Då er sommarens siste lesetips her. I dag er det hjartesmil-bloggar Mariell Øyre som slår eit slag for både bok og magasin.
Namn: mariell øyre
Jobbar med:verdas største nynorskblogg og skriv på roman for samlaget.
Kva bok/lesestoff vil du anbefale i sommar: the red house av mark haddon. har óg eit par magasin på lur; oh comely og frankie. alltid inspirerande, kan bestillast på nett.
Kva er det med dette lesestoffet som gjer at du vil anbefale det:
the red house handlar om to søsken som tek opp att kontakten etter mor deira døyr. dei flyttar inn i eit hus på den engelske landsbygda med sine respektive familiar og blir meir eller mindre kjent med kvarandre og foreldrene sine på nytt. boka tar for seg denne familieferien frå dag til dag med mystiske tekstmeldingar, ei ut av skapet-oppleving, eit halshogge dyr, hypotermi og frukostblanding i mørket. den mest ekte familieskildringa eg nokon gong har lest. spesielt bra å lesa på familieferie. eller kanskje ikkje.