Heim Nyhende Byggesøknadar berre på bokmål

Byggesøknadar berre på bokmål

Fleire kommunar reagerer no på at det ikkje er mogleg å få tak i byggeskjema på nynorsk. Standard Norge har ingen planar om å endre på dette.

Teknisk sjef i Seljord kommune, Kåre Groven, er ein av dei som gjerne skulle sett at skjema i samband med til dømes byggesøknadar, delingssøknadar eller nabovarsel var å finne på nynorsk. Etter innføring av ny plan – og bygningslov no i sommar kom det ein heil del nye skjema, men desse er berre tilgjengelege på bokmål.

– Me har klaga på dette, men fekk beskjed om at det ikkje var aktuelt å produsere skjemaene på nynorsk, seier Groven som difor mot sin vilje måtte bestille skjemaene på bokmål.

Etterspurt nynorsk
Det er Standard Norge har revidert byggeskjemaene etter ny plan-og bygningslov på oppdrag frå Statens bygningstekniske etat. Tidlegare har dei ulike distributørane hatt høve til å produsere på PDF-filer og trykte utgåver av skjemaene sjølv, og då også på nynorsk. No er det berre Standard Norge som produserer skjemaene, og dei har ingen planar om å produsere dei på nynorsk.

Sem & Stenersen Prokom AS er ein distributørane som Standard Online har inngått samarbeid med. Seksjonssjef Nina Bjerkreim-Hanssen viser til at dei er kontakta av tre – fire kommunar som ynskjer materialet på nynorsk.

– Me har ved fleire høve etterspurt blankettane på nynorsk, men får stadig beskjed om at Standard Online ikkje ville ta kostnaden med omsetjing så lenge informasjonen er tilgjengeleg på begge målformer i nett-basen ByggSøk, seier ho.

LNK-avisa har derimot prøvd å søkje via ByggSøk og opplevd at fleire av informasjonssidene før ein kjem fram til sjølve søknadsskjemaet berre er tilgjengeleg på bokmål.

Hanssen meiner kommunar som ynksjer materialet på nynorsk bør legge press på Standard Norge og Statens bygningstekniske etat. Ho viser også til at Prokom tilbyr ei alternativ løysing som kan bli omsett til nynorsk dersom det er tilstrekkeleg med kommunar som ynskjer det. Denne løysinga finst også utelukkande på bokmål i dag.

Ingen planar
Administrativ direktør i Standard Norge, Trine Tveter, viser til at firmaet i dag ikkje har planar om å omsetje skjemaene til nynorsk. Det er det ikkje økonomi til, meiner ho.

– Men forstår du at dette blir eit problem for mange nynorskkommunar?

– Absolutt. Det er ei tilbakevendande utfordring at materialet berre er på bokmål. Men me klarer ikkje å finansiere ei omsetjing slik det er no. Og som sagt er skjemaene på ByggSøk tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål, me ser også at det stadig blir mindre bruk av skjemaene på papir, stadig meir av dette føregår no på nett.

Ho viser derimot til at firmaet har ein god dialog med Språkrådet og Kulturdepartementet. Som resultat av dette blir det i første kvartal neste år lansert eit prosjekt med permar både på nynorsk og bokmål.

– Det kan vere mogleg å utvide dette prosjektet til å også omhandle andre skjema, men utenom det har me ingen planar om å omsetje byggeskjemaene til nynorsk, slår Tveter fast.

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...