Heim Nyhende Berre halvparten fullfører vaksenopplæringa

Berre halvparten fullfører vaksenopplæringa

Berre halvparten av dei som begynner på grunnskuleopplæringa for vaksne fullfører, og berre halvparten av dei som fullfører, fortset på vidaregåande skule.

Likevel er det fleire enn før som fullfører vaksenopplæringa. I skuleåret 2004-2005, var det berre ein tredel som fullførte grunnskuleopplæringa for vaksne. Det viser ei ny undersøking frå Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (Nova), skriv Forskning.no.

Vaksne fekk i 2002 lovfesta rett til opplæring på grunnskulenivå, og dei har også rett til vidaregåande opplæring dersom dei ikkje har fått det tidlegare. I skuleåret 2011/2012 var det i overkant av 10.000 deltakarar i grunnskuleopplæringa for vaksne. På vidaregåande var det 20.000 deltakarar.

– Berre 15 prosent av dei som fullførte grunnskuleopplæringa, har regelmessig tilknyting til arbeidsmarknaden året etter, fortel Marianne Dæhlen, som har leidd prosjektet.

Til samanlikning har heile to av tre som fullførte vidaregåande opplæring, ei fast tilknyting.

– I tillegg finn vi at fire av ti deltakarar med oppnådd studiekompetanse begynte på høgare utdanning, seier Dæhlen.

Heile 96 prosent av dei vaksne deltakarane i grunnskuleopplæringa og 30 prosent i vidaregåande hadde innvandrarbakgrunn i skuleåret 2008/09. Manglande faglege og språklege føresetnader er den vanlegaste årsaka til at deltakarane med innvandrarbakgrunn ikkje fullfører opplæringa. (NPK)

kari@npk.no

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...