Heim Nyhende Vellukka test av e-val

Vellukka test av e-val

Ti kommunar skal til hausten prøva ut e-val i kommunevalet. Alle kommunane har gjennomført prøveval, og kommunaldepartementet er godt nøgd med erfaringane.

 

Dei ti kommunane som er med på prøveprosjektet der folk kan røysta heime på sin eigen datamaskin til hausten, har sjølve definert korleis prøvevala skal vera. Re kommune avslutta sitt prøveval som den siste av dei i midten av mai.

 

– Kommunane har hatt heilt ulike val i denne testen, alt frå val av ungdomsråd til folkerøystingar om eventuell bystatus, eller om kommunen skal ta initiativ til å slå seg saman med andre, fortel statssekretær Dag Henrik Sandbakken (Sp) i Kommunal- og regionaldepartementet. Han er godt nøgd med erfaringane dei har hausta.

– Det har vore nyttig. Prøvevala har avdekka nokre tekniske problem som me har retta opp att. Det vart til dømes rapportert om at fleire veljarar ikkje fekk kvittering på at røysta deira kom fram dit ho skulle, men i det siste prøvevalet i Re kommune var også det på plass, seier Sandbakken.

Veljarane som nyttar seg av tilbodet til kommunevalet i haust, vil ha same høve til å kumulera og endra på vallistene som dei som går til vallokalet og røystar på vanleg vis. Alle røyster blir krypterte og er ikkje sporbare tilbake til den einskilde veljaren. Sandbakken meiner e-val vil vera positivt for fleire veljargrupper.

– Det vil til dømes gjera valet meir tilgjengeleg for funksjonshemma og andre som har vanskar med å koma seg til vallokalet. Me ventar at det vil vera mange som nyttar dette tilbodet til førehandsrøysting, men det blir nok ganske marginale utslag på den totale valdeltakinga i desse kommunane, trur Sandbakken.

E-valløysinga vil også vera viktig når det gjeld administrasjonen av val og valresultat rundt om i Kommune-Noreg i framtida, meiner Sandbakken.

– Den løysinga me har valt, vil gjera at me får eit felles valadministrasjonssystem i alle kommunar. I dag står kommunane fritt til sjølve å kjøpa og bruka det systemet dei ønskjer. Dei ulike systema «snakkar» dårleg saman, seier han.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...