Heim Nyhende Får pris for satsing på kulturskulen

Får pris for satsing på kulturskulen

 

Julesong, trommespel, babylydar og stille konsentrasjon set sitt preg på tysdagskvelden til kulturskulen i Fjell vest for Bergen. Ein stolt rektor viser rundt i lokala til Årets kulturskulekommune.

 

Fjellordførar Eli Årdal Berland, skulesjef Ellen Margrethe Hansen og kulturskulerektor Bjørn Andersen er nett komne heim til hordalandskommunen med prisen for Årets kulturskulekommune i bagasjen.

Saman med fagleiar Roger Martin har rektoren over fleire år jobba målretta for å byggje opp kulturtilbodet som denne hausten fekk ein samstemd jury i Norsk kulturskuleråd til å sjå vestover. Prisen blei høgtidleg overrekt i Fredrikstad av kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Eit kvalitativt breitt og godt tilbod, eige kulturskulebygg, mange heiltidsstillingar, låge skulesatsar og gode moderasjonsordningar er mellom det juryen trekkjer fram i grunngjevinga si.

Rause politikarar
I motsetnad til i mange andre kommunar har nedskjering og kutt i kulturskuletilbodet i vekstkommunen Fjell aldri vore tema i kommunestyret. Andersen opplever at gode kommunebudsjett dei siste åra, saman med politisk vilje til å satse på barn og unge, skaper handlingsrom for rektor, fagleiar og lærarar i kulturskulen.

– Eg veit at kulturskulane mange stader slit med dårleg kommuneøkonomi og med å få politikarane med på laget, og det er eg audmjuk for, påpeiker rektoren i Fjell, som kjenner seg privilegert.

God kunstundervising viktig
Kommunen, som er ein del av øysambandet Sotra, ligg godt over landsgjennomsnittet når det kjem til talet på barn og unge samanlikna med befolkninga elles. Folketalet veks jamt og trutt år etter år i kommunen. Slike ønsketilhøve kan også by på utfordringar i organiseringa og planlegginga av kulturtilbodet for dei unge, når målet er at alle skal få plass. I 2004 løyvde politikarane pengar for å få vekk ventelistene ved kulturskulen. No er det igjen tendensar til ventelister, og målet er å fjerne desse i løpet av eit par år.

– Kvifor er det viktig med ein god kulturskule?

– Det viser seg at elevar som får god undervising i kunstfag, gjer det sterkare i andre fag, til dømes i matematikk og norsk. Eg trur dette heng saman med at ein lærer å gå i djupna gjennom kunstfaga, og ein lærer også at ein må øve på ting. Gjennom kunstaktivitet utviklar ein både intellektuelle, sanselege og praktiske evner, reflekterer Andersen.

 

Eige hus
Den nedlagde skulen på Knarrevik i Fjell er gjort om til kulturskule. Her er det dansesal, kunstsalar, bandrom, øvingsrom, kontor og lager.

Denne kvelden strøymer det høgstemt julesong ut i korridorane frå eitt av romma, babylydar og gitarspel frå eit anna. I bandrommet blir eit trommesett varma opp, og ned ei trapp sit ein kunstklasse og formar Rudolf-skulpturar.

At både aktivitetar, utstyr, elevar, lærarar og administrasjon flytta inn i nyoppussa lokale i 2007, har gitt skulen eit løft. Dette har også hjelpt kulturskulen til å utvikle seg i retning av eit kommunalt og regionalt ressurssenter.

 

Alle aldrar
Aktivitetane i kulturskulen i Fjell stoppar ikkje ved dei aller yngste, sjølv om det er dei som skaper liv i lokalet denne kvelden.

– Vi har også ansvar for Den kulturelle skulesekken, Den kulturelle spaserstokken og Ungdommens kulturmønstring, held rektoren fram.

Deltakarane i Fjell kulturskule er frå 0 til 100 år. Korøving på sjukeheimar er mellom tilboda for dei som nærmar seg 100. Ved at administrasjonen i kulturskulen tar ansvar for andre kulturaktivitetar, får nye samarbeid og relasjonar oppstå. Samarbeidet mellom kulturskulen, Den kulturelle skulesekken og Edvard Grieg sin heimstad på Troldhaugen har rektoren til dømes samla i ein ny sekk som han kallar Fjellsekken.

Og gjennom kulturskuleelevane sine framsyningar rundt på institusjonar i kommunen veks ei kopling mellom Den kulturelle spaserstokken og kulturskulen fram.

– Å tenkje tverrfagleg er viktig. Gjennom samarbeid skaper vi ein heilskap. Dette gjer det også lettare å søkje om midlar, held rektoren fram.

 

Kommunane samarbeider
Samhandlinga strekkjer seg også til andre etatar i kommunen, som barnevern og vaksenopplæring, og til nabokommunane Sund og Øygarden. Gjennom felles administrasjon i Fjell og ved å bruke dei same lærarkreftene har fleire lærarar kunna få så store stillingar dei ønskjer. Nokre jobbar 100 %.

Samarbeidet kommunane imellom gjer at ressursar blir betre utnytta, forklarer rektoren.

Utfordringar og visjonar
– Kva blir utfordringane vidare?

– No har vi fått ei utmerking, og då gjeld det å ikkje sovne bak rattet. Vi vil halde fram med å gi det tilbodet vi har no, og samstundes utvikle det vidare, byrjar Andersen.

På planen i næraste framtid står mellom anna kompetanseutvikling for lærarane. Nytt er også ei mentorordning for nye lærarar. Tilbakemeldingane på dette er så langt positive: nye lærarar kjenner seg mindre åleine med oppgåvene.

Konkurranse frå private kulturaktørar er ei anna utfordring for den kommunale kulturskulen.

– Korleis vil de møte auka konkurranse om elevane?

– Gjennom kvalitet, kjem det kontant frå både rektoren og fagleiaren.

– Kvar er kulturskulen om ti år?

– Då har vi tilsett kunstterapeut og danseterapeut i tillegg til musikkterapeuten vi har no ved Senter for musikk og glede. Vi har fått eit endå breiare tilbod, og vi samarbeider meir med skule og SFO. Vi har fått større stillingsstorleikar i skulen, og elevane får undervising i nye fag som film, litteratur og sirkus. Undervisinga ved kulturskulen vil i endå større grad vere med på å styrkje elevane sine prestasjonar i grunnskulen, og vi vil også gjere integreringsprosessar med elevar frå andre land lettare med det framtidige arbeidet vårt. Vi vil ha kvinner i burka med i prosjektet Musikk ved byrjinga av livet, kjem det visjonært frå rektoren, som ikkje viser nokon teikn på å ville la prisen frå kunnskapsministeren bli ei kvilepute.

 

——————————————————————————— 

 

Årets kulturskulekommune

Prisen blir delt ut årleg av Norsk kulturskuleråd etter innstilling frå ein jury som går gjennom prioriterte forslag frå fylkesavdelingane til Norsk kulturskuleråd.

Ti kommunar har fått prisen før Fjell. Fjell er den første kommunen i LNK-sambandet som får utmerkinga.

Prisvinnaren blir rekna som ein føregangskommune i kulturskulearbeidet.

Kulturskulen i Fjell har i dag 570 elevplassar. Skulen jobbar tverrkommunalt med nabokommunane Sund og Øygarden.

Førre artikkel– Nynorsk er sløsing av tid
Neste artikkelNy kaptein

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...