Heim Nyhende Brenn for blogg

Brenn for blogg

Kva reglar gjeld eigentleg for bålbrenning i desse dagar? Det veit du viss du har lese bloggen til brannvesenet i Skjåk og Lom.

– Nett no er det mange ting vi skal informere innbyggjarane om, fortel branninspektør og bloggansvarleg Unni Merete Lund. Det er sesong for grilling og bålbrenning, og då er det viktig å informere om kva lovar og reglar som gjeld til ei kvar tid. Brannvesenet sin blogg blir derfor oppdatert noko hyppigare no i denne sesongen enn andre tider på året.

– Det er litt sesongavhengig, ja. Vi bloggar først og fremst om førebyggjande tiltak som vi meiner er viktige. Og så kan du lese litt om oss sjølve på bloggen, seier Lund, som er den som fører pennen, eller tastaturet, i brannvesenet.

Betre enn heimesida

Brannbloggen har vore i drift i litt over eitt år, og han kom til fordi ein såg at den kommunale heimesida ikkje nødvendigvis var den beste kanalen for informasjon og publikumskontakt.

– Det var vanskeleg for oss å nå gjennom på Skjåk kommune si heimeside, og vi hadde heller ikkje tilgang til ho slik at vi kunne oppdatere ho slik vi ønskte. Derfor starta vi heller med eigen blogg, som ein sjølvsagt kan finne lenkje til på Skjåk kommune sine sider, seier Lund.

Ho vil ikkje påstå at bloggen har svært mange lesarar enno, og ser svært gjerne at mange fleire finn vegen til http://lsbrann.blogspot.com/.

– Bloggen er ein fin måte å få fram bodskapen vår på, og vi kan nå mange på ein enkel og rask måte.

Blir lesne

Skjåk kommune har fleire bloggar i sving. På hovudbloggen kan ein orientere seg om alt som skjer i Skjåk, medan Aktiv i Skjåk har fokus på tilbod innan sport, idrett og friluftsliv.

Inga Gudrun Hyrve ved sørvistorget har ansvaret for bloggen til Skjåk kommune, og ho seier blogginga handlar om å spreie informasjonen i fleire, høvelege kanalar.

– Vi ønskte å reinske den kommunale heimesida til Skjåk slik at ho no berre inneheld reint kommunal info som møteplanar, lovverk, saker som er til høyring, og slike ting.

Oppdatert informasjon om arrangement og tiltak som er i så vel kommunal som privat regi, blir gjeven via bloggane og på Facebook. Hyrve legg ut saker på bloggen ein til to gonger i veka, og ho høyrer at sakene blir lesne.

– Eg får gjerne kommentarar frå folk eg kjenner i Oslo, som påpeiker at det skjer så mykje i Skjåk. Det har dei sett på Facebook, kor vi legg ut stoff frå bloggen vår.

Ho ser også av besøkstala at sakene ho legg ut, blir lesne. Sjølv om det er tidkrevjande å drive blogg, er ho heilt klar på at det er verdt arbeidet. – Det er viktig å setje av godt med tid til dette arbeidet, seier ho.

Treng tid

Det er Hyrve som har ansvaret for å publisere saker på bloggen, men ho er heilt avhengig av å få inn saker frå andre. Det kan vere tilsette på andre tenesteområde som kjem med saker dei vil informere om, og det kan vere lag og organisasjonar som ønskjer å formidle ting til aktivitetskalenderen.

– Eg sit ikkje og skriv alt sjølv, nei, men eg har ansvaret for redigering og publisering.

Hyrve hadde gjerne sett at endå fleire bidrog. Særleg ser aktivitetskalenderen ut til å vere godt lesestoff, og mange kjem og spør om ho vil leggje ut arrangementet deira, eller spør kvifor det ikkje er gjort.

– Eg må helst leite det opp sjølv og trålar ofte lokalavisa for å finne ting å leggje ut i kalenderen. Men eg vil gjerne ha meir tilsendt, oppmodar ho.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...