Heim Nyhende – Må halde på skriftleg nynorskopplæring

– Må halde på skriftleg nynorskopplæring

Me må halde på den skriftlege sidemålsopplæringa både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule, seier leiar i Utdanningsforbundet Mimi Bjerkestrand.

 

Då ho var nyvald leiar i Utdanningsforbundet i 2010 lanserte ho tanken om ein idèbank der lærarar og førskulelærarar kunne hente ut nynorsk materiell.

– Det er viktig at lærarane er gode pådrivarar og etterlyser materiell og bøker på nynorsk, uttalte ho den gong til lnk.no

Bjerkestrand har ikkje gjennomført ideen om ein nynorsk idèbank, men meiner Nasjonalt Garborgsenter på Bryne kan spele ei liknande rolle. Eit senter Utdanningsforbundet har støtta økonomisk med 100.000 kroner.

– Senteret skal vere eit nasjonalt kunnskapssenter, der mellom anna vidaregåande skular, høgskular og universitet vil vere målgruppe. Her vil det bli utarbeidd undervisningsopplegg og aktive nettsider til fagleg hjelp for lærarar og elevar, seier Bjerkestrand som no er mest opptatt av korleis dei nye læreplanane i norskfaget kjem til å bli.

Les også : – For uforpliktande

– Det som blir heilt avgjerande no, er å berge nynorsken sin plass i opplæringa. Det er sterke krefter som vil ta bort den skriftlege sidemålsopplæringa både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Vinn desse fram, vil det vere ei katastrofe for nynorsken. Vi må halde på den skriftlege nynorskopplæringa, og elevane må bli prøvd i faget. Viss ikkje vil den nynorske skriftkulturen sakte døy ut eller bli marginalisert, slår ho fast.

Bjerkestrand meiner også det må tenkjast nytt når det gjeld utvikling av læremiddel, ikkje minst er det ei utfordring at det finst lite i den digitale verda på nynorsk.

– Det må vere krav til – og krava må følgjast opp – at når det vert produsert nynorske læremiddel digitalt, må dei også finnast på nynorsk. Lærebøker skal alltid finnast i begge målformer. Dette vert det synda mot, særleg når det gjeld «små» fag. Ein måte å bøte på dette er å lage lærebøker der bokmål og nynorsk blir brukt i same bok. Då vil alle elevar måtte lese fagstoff på nynorsk. Det trur eg vil hjelpe til når ein skal handtere skriftspråket, seier Mimi Bjerkestrand.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...