Heim Nyhende Bondeheimen og Heimen Husflid fyller 100

Bondeheimen og Heimen Husflid fyller 100

– Vi er ein ung og vital 100-åring, seier konsernsjef Hans-Jul Mikkelsen i Bøndenes Hus AS.

hjmikkelsenKonsernsjef Hans-Jul Mikkelsen i Bøndenes Hus. – Bøndenes Hus er eit unikt hus, med ein aktivitet og ei historie få kan måle seg med. Dette er eit av dei største kompetansesentra innan bunadstilverking i landet, vi har Oslos best belagte hotell, og vi tek vare på norske mattradisjonar. Vi har aldri skifta namn, og Bondeungdomslaget i Oslo har alltid vore eigaren vår, held Mikkelsen fram.

For å markere jubileet arrangerer hotellet gatefest 8. juni, og dei har fått ordførar i Oslo kommune, Fabian Stang til å opne gatefesten. I tillegg blir det barneaktivitetar, veteranbilutstilling, danseoppvisning, bunadscatwalk, folkedanskurs og hallingkurs for barn og vaksne. Historikar Alfred Fidjestøl vil fortelje om teaterslaget då Det Norske Teatret opna i Teatersalen i Bøndenes Hus i 1913. Her kjem også blant andre Valkyrien Allstars, Aasmund Nordstoga med band og det blir barneunderhaldning med Kattene på Grønland. Idrottslaget, Teaterlaget, Songlaget, Leikarringen og Barnelaget i BUL er også med.

Bøndenes Hus får Olavsrosa

Under 100-årsjubiléet 8. juni får Bøndenes Hus AS tildelt Olavsrosa frå Norsk Kulturarv. Fylkesmann Valgjerd Svarstad Haugland vil vere til stades.

– Bøndenes Hus med Bondeheimen, Kaffistova, Heimen Husflid og Bondeungdomslaget i Oslo blir tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa for god ivaretaking av ein bygard med høg arkitektonisk verdi og for eit framifrå kulturinnhald i drift og verksemd, heiter det i grunngjevinga.

Kvalitetsmerket Olavsrosa blir tildelt stader av høg kvalitet som har grunnlag i den norske kulturarven og som er ope for publikum. Det blir lagt vekt på at det ligg interessant og verdifull kulturhistorie til grunn for tilbodet. Tildelinga vil skje under 100-årsjubiléet 8. juni 2013.

– Legendarisk hotell

Hotell Bondeheimen i Oslo er saman med mellom andre Kaffistova og Heimen Husflid, dotterselskap av Bøndenes Hus. Hotell Bondeheimen og Kaffistova, slik dei no ligg i Rosenkrantz’ gate 8, vart grunnlagt i 1913. Alle romma på hotellet er tileigna ein forfattar eller kulturperson og hotellet har mange stamgjestar frå kultur- og samfunnsliv.

– Bondeheimen har vore ein tilhaldsstad for alle slags folk gjennom hundre år. Det skal vi også vere i framtida. Vi er stolte av at vi framleis er eit sjølvstendig hotell, der historia sit i veggane, og overskotet går til kultur-og idrettsaktivitetar, seier hotelldirektør Nina Baroudi.

Arthur Buchardt uttalte til og med at Hotell Bondeheimen i Oslo er eit av landets mest legendariske hotell.

– Bondeheimen har det som skal til for å bli kalla legendarisk. Det har veldig god beliggeneheit, god mat, hyggelege tilsette og ein bygning der historia sit i veggane, uttalte Buchardt til Adresseavisen.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...