Heim Nyhende Bergen kan bli nynorsk hovudstad

Bergen kan bli nynorsk hovudstad

 

– Tanken er å etablere nynorskscena i Bergen, seier teatersjef Trond Birkedal på Hordaland Teater.

– Me har som mål å flytte Hordaland Teater inn til Bergen sentrum, i dag held me til i Fana.  seier Birkedal til LNK-avisa.

Tunge aktørar som Kultur Vest, Hordaland fylkeskommune, Nynorsk kultursentrum og altså Hordaland Teater deltek i debatten om me treng ein nynorsk hovudstad på Vestlandet. Det var bakgrunnen for eit møte om eit mogleg nynorsksenter i Bergen.

– Ein gong trong Venstre målsaka for å bli stort og ta makta. Det fekk målsaka mykje att for. I dag treng Bergen nye alliansar for å hevde seg på Vestlandet. Ein blir ikkje verande hovudstad på Vestlandet utan å gjere seg fortent til det. Bergen må forvalte all den økonomiske, kulturelle og språklege makta som skaffast kan, skriv direktør ved Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad i ei innleiing han heldt på møtet.

– I dag treng Bergen oss nynorskbrukarar. Me nynorskbrukarar treng Bergen. Me treng ein storby som ikkje berre hevdar, men også praktiserer språkleg respekt på ein heilt annan måte enn den forakta for nynorsk som renn i gatesteinane i Oslo, og på absolutt avstand til den forakta for bygdefolks talemål som lenge blei dyrka også i Bergen, skriv Grepstad vidare. Han slutta seg til Einar Førde sine kjende ord: Nokon må snakke saman for at noko skal bli gjort.

 

Tett på nynorsken
Ottar Grepstad legg vekt på at ynsket til Hordaland Teater om å flytte inn til Bergen sentrum har utløyst eit spørsmål om ein kunne gjort noko meir. I dag er fleire alternativ lufta, alt frå eit nynorsk senter i Bergen til ein møteplass der folk kan møtast. Det er mange institusjonar som ikkje snakkar mykje saman i dag.

– Tradisjonelt sett ligg Bergen tettare på den nynorske kulturen og er dermed eit betre alternativ enn Stavanger, seier Grepstad til LNK-avisa.

Det nye teateret blir ofte omtalt som eit Jon Fosse-teater, noko teatersjef Birkedal ristar lett på hovudet av.

– Det er ei misforståing. Det var vår tidlegare fylkesordførar (Torill Selsvold Nyborg, red.merk.) som føreslo det ein gong, at teateret kunne heite Jon Fosse-teateret. Men sjølv om Fosse støttar planane, har han aldri sagt at det nye teateret skal heite Jon Fosse-teateret.

– Kva skjer no vidare med planane?

– No ligg ballen hjå fylkeskommunen. Dei skal ha eit møte i juni der dei skal vurdere eit prinsippvedtak om flytting av teateret.

Hordaland fylkeskommune er den største eigaren av Hordaland Teater. Birkedal meiner det på tide å etablere ei nynorskscene i Bergen.

– Det finst jo ingen nynorske organisasjonar her, alle er i Oslo. Nynorskscena i Bergen vil forhåpentleg få same funksjon her som Det Norske Teatret har i Oslo. Det er mange fleire nynorskbrukarar her, tenk berre på forfattarmiljøet, på skodespelarane og alle studentane her som kjem frå område der nynorsken er viktig.

 

Sterke kompetansemiljø
Pål W. Lorentzen er styreleiar i Kultur Vest, ein paraplyorganisasjon for kulturorganisasjonar i Bergen. Kultur Vest er ein av initiativtakarane bak tanken om eit nynorsk senter i Bergen.

– Vårt utgangspunkt er at Hordaland Teater gjerne vil ha ei ny lokalisering sentralt i Bergen. Dermed kom tanken om å skape ein arena som kan brukast av fleire. Eg trur nok Bergen vil spele ei viktig rolle dersom ein skal etablere ein nynorsk hovudstad på Vestlandet.

Fleire av aktørane peikar på at dette ikkje er meint som ei sentralisering av allereie eksisterande institusjonar, men som eit knutepunkt der nynorsk kan samlast på Vestlandet. Det blir også gjeve uttrykk for at dette bør bli eit senter der ein kan samle ulike aktørar innan kulturlivet.

– Det var eit positivt møte, der det var stor semje om at ei form for institusjonell samling i Bergen må til for å styrkje arbeidet med nynorsk språk og kultur. Kvifor skal Oslo vere nynorskhovedstaden? Bergen har mange sterke kompetansemiljø som saman med resten av Vestlandet og landet bør aksle eit slikt arbeid, seier fylkeskultursjef i Hordaland, Anna Elisa Tryti. Ho nemner Nynorsk kultursenter, Hordaland Teater og Skrivekunstakademiet som viktige aktørar i tillegg til biblioteka og litteraturhusa i Bergen og Odda.

– Hordaland fylkeskommune har i forslag til planprogram for ny regional kulturplan, som no skal sendast ut på høyring, foreslått behovet for ein nynorsk kulturstrategi som eit av dei punkta me vil ha tilbakemeldingar på, seier ho. Ho legg vekt på at dei fleste kommunane i Hordaland lik Hordaland fylkeskommune har nynorsk som administrasjonsspråk, og at dialektane i Hordaland ligg nærast opp til det nynorske skriftspråket.

Nynorsk skriftspråk er likevel under sterkt press, og talet på born og unge som har nynorsk som hovudmål i skulen, er i sterk nedgang.

– Oslo og ikkje Bergen har dei viktigaste nasjonale nynorskarenaene og institusjonane. I kulturplanen vil det vere eit viktig tema å finne virkemiddel til å fremje nynorskkulturen og Bergen si rolle som viktig by for nynorske institusjonar og kulturytringar. Planprogrammet vert handsama i kultur- og ressursutvalet denne veka. Tryti meiner dessutan at det er spanande med den positive samhandlinga mellom dei tre nynorskteatra, Det Norske Teatret, Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...