Heim Nyhende Åtte dagar med nynorsk kultur

Åtte dagar med nynorsk kultur

Nynorske litteraturdagar + Falturiltu barnebokfestival = til saman åtte dagar kor nynorsk kultur står i høgsetet.

Det heile byrjar i Aurland fredag 30. oktober. Då startar Nynorske Litteraturdagar 2009,  det fjerde i rekka. Litteraturdagane er eit prosjekt i regi av Aurland kommune, og dei samarbeider også tett med skirveprosjektet Littkrit. I løpet av det tre dagar lange arrangementet kan du bokbade saman med Cecilie Seinnes og Tove Bakke, Arnfinn Nordbø, guten bak boka “Betre død enn homofil?” kjem, teikneserieskaparen Øystein Runde er der og det blir norsk attraksjon med Linda Eide.

Litteraturdagane sluttar søndag kveld, men allereie måndag morgon er det ny festival. Barnelitteraturfestivalen Falturiltu på Stord arrangerast no for tredje året på rad. Her blir det aktivitetar frå dei yngste gjennom Bok og beibi heilt opp til seniorane som og får sin eigen post i programmet. Falturiltu legg opp til mange skulebesøk, også for skular andre stader enn på Stord. Årets festivaldiktar er Erna Osland.

Les også:

Litteratur bygger identitet

Osland til Falturiltu

Bjørlykke fekk ny pris

Barnebokfestivalen Falturiltu opnar på Stord

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...