Heim Nyhende Bli ven med herr og fru Garborg

Bli ven med herr og fru Garborg

På Facebook kan du no bli ven med Arne og Hulda Garborg, viss du vil.

Ekteparet fekk kvar sin personlege profil på Facebook sist veke, og i skrivande stund har Arne 114 vener og Hulda 144. Det er Nasjonalt Garborgsenter som står bak profilane, og det er formidlar Ørjan Johansen som “snakkar” på vegner av dei båe.

– Utgangspunktet for dette er å få litt meir fart på heimesidene og Facebooksida til Nasjonalt Garborgsenter, seier Johansen. – Berre på halvanna veke opplever vi no at profilane har byrja leve sitt eige liv, og vi er ganske overvelda av responsen.

Johansen er ikkje i tvil om at ekteparet Garborg har noko å melde i samfunnsdebatten, også i dag. – Båe to var svært aktive i frigjeringskamp og i språkkamp, og tankegodset deira er like gyldig i dag som då. Arne Garborg er ikkje berre ein viktig forfattar, han er like viktig som filosof, meiner Johansen.

Men det er førebels ikkje dei store eksistensielle spørsmåla folk vil prate med Hulda og Arne om, i alle fall ikkje på Facebook.

– Folk synest først og fremst dette er morosamt, seier Johansen, som heller ikkje legg skjul på at Nasjonalt Garborgsenter beveger seg i ei gråsone når dei no har oppretta personlege profilar for ekteparet. Det er strenge reglar for kven som får opprette personlege profilar på Facebook, og bedrifter og organisasjonar kan til dømes ikkje ha personlege profilar.

– Vi er klar over det. Og samstundes så er det veldig tydeleg for publikum kven som er avsendar her. Det er Garborgsenteret som “er” Arne og Hulda Garborg, og det kjem klart fram på sidene deira. Meir offisielt kan det ikkje bli. Dessutan er det ikkje slik at vi har kuppa identiteten til levande personar, seier Ørjan Johansen, som håper paret får eit langt og aktivt liv på Facebook. – Med kvar sin profil kan Arne og Hulda Garborg no vere med og diskutere aktuelle saker på Nasjonalt Garborgsenter si Facebook-side, også med kvarandre.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...