Heim Nyhende Diktartavla 2016 til Hanne Bramness

Diktartavla 2016 til Hanne Bramness

Hanne Bramness får Diktartavla 2016 for hennar forfattarskap.

 

Laurdag 11. juni blir det prisutdeling på Hardanger folkemuseum i Utne der diktarstien i tunet får si poetiske steintavle nr. 25.

– Poesien til Bramness er original og tankevekkjande, og me er glade for å kunne heidra ho med Diktartavla 2016, seier dagleg leiar Geir Netland ved Olav H. Hauge-senteret. 

Hanne Bramness er ei markant stemme i norsk samtidslyrikk og har skrive diktbøker både for unge og vaksne lesarar. Bramness har sidan debuten i 1983 gjeve ut til saman 14 diktsamlingar, 17 gjendiktingar og ein ungdomsroman. Ho har òg vore initiativtakar og redaktør for gjendiktingsprosjektet Stemmens kontinent, og har løfta fram diktarar frå landa rundt Nordsjøen. Tematisk har forfattarskapen kretsa rundt det utsette og ordlause, minne og manipulasjon av minne. Ho har alltid vore oppteken av kva som gøymer seg bak det umiddelbart synlege. Bramness les eigne tekstar under tilstellinga. Diktartavla  vert utdelt årleg av Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum.

Konsert med Sudan Dudan

Bandet Sudan Dudan frå Valdres held konsert same kveld. Dei tek utgangspunkt i slåttemusikk, tøyar samstundes rammane for norsk folkemusikk og setter nye standarder for bruk av sang og strengeinstrumenter. Arrangementene minnar ofte om musikk langt utanfor dei nordiske tradisjonane, som amerikansk fjellmusikk og afrikansk ørkenblues.

Bandet starta i 2003 og er samansatt av Marit Karlberg (vokal og langeleik) og Anders Erik Røine (vokal, gitar og munnharpe). Dei platedebuterte i 2006 og i 2013 kom deira hittil siste plate ”Inntil i dag”, som er produsert av Odd Nordstoga.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...