Heim Nyhende Bakom Språkåret

Bakom Språkåret

«Velkomen til Best Western Hotell Bondeheimen. Message in English will follow…» For å få tak i mannen bak Språkåret må eg ikkje ned i kjellaren bak den låste døra der det står Vakt deg for leoparden, men gjennom den tospråklege telefonsvararen til Hotell Bondeheimen og verta sett over til eit hotellrom i hovudstaden. Der har eg fått ein time i telefonen.

 

Språkåret er ei raus og inkluderande feiring av det norske språkmangfaldet, står det på heimesida. Nynorsk er språket mitt. Eg vart fødd inn i det, i den heldige tidslomma der Bokklubbens barn gav ut parallellutgåver, og før alle dei bokmålsbadande barne-tv-kanalane. Og eg hadde nynorsk på skulen, som dei andre i klassen min på Garnes skule, i Arna utanfor Bergen. Likevel er me kanskje tre att som er nynorskbrukarar. Det er kanskje ikkje rart, når Arna er ein bydel i den språknøytrale bokmålsbyen Bergen.

Det er lett å forklara målbytet i Arna språksosiologisk, men det kjennest ikkje mindre som eit tap for det. Dei siste ti åra har skulemålsprosenten gått frå 60 til 40, skriv ein gamal kjenning på tekstmelding til meg. Ei i klassen som har hatt suksess og vorte designar, skriv nynorsk på facebookFacebook. Eg er uroleg for framtida til nynorsken der eg kjem frå. Og kanskje i forlenging av det, er eg uroleg for nynorsken si framtid, sjølv om eg har nynorsk rundt meg på nesten alle kantar på den nye heimstaden min, Volda City. Har denne uroa noko rom i strategien bak språkåret, eller er det berre slikt som skaper dårleg stemning? Og kva har språkåret å gje til oss som er urolege?

-– Så, kan ikkje du fortelja litt om tanken bak språkåret, korleis ideen kom til, du har heilt sikkert hatt noko med det å gjera.
-– Ideen er min, men idear vert jo til i eit miljø. Utgangspunktet var styremøta i Nynorsk kultursentrum, der me frå 2003 hadde «Perspektiv 2013» som fast sak for å sjå langt fram, sjølv om me då strengt teke hadde nok med å etablera Ivar Aasen-tunet, som hadde opna i 2000.
Ein av dei fyrste konklusjonane var at me ville gjera noko anna og større enn Ivar Aasen-året 1996. Aasen-året var viktig og vart eit mønster for mange seinare forfattarjubileum. Desse vart etter kvart ganske like kvarandre. Me ville gjera noko anna og større enn Aasen-året, og me ville fornya forfattarjubileet.
I 2007 byrja me å formulera målsetjingar ut frå tanken om kva det å gjera noko større og annleis enn Aasen-året innebar. Me ville sjå den nynorske skriftkulturen i ein større samanheng. Dei måla me formulerte då, er framleis med. Me ville gjera bokmålsbrukarar stolte av den språkdelte norske kulturen og like stolte over nynorsk som nynorskbrukarane er. Det byrja med det. Så tenkte me: «Ja vel, men då må me også gjera noko for at nynorskbrukarane vert meir stolte av og trygge på språket sitt.». Ein del nynorskbrukarar har jo eit dårleg språkleg sjølvbilete.

Kva som då skulle til, dukka opp ei mørk og litt svevnlaus natt på eit internt planleggingsmøte på Åndalsnes i januar 2008. Me må laga eit språkår! Styret slutta seg til framlegget, og me formidla eit notat på éi side til politisk leiing i Kultur- og kyrkjedepartementet. Der var arbeidet med språkmeldinga (Mål og meining) i sluttfasen. Regjeringa kunne ta ideen som sin i den meldinga, men om dei ikkje gjorde det, sa me at då tek me ideen attende og driv saka fram. I meldinga stod det berre at regjeringa ville kome attende til 200-årsjubileet for Ivar Aasen. Så då var det berre å halda på.

Og me veit at dei kom attende til det – I 2012 vart Språkåret 2013 utropt til budsjettvinnar i fleire avisoppslag. No ligg det ein eigen retorikk i det å kalla nokon for budsjettvinnarar, men det vart i alle fall nok pengar til å få på plass ei prosjektleiing og setja i gang. No er me så vidt inne i Språkåret 2013, og det vert hundrevis av arrangement. Dei fleste i arrangementskalenderen handlar om nynorsk, men det er også arrangement om historia til riksmålet og bokmålet, om omsetjing, samisk, dialektgransking med meir, og det vert stendig meldt inn nye tilskipingar.

