Heim Nyhende Den underfundige nynorsken

Den underfundige nynorsken

Nynorsk er ikkje berre eit skriftspråk. Det er ikkje noko fast, heller ikkje noko laust. På Nynorske litteraturdagar er mangfaldet det viktigaste bidraget til å avdekkje nynorsken sine mange andlet.

Forfattardebutant Signe Olaug Pedersen (50) frå Aurland har teke plass ved eit trebeisa bord. Kledd i lilla fargar sit ho tilbakelent på stolen og ventar tålmodig. Føtene vippar opp og ned, litt urolig. Hendene strekkjer seg forsiktig mot kaffikoppen. Ho slurpar, og hostar litt. Dagen i dag er ikkje nokon heilt vanleg dag for Signe Olaug. I dag skal ho vise seg fram, kle seg naken og blottleggje sjela si. Det heile er nytt, tenkjer ho. Det er meir ein fjern draum enn ein realitet. Likevel sit ho der saman med Åse Bjørnestad og Lena Skjerdal. Dei har ulike yrke, men alle har valt å gå eigne vegar. Signe Olaug har debutert med ei lettlest-barnebok som handlar om det å forelske seg, og har for første gong i livet sitt vore nøydd til å skrive autografar. Åse har jobba med kunst som uttrykksform heile livet og blei så inspirert av Nynorske litteraturdagar at ho måla “Nynorsk – det fargerike språket” i fjor. I år er ho tilbake att med utstillingar. Lena song nærast før ho kunne snakke, og med røter frå kommunen er ho på visitt for å syngje på klingande sognamaol under festivalen. Snart skal dei skal alle i elden, verte bokbada framfor betalande publikummarar på arrangementet “Ein mann – tre damer – tre uttrykksformer”.

Lite lettlesne nynorskbøker

Boka Signe Olaug i år debuterer med, Sprett i håret, sug i magen, er ei lettlestbok for born i alderen ni til tolv år. At det vart ei lettlestbok når ho først skulle skrive barnebok, var ikkje tilfeldig for Signe Olaug. Ho har vore lærar på barneskulen i fleire år og ville gje born som slit med å lese, eit alternativ.

– Når eg skulle leite opp litteratur som klassen min kunne lese, fann eg så altfor lite lettlest-barnebøker på nynorsk. Det tykte eg var forferdeleg trist. Eg fann fleire på bokmål, men for dei som strevar med lesinga, er det vanskeleg å plutseleg skulle lære seg atter nokre nye ord – og det på eit heilt anna skriftspråk enn dei er vande med, seier ho.

– Så eg bestemte meg for å gjere noko med det, seier Signe Olaug, og ein trillande latter flyt ut av den lepestiftfarga munnen.

– Eg håpar det kan hjelpe born med å kome over lesekneika, seier ho.

Sjå nynorsken i alt

I år valde arrangørane av festivalen å bringe dei tre kvinnene saman i eit arrangement som handla om å ta eigne vegval. Med dette nytta dei samtidig høvet til å vise kva nynorske litteraturdagar står for, nemleg breidde og mangfald, nærare forklart det at nynorsk ikkje nødvendigvis treng ha form av ei bok skriven på skriftspråket, men kan ha fleire moglege former. Slik kan ein lære seg å sjå nynorsken i så mykje meir enn berre det som er skrive. Som prosjektleiar for arrangementet, Arve Tokvam, forklarar, skildrar slagorda for festivalen, raus, levande og folkeleg, utgangspunktet for festivalen på ein treffande måte.

– Nynorske litteraturdagar er mykje meir enn ein litteraturfestival. Nynorsken vert levandegjord ved at forfattarar les frå bøkene sine og vert bokbada. Raus vert festivalen gjennom at fleire, både forfattarar, komikarar og musikarar, byr på seg sjølv til andre, men også ved at festivalen kan by på rause opplevingar. Folkeleg er han ved at vi har fokusert på at han ikkje berre skal vere ein litteraturfestival, men også ein arena som skal gje breidde til folket, gjennom eit program samansett av ulike kulturopplevingar som kan appellere til mange, seier Tokvam.

Kunst = nynorsk?

Det er mange likskapstrekk mellom dei tre kvinnene som vart bokbada på den siste festivaldagen. Dei har alle ei sterk tilknyting til Aurland kommune, identiteten deira er sterkt knytt opp til nynorsken, og dei brukar alle dialekt og nynorsk i kunstformene sine, men på ulike måtar.

– Eg vil seie at eg målar på nynorsk. Sidan nynorsk er ein stor del av meg, vil det alltid vere det språket eg vel. Likevel er kunst internasjonal, og nokon frå eit anna land vil betrakte måleriet med heilt andre språkauge, seier Bjørnestad, som pustar ut og tek ein pause før ho held fram.

– Når du, Signe Olaug, hadde høgtlesing i stad, såg eg mange fargar i rommet. Det meiner eg kan forklarast ved at nynorsken er eit levande språk.

Dialekt er også svært viktig for musikaren Lena Skjerdal, men det er først no at ho verkeleg har byrja å fokusere på nynorsk og dialekt i musikken sin. Ho har ikkje møtt motstand ved at ho valde å halde på dialekten og nynorsken, heller tvert i mot, at folk rosar ho og skryt uhemma av sognedialekten hennar.

Levde draumen

Signe Olaug har vore med på det meste som litteraturdagane dette året har hatt å tilby. Ho var der då Frode Grytten vart bokbada av Flåms store son, Finn Tokvam, på fredagen. Ho lo så tårene trilla på stand up-show med Thomas Leikvoll, Dag Sørås og Jon Schau på laurdagen, før ho sjølv vart bokbada saman med dei to andre kunstnarane. Ho er glad ho vågde. Slik som med boka. Hadde ho ikkje tort no, kunne forfattardraumen aldri blitt noko meir enn nettopp ein draum. I og med at boka var ei av dei siste som Samlaget gav ut i Komet-serien i år, fekk ho ein ypparleg sjanse til å vise seg fram på Nynorske litteraturdagar. Ho er takksam for at det finst eit slikt tilbod i bygda, og håpar at kommunen og Aurland Sparebank som hovudsponsorar framleis vil satse på å halde på kulturen og nynorsken. Det er det som skapar røter og styrkjer identiteten, både til bygda og menneska som bur i ho.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...