Heim Nyhende Hokjønn på veg ut

Hokjønn på veg ut

 

Hokjønn er på veg ut av dialektane, i alle fall dei nordnorske.

Språkforskarar ved Universitetet i Tromsø har sett nærare på bruken av hokjønn i dei nordnorske dialektane, og dei ser at hokjønn er på veg til å forsvinne i somme av desse. Uttrykk som «klokka min» er ikkje grammatikalsk korrekte, men blir brukt i nokre av dialektane.

– Variasjonane i til dømes Nordreisa, Hammerfest eller Kirkenes er interessante. Det betyr ikkje at nokon har rett eller feil, men variasjonen er spennande, seier forskarane Åse Mette Johansen, Phillipp Conzett og Hilde Sollid ved Universitet i Tromsø til NRK Nordland.

Hokjønnsformer ser ut til å forsvinne særleg i område kor norsk har tett kontakt med kjønnslause språk som samisk, og det har vore mykje stigmatisering og negative haldningar knytte til nordnorsk talespråk, meiner forskarane. Dette ønskjer dei no å sjå nærare på.

– Dialektane har ein stolt brukarskare bak seg. Dei er stolte av dialekten sin. Det er nok noko av faktoren som forklarar kvifor eit slikt fenomen framleis eksisterer. Folk synest dialekten fungerer og er stolte av det, seier professor Hilde Sollid.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...