Heim Nyhende – Statistikken er ikkje god nok

– Statistikken er ikkje god nok

– Utdanningsportalen Vigo kan ikkje brukast som statistikk over kva målform elevane har, slik denne portalen no er utforma. Det må me gjere noko med, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Elisabet Dahle.

Noregs Mållag ber no Kristin Halvorsen rydda opp i registreringa av nynorskelevar. Dei vidaregåande skulane brukar programmet Vigo når elevane skal søkje om skuleplass, her blir dei spurt om dei ynskjer bokmål eller nynorsk, dersom dei ikkje svarer på det spørsmålet blir dei atuomatisk registrerte som bokmålselevar. Det er fylkeskommunane sjølve som eig og driv nettportalen Vigo.


– Uheldig
Dette er bakgrunnen for at Hordaland fylkeskommune til dømes har registrert 10 % nynorskelevar frå Stord kommune, medan Stord vidaregåande skule melder at 90 % av avgangselevane har nynorsk som hovudmål.

Les også: Ber Halvorsen rydde opp

– Dette er uheldig, og nettopp eit døme på at denne registreringa ikkje kan nyttast som statistikk. Eg meiner det må vera i fylkeskommunane si interesse å få meir presis registrering av elevane sin ynskjer om målform. Me vil no be fylkesmennene via utdanningsdirektoratet å ta saka vidare. Kanskje bør ein rett og slett ta dette spørsmålet ut av søknadsprosessen, seier Elisabet Dahle til lnk.no.


Kan velje målform
Ho viser til at ein har fleire statistikkar som derimot er truverdige, blant anna rapporterer grunnskulane inn kvar haust kor mange elevar som har nynorsk og kor mange som har bokmål i 10. klasse. I tillegg er det gode statistikkar på målform i avsluttande eksamen på vidaregåande.

– Elevane kan velje målform kva tid dei ynskjer og evtentuelt byta målform undervegs. Dette er ein rett alle elevar har, uavhenging av kva dei har kryssa av for tidlegare, slår Dahle fast.

Ho kan ikkje seie noko om kor lang tid det vil ta før registreringsprogrammet eventuelt blir endra.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...