Heim Nyhende – Drastisk for lokalavisene

– Drastisk for lokalavisene

Rune Hetland i LLA er skuffa over framlegget om redusert pressestøtte.

 

– Dette var som frykta og meir drastisk enn vi hadde venta. Lokalavisene opplever at inntektene frå både lesarar og annonsørar er under press. I tillegg er alle aviser midt inne i ei krevjande omstilling, der vi skal nå lesarane på digitale plattformer i tillegg til papiravisa. At produksjonstilskotet blir redusert så kraftig når lokalavisene treng det som mest for å lukkast med omstillinga er svært skuffande, seier generalsekretær Rune Hetland og styreleiar Ståle Melhus i Landslaget for lokalaviser (LLA).

– Nå må vi setje vår lit til at Kristeleg Folkeparti og Venstre kan forhandle bort kuttet, seier Hetland og Melhus. Dei framhevar at rammevilkåra til avisene handlar om regjeringa vil satse på eit mangfald av seriøse ytringskanalar og eit reelt demokrati.

– Lokalavisene er viktigare enn nokon gong. Økonomien i media har ført til at regionavisene trekkjer seg inn mot kjerneområda sine og blir lokalavis der. Dei små lokalavisene er i praksis den einaste fellesarenaen i sine lokalsamfunn for informasjon, eit kritisk blikk på aktuelle saker, debatt og ikkje minst synleggjering av lokal kultur og organisasjonsliv. Gode rammevilkår er avgjerande for at lokalavisene skal kunne løyse sitt viktige samfunnsoppdrag på ein god måte. Her er produksjonstilskotet viktig, men det er også viktig å få ei løysing på momsproblematikken, der lesarane i dag må betale full moms digitalt. Momsfritaket på journalistisk innhald må gjerast plattformnøytralt, og gjelde både for papiravisa og digitalt innhold, seier generalsekretær Rune Hetland og styreleiar Ståle Melhus i LLA.

I Solbergregjeringa sitt budsjettforslag blir det foreslått å redusere produksjonstilskotet med 50 millionar kroner til 281,7 millionar i 2014 – samanlikna med Stoltenbergregjeringa sitt forslag. I tillegg blir det foreslått å trekkje tilbake forslaget om seks millionar kroner for prosjektstøtte til kvalitetsjournalistikk. Det er eit mål å gjere produksjonstilskotet plattformnøytralt frå og med 2014.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...