Heim Nyhende Desse vil bli Årets nynorskkommune

Desse vil bli Årets nynorskkommune

Seks kommunar og ein fylkeskommune har søkt om å bli Årets nynorskkommune. Ein av dei er Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

 

Kommunane Vinje, Eid, Granvin, Kvinnherad, Gloppen og Radøy har i tillegg til Sogn og Fjordane fylkeskommune søkt om å bli Årets nynorskkommune 2012. Prisen blir delt ut for fjerde gong 4. desember på Det Norske Teatret  av Kommunal-og regionalminister Liv Signe Navarsete. 

Navarsete er oppteken av at det offentlege brukar nynorsk aktivt i tenestene sine.

– Nynorsk er ein viktig del av vår nasjonale kulturarv. Målforma har ein sentral plass i vår nasjonale litteratur. Nynorsk skapar identitet og nærleik. Ein nynorskkommune profilerer kommunen sin godt på nynorsk, seier statsråden i ei pressemelding.

Prisen Årets nynorskkommune vart innført i 2009. Prisen er på 100 000 kroner, og kommunane må sjølve søke om å få bli Årets nynorskkommune. Kriteria er at kommunen er aktiv på eitt eller fleire av desse områda:

– aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar

– aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen

– god målbruk blant tilsette

– marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement

– tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule.

Kriteria er utarbeidd av Kommunal- og regionaldepartementet saman med LNK. 

Tidlegare vinnarar:

2011 – Fjell kommune i Hordaland

2010 – Seljord kommune i Telemark

2009 – Stord kommune i Hordaland

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...