Heim Nyhende Bed kommunane krevje sin rett

Bed kommunane krevje sin rett

– Eg vil på vegner av Kulturdepartementet oppmode alle kommunar om å klage til oss når mållova blir brote.

Det var ei av utfordringane statssekretær Kjersti Stenseng i kulturdepartementet gav til kommunane under opninga av landstinget til LNK i dag.

Eit godt fungerande lovverk er avgjerande for at nynorsken skal stå støtt i framtida, men undersøkningar har vist at den offentlege forvaltninga syndar mot denne ved mellom anna å ikkje kommunisere med kommunane på den målforma kommunen bruker.

Stenseng seier at berre ved å få kritikken og brota på lovverket på bordet kan ein få problemet til syne og gjere noko med det. Ho understreka også at dette ikkje er meint som ei ansvarsfråskriving frå departementet si side, men peiker på at det er få om nokre sanksjonsmoglegheiter ein har ved brot på mållova.

Departementet jobbar med haldningsendringar og å gjere det tydlege at dette er eit leiaransvar, seier ho.

– Men eg veit at vi må gjere dette i hop.

Samstundes viste Stenseng til arbeidet Kulturdepartementet gjer no i arbeidet med ei ny språklov, og regjeringa sitt arbeid med å fornye kulturløftet. Den nye språklova slår fast at norsk er nasjonalt hovudspråk i Norge.

– Det er ingen planar om å gå vekk frå jamstellingsprinsippet i denne lova. Vi skal sikre statusen og bruksfelta til nynorsken, ikkje svekke dei, lovar Stenseng.

LNK sitt landsting held fram utover dagen, med mellom anna paneldebatt om nynorsk i media og innlegg om nynorsk i film og på scena.

LNK arrangerer landsting annakvart år, og det går på rundgang hjå medlemskommunane. På landstinget samlast medlemskommunane og andre tilknytta organisasjonar og einskildpersonar til fagleg påfyll og språklege frispark. LNK held dessutan årsmøte i løpet av landstinget. 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...