Heim Nyhende Vender blikket vestover

Vender blikket vestover

Trass i den naturlege tilhøyrsla Skjåk har til Ottadalen og Nord-Gudbrandsdalen, vender kommunen seg no meir vestover.

– Vestafor har dei vore vane med å sjå mot aust, medan vi har orientert oss sørover. Men no skjer det ting på Vestlandet, spesielt i høve vegutbygging, som gjer det stadig meir naturleg for skjåkværen å sjå vestover når det gjeld næring og næringsutvikling, seier ordførar Rolv Kristen Øygard (Sp) i Skjåk. Han siktar då til utbetringa av rv. 15 som koplar denne saman med den komande E39-Kvivsvegen på Vestlandet, og oppgraderinga av E6 gjennom Gudbrandsdalen. Til saman vil desse vegane gjere ferdsel mellom aust og vest via rv. 15 Skjåk–Stryn mykje meir effektiv, og det vil igjen opne for utveksling av kompetanse og arbeidskraft, og næringsutvikling.

Treng kompetanse

– Bedriftene våre treng til dømes å styrkje kompetansen innan verksemdstyring, seier ordføraren. – No ser vi at vi til dømes kjem nærmare Høgskulen i Ørsta Volda, og det kan vi tene på.

Ordførar i Skjåk kommune, Rolv Kristen Øygard. (Foto: Skjåk kommune)Ei utviklingsanalyse for Skjåk frå 2010 viser at kommunen har låg arbeidsløyse, men òg litt lågare utdanningsnivå enn landsgjennomsnittet. Det blir også peikt på at Skjåk ligg langt frå vekstsentra i regionen, og at den geografiske plasseringa til kommunen har sine utfordringar.

– Vi bur i utkanten av regionen og Oppland fylke, med dei utfordringane det medfører. Men vi er også naboar til vekstområde i vest, slår ordføraren fast.

Forventar vekst

– Vi merkar no at det skjer ting til dømes innan reiselivsnæringa, som har byrja å vende blikket meir vestover.

Skjåk har ikkje vore særskilt store på reiseliv så langt, men i denne næringa bør ein no forvente vekst, meiner ordføraren. Aust-vest-aksen Skjåk, Stryn og Geiranger kan tilby både fjord og fjell innafor ei relativt kort reisetid og er døme på geografiske samankoplingar med utnyttingspotensiale.

I første rekkje ser han på innhenting av kompetanse og samarbeid på tvers av kommunegrenser som den mest sannsynlege gevinsten ved å tilnærme seg naboane i vest. Men det også all grunn til å tru på vekst i etablerte bedrifter og nye etableringar. Øygard tur arbeidsutvekslinga sørover vil halde fram som no, med Ottadalen som eitt arbeidsområde. Det blir for langt å dagpendle vestover.

Sjukehussatsing

Samstundes som næringsutviklinga skal få gå sin gang med nye naboar, er det mange område kommunane i Nord-Gudbrandsdalen finn det naturleg å samarbeide om. Eit av dei nyaste samarbeidsprosjekta er Nord-Gudbrandsdal medisinske senter, som opna i 2011. Her får innbyggjarane i dei seks kommunane Skjåk, Lom, Dovre, Lesja, Vågå og Sel stetta ein del av dei medisinske behova sine. Senteret kan mellom anna tilby interkommunal jordmorteneste, psykiatrisk poliklinikk, røntgen og spesialisttenester innan ortopedi, gynekologi og revmatologi. Sjølve senteret er plassert i Otta i Sel, om lag 8 mil frå kommunesenteret Bismo.

– Her får innbyggjarane våre løyst oppgåver som ein elles måtte ha reist til sjukehusa i Gjøvik eller Lillehammer for å ordne, seier ordføraren. Det er Regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen og Sykehuset Innlandet SF som har ansvaret for Nord-Gudbrandsdalen medisinske senter.

Ikkje samanslåing

Med eit utstrekt samarbeid på kryss og tvers av regionar og kommunar meiner Rolv Kristen Øygard mykje av kommunekabalen er løyst. Kommunesamanslåing er ikkje eit tema i kommunen per i dag, seier han. – Det har vore eit sterkt press frå Lom om å få til samanslåing, men det har roa seg ned. Eg meiner det er viktig å utarbeide og halde på gode samarbeidsrelasjonar i staden.


OM SKJÅK KOMMUNE:

Rolv Kristen Øygard (Sp) er ordførar i Skjåk kommune.

Kommunestyret i Skjåk har 21 representantar: Senterpartiet har 10, Arbeidarpartiet har 8 og Bygdelista i Skjåk har 3.

Skjåk kommune ligg i Oppland og er den vestlegaste kommunen i Ottadalen. Skjåk er ein av 12 kommunar som utgjer Gudbrandsdalen. Skjåk, Vågå og Lom er dei einaste nynorskkommunane i regionen.

Kommunen grensar til Lom og Lesja i Oppland, til Rauma, Norddal og Stranda i Møre og Romsdal og til Stryn og Luster i Sogn og Fjordane.

Skjåk kommune hadde per 1. Januar i år 2317 innbyggjarar. Kommunesenteret i Skjåk er Bismo.

Landbruk og industri er hovudnæringane i kommunen, og nær ein tredel av dei sysselsette arbeider innan industri og bygg og anlegg. Mellom dei største arbeidsplassane er Bismo Industrier, Skjåk Møbler, Interfil, Glasitt og Skjåk Almenning. Skjåk Almenning er den største allmenningen i Noreg og omfattar over 95 prosent av arealet i Skjåk. Kommunen har eit areal på 2079 km2, nesten like stort som Vestfold fylke. 79 prosent av arealet er verna.

Kommunen ligg mellom fleire fjell og hamnar såleis i ein slags regnskugge. Det gjer at Skjåkbygda har minst nedbør i landet.

Ordføraren om:

Folketalet:

Vi har hatt positiv folketalsvekst dei to siste åra, etter år med større nedgang. Innvandring til kommunen har bidrege til vekst, men vi har nok greidd å gå i pluss sjølve også.

Språk:

Eg opplever at nynorsken er litt på veg ut, og ser at ungdommen lett går over til bokmål etter vidaregåande skule. Internt i kommunen blir det også brukt mykje bokmål, sjølv om vi brukar nynorsk i den utoverretta kommunikasjonen. Vi burde vere meir medvitne om kva for internt språk vi skal bruke. Mange brukar nok bokmål fordi det er det dei er vane med frå andre plassar. Men eg trur nynorsken ville falle lettare viss ein brukte språket mykje.

Førre artikkelSuperkommunen Austevoll
Neste artikkelBrenn for blogg

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...