Heim Nyhende Diktarvegen lagt på is

Diktarvegen lagt på is

 

Selskapet Fjordvegen Diktarvegen er lagt på is. No skal ein kartlegge om diktarvegprosjektet er liv laga.

 

Diktarvegprosjektet er lagt sovande enn så lenge, då det ikkje lukkast å finansiera prosjektet. Verken departement eller fylkeskommunane har løvd midlar til prosjeket, trass i forskningsrapporten som viser at dette er eit godt prosjekt, seier Solfrid Borge som er styreleiar i selskapet Fjordvegen Diktarvegen.

Ho meiner organisasjonen har gjort eit tappert forsøk på å få realisert prosjektet utan å lukkast.

– Kanskje har me ikkje vore tydeleg nok i søknadane om midlar til prosjektet. Trur og dei som har vore mottakar av søknadane, ikkje heilt ser for seg koblinga mellom vegmidlar og kulturopplevingar, seier Borge.

– Generalforsamlinga har no bestemt at selskapet vert lagt på is ei stund før me tek endeleg avgjerd om selskapet sin eksistens. Samtidig vil IS Fjordvegen verta aktivisert på nytt, som er ein reindyrka vegselskap. Me hadde stor tru på Diktarvegprosjektet, der ein kunne kombinera opplevingar med vegen. Men slik gjekk det altså ikkje, så no får me ta ein «tenkje-pause».

Styret i LNK eig projektet Diktarvegen og drøfta i sitt siste styremøte om det er grunnlag for vidare drift. Konklusjonen vart at LNK skal ta endeleg stilling til dette på sitt neste styremøte i september.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...