Heim Nyhende Departementa bryt mållova

Departementa bryt mållova

Nynorskkommunen Fjell reagerer no på at over 80 prosent av alle skriv frå staten kjem på bokmål, skriv Vestnytt.

Språkrådet gjennomfører no ei kartlegging i nynorskkommunane der ein blant anna stiller spørsmål om skriv frå statsorgan er skrivne på nynorsk.

– Der er me nøydde til å svara sjeldan eller aldri, sjølv om Fjell skulle hatt samtlege brev på nynorsk, seier informasjonsrådgjevar Vigleik Brekke i Fjell kommune til Vestnytt.

Kommunen har no kartlagt målforma i statlege skriv til kommunen gjennom to periodar i 2010, og reagerer sterkt på resultatet.

– Resultatet er sjokkerande. Me har no skrive brev til Kulturdepartementet og ber dei sørga for at samtlege statsorgan følgjer lova, seier rådmann Steinar Nesse.

Av 92 skriv til Fjell frå statlege organ i desse to periodane er 81 prosent på bokmål og 19 prosent på nynorsk.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...