Heim Nyhende – Bør styrke sidemålsopplæringa

– Bør styrke sidemålsopplæringa

– Kunnskapsministeren har ved fleire høve sagt at ho er uroa over at mange elever byter frå nynorsk som hovudmål til bokmål. Men svaret på dette er ikkje å svekkje sidemålsordninga ytterlegare, heiter det eit brev underskrive av fleire kjende forfattarar. 

– Utdanningsdirektoratet har levert eit framlegg til ein ny læreplan i norsk. Før sommaren skal regjeringa ta stilling til dette framlegget. Utgangspunktet var å rydde opp i den gjeldande læreplanen og såleis lette arbeidspresset på lærarane. Diverre har denne ryddejobben gått hardt ut over sidemålsordninga, noko som skader posisjonen nynorsk har i skulen. Me er difor svært skeptiske til dette framlegget om ny læreplan, skriv forfattarane. 

Både Oskar Stein Bjørlykke, Kjartan Fløgstad, Åsmund Forfang, Ragnar Hovland, Paal-Helge Haugen, Per Olav Kaldestad, Marit Kaldhol, Rønnaug Kleiva, Eldrid Lunden, Karin Moe, Erna Osland, Arild Stubhaug, Einar Økland, Eirik Ingebrigtsen og Lars Amund Vaage har skrive under på oppropet. 

– Stridsspørsmålet er kor mykje nynorsk bokmålselevane skal lære. Utdanningsdirektoratet sitt svar er krystalklårt: ikkje så mykje som i dag. Men ei god opplæring i sidemålet sikrar grunnlaget for ei språkleg jamstilling. Det sikrar at nynorskbrukarane kan nytte språket sitt over alt, og det sikrar den nynorskkompetansen ein treng for å kunne halde oppe nynorsk tekstproduksjon og å lære opp nye nynorskbrukarar. Dette kan ikkje erstattast med ein tidleg introduksjon av nynorske bøker og generelle refleksjonar over språk. Nynorsk er eit nasjonalt språk, og ei svekking av den skriftlege sidemålsopplæringa kan få alvorlege konsekvensar, held dei fram. 

Dei viser også til at Kunnskapsministeren ved fleire høve har sagt at ho er uroa over at mange elever byter frå nynorsk som hovudmål til bokmål.

– Men svaret på dette er ikkje å svekkje sidemålsordninga ytterlegare. Det avgjerande for elevar som byter språk, er kva status nynorsk har. Opplever elevane nynorsk som lite viktig, blir språkskiftet stort. Framlegget frå direktoratet seier at kunnskap i sidemålet ikkje skal målast likt med kunnskapen i hovudmål, og at undervisninga skal avsluttast i andre klasse i studiespesialiserande på vidaregåande skule. Dette er ei svekking av ambisjonane for sidemålsopplæringa, og i praksis ei svekking av nynorsk i område med bokmål som hovudmål. Framlegget til ny læreplan skaper difor eit endå større rom for språkskifte. Kunnskapsministeren stiller rett diagnose, men nyttar heilt feil medisin, skriv forfattarane. 

– Dess lågare den ålmenne sidemålskompetansen i samfunnet er, dess større vert presset på nynorskbrukarane. Svekkjer ein sidemålsordninga, svekkjer ein nynorsken. Underteikna forfattarar vil difor be regjeringa avvise framlegget til Utdanningsdirektoratet.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...