Heim Nyhende Lomheim ikkje overraska over tom direktørstol

Lomheim ikkje overraska over tom direktørstol

For snart eitt år sidan vart stillinga som språkdirektør utlyst. Jobben er framleis ledig. – Ikkje overraskande, seier eksdirektør Sylfest Lomheim.

 

Etter fleire rundar med intervju, råd frå styret i Språkrådet og bruk av hovudjegerfirma er kulturminister Anniken Huitfeldt like langt. Verken retorikkprofessor Kjell Lars Berge eller andre er funne verdige som etterfølgjaren til Lomheim. Ikkje så merkeleg, meiner han sjølv.

 – Det er ei krevjande stilling. Ingen åtte til fire-jobb. Du har verkeleg totalansvar for det som skjer: menneskeleg, politisk, økonomisk, administrativt og sjølvsagt fagleg, seier Lomheim til NTB.

Måtte lande
Då språkdirektøren omsider gjekk av 1. september – etter fleire utsettingar – trengde han litt tid for å lande. Han tok eit par turar til Frankrike for «å få direktøren ut av magen». Flytta tilbake til Kristiansand frå Oslo. Ved Universitetet i Agder har han 60 prosent stilling som professor i norsk.

– Eg har hatt nok leiarjobbar no, seier Lomheim, som likevel stadig er på farten. I desember måtte han tre inn som fungerande leiar i Kringkastingsrådet, midt under debatten om NRK 3-programmet Trekant.

Følgjer med
Og sjølvsagt følgjer han lagnaden til Språkrådet vidare. Han håpar på ei snarleg løysing på direktørproblemet.

– Det finst ikkje flust med folk som har så brei erfaring som trengst. For eksempel er det ein fordel å ha innsikt i korleis det politiske livet fungerer for ein som skal vere ein aktør i det kulturpolitiske landskapet, understrekar han. Han har ikkje kontakta kulturministeren for å seie si meining om saka, sjølv om han har fleire kandidatar i tankane.

– Men om ho ber om råd, skal ho få det, seier han.

Språkåret
Som direktør hadde Sylfest Lomheim for vane å kaste eit blikk på året som gjekk når det nærma seg nyttår. I 2010 var det fleire nye og nokre nesten nye ord som stikk seg opp av den jamne massen, for eksempel «askefast» og andre askerelaterte uttrykk. Han noterte seg også Oddbjørn Hjelmeseth som klaga over at han fekk «mykje is i røbben».

– I moderne språkhistorie er det enkelt å både tidfeste og personfeste nye ord, det er ikkje som i gamle dagar når det meste vart gjetting, seier Lomheim.

Han dreg også fram monstermastene i Hardanger som eit 2010-ord som vil bli hugsa, medan eit visst furubord kanskje fortare går i gløymeboka.

– Furubord var eit skjellsord som Ari Behn brukte om forfattarkollega Erlend Loe, eigentleg ganske artig, smiler Lomheim.

Framsnakking
Aller mest glad blir han av å tenkje på «framsnakking», som har gjeve opphav til ei fjesbokgruppe med nesten 150.000 tilhengarar. Harstad Tidende har fått ei eiga spalte som heiter Framsnakking – der nokon snakkar pent om andre.

Lomheim er ikkje kjent som teknofrik, men dette har han fått med seg.

– Ordet kjem frå Nordland og fekk eit skikkeleg oppsving etter at kronprins Haakon brukte det. Det blir kanskje ikkje brukt så mykje i daglegtale, men det er eit positivt omgrep som kan få stor verknad for mange, seier Lomheim. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...