-– Men er det sikkert at eit slikt arrangement for å feira alt språk vil styrkja sjølvkjensla til nynorskbrukarane?
-– Ja, det er eg heilt sikker på. Det finst mykje grums, men det har alltid vore der. Mange nordmenn har eit meir avslappa forhold til språklege skilnader no enn for nokre tiår sidan. Striden om Alta-Kautokeino-vassdraget var med og endra innstillinga til samisk blant etniske nordmenn, innvandring til osloområdet har gjort at folk møter fleire ulike språk enn før. Ting skjer, og haldningar endrar seg. Samstundes er det nok for somme lettare å vera for norsk enn for to norske språk, og det er lettare for nokre å akseptera spennande og eksotiske kulturar enn å ha forståing for nynorsk.

-– Er ikkje alt mange nynorskbrukarar så språkleg tolerante at dei sklir over i bokmål?
-– Det er mange grunnar til at nynorskbrukarar skriv bokmål, men dei har jo likevel nynorsken med seg. På ei personalsamling i Det norske oljeselskap nyleg dukka den eine ingeniøren etter den andre opp med nynorskbakgrunn frå skulen, og dei hadde eit romsleg syn på den norske språksituasjonen. Språkskiftarar har varierande tilnærmingar til bruk av bokmål og nynorsk. Språkskifte er ikkje uttrykk for språkleg toleranse, men viser det kulturelle hegemoniet i samfunnet.
Så veit vi jo at i praksis er nynorskbrukarane meir tospråklege enn bokmålsbrukarane. Å vera i språkleg fleirtal eller ha hegemoni, er inga enkel sak. Sjå berre kor lite orienterte mange innbyggjarar i supermakta USA er om verda utanfor. Dei som er i fleirtal, slepp unna ein del refleksjonar. Difor er det viktig for oss å finna fram til bokmålsmiljø som vil vera med og bruka Språkåret 2013.

-– Men det har ikkje vore så lett?
-– Nei, men ting er på gang, og me håpar mange bokmålsbrukarar vil feira både språket sitt og den språkdelte norske kulturen. På sett og vis er dette fyrste gongen nynorskmiljøet seier at me vil ha bokmål også, og at bokmål er eit viktig språk, slik nynorsk er det. Me inviterer til å visa gjensidig respekt. Kva me oppnår, vonar me at me kan måla gjennom svara i ei meiningsmåling vi gjorde i desember i fjor som me skal gjera om att i november i år

-– Kan ein òg sjå Språkåret 2013 som eit slags sidemålsprosjekt for alle dei som ikkje går på skulen (her prøver eg meg på eit smilefjes i telefonen)?
-– Eg vil ikkje plassera språkåret i dei kategoriane. Det skaper med ein gong assosiasjonar til spenninga mellom det friviljuge og det obligatoriske. Språkåret er heller den fyrste offisielle markeringa av at Noreg erkjenner seg sjølv som eit fleirspråkleg samfunn, også i moderne tid. Me insisterer på at me har to norske språk. Det ville ikkje vore ei ålmenn utsegn for 20 år sidan.
Det er viktig at fleire, som i tilhøvet mellom nynorsk og bokmål, arbeider for gjensidig respekt. Me er opptekne av at flest mogleg moglege arrangement kryssar språkgrensene i Noreg, og at språkbrukarane møter kvarandre på tvers av språklege skilje. Dette må gjerne følgjast opp med politiske støtteerklæringar, til dømes frå samisk miljø på politisk hald overfor målrørsla.

-– Men trass verdien av alle språkmøta, har Kristin Halvorsen rett når ho seier at det er «hovudmålselevane» som må redda nynorsken?
– I alle samfunn er det dei som har eit språk som sin bakgrunn, som ber det språket, men i alle samfunn er også status viktig. I Noreg som i andre land er difor spørsmålet om kor mykje fleirtalet nasjonalt skal kunna av det mindre brukte språket, viktig. At elevar med nynorskbakgrunn og bokmålsbakgrunn har ulike behov i skulen, er eit synspunkt Nynorsk kultursentrum har hatt lenge, men Språkåret 2013 er ikkje ein politisk aktør som meiner noko om dette. Språkåret slepper alle til og gjev dei høve til å bli høyrde av fleire, same kva dei meiner. 

