsgjevar og tillitsvalde før dei eventuelt gjer eit vedtak om alternativ arbeidstid. Men om det er usemje i ein avtale lokalt, så er det ikkje slik at FO kan overstyra dei lokale einingane, seier Demir.

Kontinuitet for brukarane

Før ei verksemd innfører alternativ turnus, så får dei tilsette sjølve avgjera om dei skal vera med. Erfaringsmessig går dei aller fleste inn for dette. Det som har fått mykje fokus i media, er at Norsk sjukepleiarforbund stiller seg negativ til ei slik tidsfordeling med lange vakter. Då dei enno ikkje har innført pilotprosjekt, fell dei såleis utanfor den siste Fafo-rapporten.

Alternativ arbeidsfordeling i tenester for utviklingshemma og psykisk sjuke byggjer på erfaringa frå barnevernet. Torbjørn Farestveit fortel at ein har redusert talet på stillingar etter innføringa av den nye turnusen, noko han peikar på som nok ein positiv biverknad ved ordninga.

– Dei tilsette er særs nøgde, me har lite gjennomtrekk i staben, og naudsynt rekruttering går smertefritt. Ein ser òg at me økonomisk sett har gått frå over millionen i overtidspengar til ein tiandedel. Men ikkje minst: brukarane har ein kontinuitet i kvardagen som dei ikkje hadde før. Dei som jobbar på Fanafjellet er like viktige for brukarane om det er ein vanleg tysdag eller julaftan. Frustrasjonen over stadig avbrot i dei daglege rutinane er borte. Då er det lett å støtta ei slik ordning, avsluttar Farestveit.

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...