Heim Nyhende Ny kaptein

Ny kaptein

KrF-prinsen Knut Arild Hareide (38) trur sjølv han er sterk nok til å bli ny partileiar.

– Eg hugsar slagordet på KrF-kapsen på 80-talet: Tøffe typar stemmer KrF. Eg trur nok eg er sterk nok til å bli leiar, det er viktigare enn å vere tøff nok, meiner Hareide sjølv.

For det har ikkje mangla på rosande ord etter at Knut Arild Hareide bestemte seg for å hoppe etter Høybråten og bli ny leiar i partiet. Men det har heller ikkje mangla på skepsis. Erna Solberg (H) var tidleg ute i Politisk kvarter på NRK P2 og meinte Hareide burde blir «tøffare i kantane».

Eg er eit ja-menneske, og det vonar eg også at dei som er rundt meg vil oppleve at eg er som leiar. Men eg må sjølvsagt setje tydelege grenser. Skulle eg bli leiar, trur eg det blir veldig spanande. KrF er eit parti som kan spele ei nøkkelrolle i norsk politikk dei næraste åra, slår han fast.

Men ennå har han ikkje høyrt noko offisielt frå valkomiteen, og han påstår pulsen framleis er låg.

Du nølte litt før du takka ja til å stille som leiarkandidat?

Eg har nok heile vegen kjent at dette har eg lyst til. Men det er mange ting ein får med på kjøpet når ein blir partileiar. All fokusering på eigen person er ikkje alltid like hyggeleg. Eg har også arbeidd tett saman med Dagfinn (Høybråten, red.merk.) og Valgerd (Svarstad Haugland, red.merk.) og sett på tett hald at det kan vere krevjande å vere leiar i KrF.

 

Det politiske engasjementet vart vekt til live ved kommunevalet i 1991, då kom han han inn i kommunestyret 18 år gamal. Og målet var å sikre ungdomsskulen heime på Rubbestadneset.

Og det lukkast eg med. KrF vart det naturlege valet fordi eg var engasjert i miljø og fattigdomsspørsmål. I eit samfunn der fokus på forbruk blir større og altfor mykje blir målt i kroner og øre, er det viktig å fokusere på viktigare verdiar.

Han er oppvaksen på Bømlo. Når folk plasserer han på Stord, meiner han det er like gale som å seie til ein nordmann at «Norway is the capital of Sweden».

Bakgrunnen frå Bømlo har påverka meg mykje. Det er eit lokalsamfunn eg både er svært glad i og stolt over. Det er eit samfunn der eg fekk utfalde meg i aktivitetar og delta i mange ulike organisasjonar som speidar, i skulemusikken, Ten Sing og idrett.

Og barndommen har gitt mange gode minne. Som yngst av fem brør vart nok Knut Arild påverka av kva dei andre i familien dreiv med. Etter kvart overtok han både jobben som avisbod og det å ta i mot snøggbåten, slik dei tre brørne hadde gjort før han.

Eg hugsar nok best båtturane. Pappa bygde ein båt då eg var liten, og den vart nytta i kvar ferie. Når ein er ein familie på sju, vart bilen ofte litt for trong, medan båten hadde tumleplass. Det er vanskeleg å seie kva som har forma meg, men skulen var alltid viktig for meg.

 

Då Hareide blei miljøvernminister som 31-åring, vart han KrF sin yngste minister nokosinne. Og karrieren er framleis like imponerande. Som bakgrunn er han utdanna siviløkonom frå Noregs handelshøgskole, og han har studert sosiologi ved Universitetet i Bergen. Han har vore politisk rådgjevar i det dåverande Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i Bondevik 1-regjeringa og statssekretær i Finansdepartementet i Bondevik 2-regjeringa.

Men i 2007 tok han ein pause frå politikken, då var tida komen for eit yrkesliv i næringslivet. Hareide ville gjerne bruke utdanninga si. Dermed blei han organisasjonsdirektør i Schibsted.

Eg er utdanna siviløkonom og har i fleire periodar arbeidd i næringslivet. Det å få nytta fagutdanninga er nok eit ynskje dei fleste har. Eg synest også at den erfaringa eg har fått med meg frå næringslivet, er særs verdifull i arbeidet på Stortinget.

Likevel kom han attende til politikken. Her får ein nemleg høve til å gjere ein skilnad for einskildmenneske, påstår Hareide.

For meg betyr det mykje å få arbeide for eit samfunn der det er plass til alle. Det fekk eg både i kommunestyret heime på Bømlo, som politisk rådgjevar i Utdanningsdepartementet og som miljøvernminister.

