Heim Nyhende Ap vil løyva millionar til nynorsktiltak

Ap vil løyva millionar til nynorsktiltak

Går inn for meir til nynorsk i media, kommunane og på teaterscenen.

 

I dag, onsdag, legg Arbeidarpartiet fram sitt alternative statsbudsjett. Her føreslår dei å gi 2,2 millionar kroner til Nynorsk Avissenter, 2,5 millionar kroner meir til Det norske teatret og 1,6 millionar til Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

I regjeringa sitt budsjett var løyvinga til Nynorsk Avissenter og Landssamaslutninga av nynorskkommunar (LNK) stroken. LNK får i år 1,1 millionar som mellom anna blir brukt til å driva Framtida.no, Magasinett og Pirion, og hadde i til neste år søkt om 700.000 ekstra til å driva Framtida.no.

– Eg blei provosert då så å seie alt som gjeld nynorsk var fjerna frå regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Då er det ekstra kjekt å kunne legga fram ein slik pakke, seier stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø til NRK Sogn og Fjordane.

Partiet går òg inn for å auka løyvingane til pressestøtta med 55 millionar kroner.

– Det kjem mange nynorskaviser til gode, seier Heggø.

LES OGSÅ: Venstre vil løfta nynorsken i statsbudsjettet

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...