Heim Nyhende Borna sine nye superstjerner

Borna sine nye superstjerner

Det var ikkje Hannah Montana eller Spiderman som vann borna sine hjarte under barnearrangementet på Nynorske litteraturdagar, men Maria Parr og Lars Mæhle, barnelitteraturen sine nye superstjerner.

 

I ein av dei store salane på Fretheim Hotel i Flåm har det samla seg mange små og litt større born. Dei prøver å sitje i ro på stolane sine, sjølv om det ikkje er så enkelt. Det nærmar seg litteraturdagane i Aurland sitt første barnearrangement for året, Kriminelt vaffelmøte, og det er ikkje nokon kven som helst som skal underhalde. Sjølv om namna ikkje er så kjende, har forfattarane sine historier allereie nådd både TV-skjermen og filmlerretet. Lars Mæhle er forfattaren bak den populære ungdomsboka Keeperen til Tunisia, som vart filmatisert med kjempesuksess med tittelen Keeper’n til Liverpool. I år er han aktuell med boka Harry og Ivars detektivbyrå, den fjerde boka i serien om to heltar i sin beste alder, som no har teke steget heilt ut og starta sitt eige detektivbyrå.

 

Latterhikst og spaning

Mæhle er ikkje ein spesielt svært stor mann, men når han byrjar å lese utdrag frå den nye boka si, er det som om han held all makta i rommet i den bare knyttneven sin.

– Inn på tunet skrir ei skyhøg kvinne. Ho vandrar bortover grasplenen med bein som nesten rekk opp til himmelen, og ho har ei gynge i gangen som får henne til å likne ein fotomodell. Kvinna er kledd i ein elegant sommarkjole – kvit og dandert med raud- og gulsprakande blomstrar. Enda dei er i oktober, les Mæhle frå Harry og Ivars detektivbyrå.

Ein liten gut med blondt hår og krøllar byrjar å le og klarar ikkje heilt å slutte. Hikstinga varar lenge, då Mæhle berre held fram med å lese om dei morosame og merkelege mennene som prøver å leike detektivar.

Sjølv om forfattaren er kledd i svart, har mørkt skjegg og hår, lyser han opp rommet og les med ei voldsam innleving. Når han ikkje les frå boka, dreg han med seg borna på eit par songar om å ha paprika og gulrøter i nasa.

Den nye Astrid Lindgren

Maria Parr har blitt kalla barnelitteraturen si nye superstjerne og den nye Astrid Lindgren. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, men fekk sitt store gjennombrot med boka Tonje Glimmerdal i 2009. Bøkene er omsette til fleire språk, og trass den unge alderen har Parr vunne fleire litterære prisar. Parr skriv lett og ledig om glede og alvor, venskap og sorg i bøkene sine.

Og i haust gjekk forteljinga om Trille og Lena i Vaffelhjarte som TV-serie på NRK Barne-TV. Parr las frå ulike bøker, men historia om Raur, som bur under trappa i barnehagen, var nok den som fengja flest i salen. Vesle Raur, som har nappa til seg luer og barnehagestyraren sin øyredobb, som likar seg best aleine, og som hatar kattar og lommelykter. Han får for det meste vere i fred, for det er ingen som leitar under trappa, og så er det så mørkt der. Men ein dag vert han oppdaga av Robin, som vil gjerne få tilbake lua til venninna si.

Slik oppstår det eit venskap mellom to heilt ulike skikkelsar. Når Parr les frå boka si, nyttar ho stemma og kroppsspråk, og både roper med stemma si og trampar med føtene. Det merkast på stilla i rommet at borna sitt fokus ligg eine og aleine på forfattaren.

Litt trøyst og mange klemmar

Utanom krimmen og all spenninga, vart det også tid til litt trøysting og varme ord under barnearrangementet. Både Mæhle og Parr er bidragsytarar i Trøysteboka, den tredje boka i serien med nyskrivne nynorske forteljingar. I denne boka skriv forfattarane om det å trengje trøyst og om å gje trøyst til andre. Parr og Mæhle hadde skrive ulike forteljingar om nettopp dette, og las opp eit par linjer for dei oppmøtte borna om kor godt det kan kjennast på å kroppen å få god trøyst frå nokon ein er glad i.

– Du har sikkert kjent på den kjensla at ingen ting i heile verda kan trøyste deg akkurat no? Har du nokon gong fått trøyst eller trøysta andre? spør Mæhle.

– Ein gong trøysta eg ei i barnehagen som hadde slått seg og hadde kjempevondt, seier ei lita jente i salen.

– Ja, og då er vel det einaste ho treng, ein god klem, trur du ikkje?

Borna nikkar einig og klappar ivrig då Parr og Mæhle ser seg ferdig med eit svært vellukka barnearrangement under dei Nynorske litteraturdagane dette året.

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...