Kjell Lars Berge meiner kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) nekter å tilsetje han som ny direktør i Språkrådet fordi ho vil unngå politisk motstand.
Berge vart våren 2010 kontakta av eit hovudjegerbyrå som meinte han burde søkje på stillinga som ny språkdirektør. I sommar innstilte styret i Språkrådet Berge som einaste kandidat til stillinga. Likevel valde kulturministeren å lyse stillinga ut igjen i haust.
Noko Berge reagerer sterkt på. I ein kronikk i Dagbladet skriv han:
– Når statsråd Huitfeldt lyser ut stillinga som språkdirektør på nytt, må det vere for å sikre seg at språkdirektøren sine ytringar i framtida blir knebla. Og slik fortel ho klart til oss alle at ein eigentleg ikkje skal ta stortingsmeldinga «Mål og mening. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk» på alvor.
Les også Språkrådets direktørfloke i Aftenposten.