Heim Nyhende Best i språk

Best i språk

– Elevane i Sogn og Fjordane er nok generelt betre i språk enn elevar i andre delar av landet, seier leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård til nrk.no.

Årsaka er, ifølgje Øvregård, at elevane i Sogn og Fjordane møter både bokmål og nynorsk. 

– Elevane her i fylket er i stor grad både trygge i hovudmålet sitt, nynorsk, samstundes som dei ser så mykje sidemål rundt seg, at dei forstår og greier å både lese og skrive det ganske så lett.

Førebelse tal frå Utdanningsdirektoratet frå eksamen i grunnskulen våren 2012 viser at sidemålskarakteren til elevane i Sogn og Fjordane er nesten ein halv karakter betre enn landsgjennomsnittet skreiv framtida.no i forrige veke. 

På lnk.no kan du lesa kva spaltist og førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordande, Jan Olav Fretland, skriv i ein kommentar om å veksa opp i fylket; «Alle kommunane har nynorsk tenestemål, og 97 % av kyrkjesokna brukar nynorsk liturgi. 14 000 elevar i grunnskulen har nynorsk, medan rundt rekna 384 har bokmål, og berre 10 % av elevane på vidaregåande byter til bokmål. På landsplan er det 50 %.»

Les heile kommentaren til Fretland på lnk.no.

Les heile saka på nrk.no

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...