I dag sit han som stortingsrepresentant for Akershus og er leiar i transport-og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

 

Språk er også viktig for vestlendingen og politikaren Hareide. Han er klar på kva nynorsken sine største utfordringar blir framover.

I ei tid der framandspråk kjem tidleg i skulen, blir nynorsken lett ein tapar. Me må få fram at for mange er nettopp det å lære nynorsk viktig for å kunne ha eit språk som er nærast den dialekten ein talar, seier han bestemt og legg til at det er viktig at ein no sikrar meir nynorsk i trusopplæringa i den norske kyrkja.

Sjølv er han glad i nynorsk. Og privat nyttar han språket fast, medan det på jobb går i både bokmål og nynorsk. Han sit til og med i styret i Løvebakken Mållag og slår eit slag for at nasjonalforsamlinga har ein interesseorganisasjon som kan ta opp viktige målsaker og fremje nynorsken.

Kva kan du som politikar gjere for å styrkje nynorsken?

For meg er det viktig at me tryggjer nynorsken innan skulen. Eg tenkjer då på å ha eit obligatorisk sidemål. Men eg trur nynorsken vil stå seg godt i åra framover. Det å lære seg begge språka gjer ein tryggare og betre innan begge målformene.

 

Det er inga skute i medvind Knut Arild Hareide har takka ja til å styre. KrF slit med oppslutnad rundt sperregrensa og dønningar etter interne konfliktar, noko som ikkje ser ut til å skremme den påtroppande leiaren.

Korleis skal du «redde» partiet?

Når du brukar ordet «du», vil eg seie at dette arbeidet heldigvis er eit lagarbeid. Det blir difor viktig at me får fram politikken vår. Undersøkingar har synt at det er langt fleire som er samde i politikken vår, enn som stemmer på partiet.

Han har klokkartru på at dersom ein klarer å synleggjere politikken, vil også veljarane kome etter. Dermed kjem lista med dei gode kampsakene: fattigdom, å sikre den kristne kulturarven, betre eldreomsorg og ein god familiepolitikk.

Den største utfordringa i sist valkamp var at KrF hamna i skvis mellom dei raudgrøne og Høgre/Frp. I etterkant av valet meiner eg at det har vore for mykje strid og for lite fokus på vårt alternativ til regjeringa sin politikk.

Å bli kalla kronprinsen i partiet har til tider vore krevjande å handtere, og nok ein gong må han svare for korleis han står politisk i høve til Høybråten.

Dagfinn har ei svært lang politisk røynsle og har ei imponerande liste over politiske sigrar. Særleg innsatsen innan psykiatri og røykjelova er blitt framheva. Det politiske området der me truleg står nærast, er nok innan sosialpolitikken.

Sjølv meiner han dei beste eigenskapane er at han har mykje energi og er ein god lagspelar. No skal han byggje KrF opp til å bli eit parti som også speler på lag, og som vil løfte fram verdisaker og stå for grunnverdiar inn i ei ny tid, som han kallar det.

Me må i alle høve selje politikken vår breiare. Det er mange som er samde i politikken, men som ikkje stemmer KrF. Det må me gjere noko med.

Kan det bli aktuelt med regjeringssamarbeid med Ap eller Frp?

Det er tre år til stortingsvalet. Veljarane skal få vite kvar KrF står, i god tid før det.

Hareide er oppteken av dei svakaste i samfunnet, og det store førebiletet hans er tidlegare partikollega Jon Lilletun.

Men kva brenn du for?

Eg brenn for dei rundt meg. Grunnleggjaren av Frelsesarmeen, William Booth, sende kvart år ei julehelsing til kollegaer verda rundt. Helsinga blei sendt på telegram, og ein betalte for kvart ord. Men med eitt einskild ord uttrykte han fokus og prioritet i arbeidet. Ordet var «others» – andre.

Og kva drøymer du om?

Eg er ikkje så god til å drøyme, eigentleg er eg best på det realistiske planet, seier KrF-prinsen.

—————– 

Sjølvmelding:

Namn: Knut Arild Hareide

Alder: 38

Bur: Oslo

Sivil status: For tida singel

Aktuell: Takka nyleg ja til å bli leiarkandidat i KrF

Les: Mykje skjønnlitteratur

Høyrer på: Nyhende og debattar på radio

Førebilete: Jon Lilletun har vore eit stort førebilete for meg

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...