Heim Nyhende Belsvik får Løland-stipend

Belsvik får Løland-stipend

 

Rune Belsvik får Rasmus Lølands-stipend for 2012. 

Samstundes blir Ingrid z. Aanstad tildelt Rogaland fylkeskommunes litteraturstipend. Begge stipenda er på 100 000 kroner.

Rune Belsvik (56) debuterte i 1979 med ungdomsromana Ingen drittunge lenger. Etterpå er det blitt over tjue bøker for barn og ungdom, i tillegg til nokre vaksenbøker pg skodespel. I 2000 vart han tildelt Brageprisen, og Kulturdepartementets litteraturpris for barnebøkene om Dustefjerten.

Belsvik er født i Haugesund og vaks opp på Stord. I dag bur han i Randesund i Kristiansand.

– Belsvik er ein uredd forfattar som har hausta lovord og skapt debatt. Det er i god Løland-ånd, seier Stig Beite Løken i ei pressemelding.

Det er det litterære rådet til NBU (Norsk barne- og ungdomsbokforfattere) som innstiller stipendvinnaren.

– Belsvik er ein produktiv forfattar med ei særmerkt forfattarrøst, og han har eit orginalt univers å by på. At han er ein uredd og kompromisslaus forfattar viste han mellom anna med barneboka Tjuven i 2009, som vekte stor debatt, harme men også rosande røyster. Belsvik er med andre ord ein godt etablert forfattar, skriv dei i grunngjevinga.

Stipendet i Rasmus Løland sitt navn blir delt ut til ein forfattar som har skrevet barne-eller ungdomsbøker, og vart første gongen tildelt i 2007.

Ingrid Z. Aanestad (29) får i tillegg Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend. Aanestad  som er frå Klepp i Rogaland debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har sidan gitt ut to romaner.

– Det er hyggelig å kunne bidra til utviklinga av forfattertalent frå regionen. Eg har lese alle bøkene hennar og set stor pris på forfattarskapen, seier Stig Beite Løken i fylkeskommunen.

Belsvik og Aanestad mottar stipenda av fylkesordfører Janne Johnsen under fylkestingets møte i Haugesund 12. juni.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...