-– Trur du Språkåret 2013 har noko å seia for nynorskidentiteten i Arna?
-– Korleis dette verkar lokalt og individuelt, er umogleg å seia. Det har mest å gjera med kva som blir gjort i kvart einskilt lokalsamfunn. Under Ivar Aasen-året var det ein del målfolk som meinte at ei slik markering ikkje var relevant eller viktig språkpolitisk arbeid. Dei meinte det var for mjukt. No er det lett å sjå noko me ikkje tenkte på under planlegginga, ; at den tenkinga som ligg til grunn for Språkåret 2013, er svært tidstypisk. Det vert tenkt annleis og opnare enn før om språk i mange land. Jamvel i Frankrike driv folk og skiftar meining på høgste hald.

-– I språkåret snakkar de om mangfald, respekt og toleranse. Det andre ordet som vert brukt mykje i ordskifte om nynorsk om dagen, er eksponering: Nynorskbrukarar må eksponerast meir for språket sitt for å verta støe. Men for nokre år sidan snakka i alle fall målrørsla mykje om å velja nynorsk. No verkar det som om det å snakka om val har forsvunne. Kva tenkjer du om det, er det eit tap?
-– Det kan det godt henda du har rett i. Eg trur at dersom du vert meir eksponert for eit språk, vert også spørsmålet om val mindre relevant. Dette kan vera viktig mellom anna for kommunar og kommunalt tilsette. Kommunane er blant dei viktigaste språkbrukarane og største tekstprodusentane i samfunnet, men slik ser nok dei færraste av dei på seg sjølve.

-– Ja, for kommunar er kanskje ikkje det å velja det mest sentrale perspektivet, men for språkbrukarar, til dømes skuleelevar som veks opp kring Bergen og ser at nynorsken er utfordra …
-– Det er større mekanismar som slår inn her òg enn dei individuelle vala, dei større strukturane har meir å seia. Sentraliseringa på 50- og 60-talet var eit problem for nynorskbrukarane, slik som den enorme folkeveksten i osloområdet er det i dag.
Det er ein tankekross at mange nynorskkommunar gjev nye innbyggjarar frå andre land opplæring på bokmål fordi dei ikkje reknar med at dei vert buande. Det er ein politisk defaitisme eg ikkje greier forstå. Dei må jo gjera det dei kan for at folk skal verta buande, og vegen til å verta bufast og integrert går gjennom språk og kultur. Bokmålskommunar har også eit ansvar for at dei som kjem, får høve til å ta innover seg den språkdelte norske kulturen. Det er ein tendens til å tenkja at folk som kjem frå andre land, kjem til ein vanskeleg språksituasjon, men dei fleste land har ein vel så kompleks språksituasjon som Noreg.

Her nærmar tida vår seg slutten, faktisk mindre enn ti minutt att av timen. Grepstad har eit møte som nærmar seg.

-– Heilt til slutt då: Kva strategiske utfordringar ser du for nynorsken i kommune og skulen?
-– At fleire flyttar til eller vert buande i område som i dag er nynorskområde. Det trur eg har meir å seia enn eksamensordningar. Med det seier eg likevel ikkje at læreplanar er uviktige, for det er dei ikkje. Kan språkåret gjera noko med kommunane sin språkpolitiske defaitisme, har me gjort noko viktig.

Ok. Språkrådet er altså ei feiring av alt språket i Noreg og ein freistnad på å skapa gjensidig respekt mellom språkbrukarane. Fint. Det mannen bak det heile svarer til uroa mi, er at det er territorium som tel. Framtida til nynorsken er avhengig av folketalsutviklinga i nynorskkommunane. Ja vel. Då kan me velja å sjå nynorsken i barndomsbydelen min anten som dømd (sidan Arna ikkje har eigne grenser, ligg sju minutt frå Bergen, og at kommunen sine bydelsnettsider konsekvent nyttar bokmål), som eit eventyr (sidan nynorsken har halde seg relativt godt i skule, lokalavis og lokalsamfunn trass eit konsekvent bokmålspress ovanfrå), eller som ei oppmoding til såkalla språknøytrale kommunar om å sjå kva dei har å ta vare på.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...